2023 vart liksom året då retsinavitsinga forsvann, og gresk vin blei mainstream hjå tilfeldige konsumentar fortare enn du kunne sei Thymiopoulos Xinomavro. Entusiastane hadde allereie hamstra Assyrtiko frå Santorino, medan dei eventyrlystne utforska Moschofilero, Liatiko, Kontoura, Roditis, Malagousia og Plyto. Eg har smakt mykje vin frå Hellas etter kvart – både kvit og raud, men lyt medgje at manglande kunnskap om gresk musserande og gresk mytologi er mitt akilleskne – her må boblene testast!
Domaine Karanika
Karanika Cuvée Speciale Extra Brut 2021
Makedonia, Hellas. 90 % Xynomavro (upoda), 10 % Assyrtiko. Handplukka druer, heilklasepressing og spontanfermentering. Sjampanjemetode med handsnudde flasker, eitt år på botnfallet og degorgeringsdato handskrive på etiketten. Så biodynamiske at dei fjernar botnfallet kun medan månen er i ne…
Ekstremt stutt kork overraska under opninga og lét meg stå våt igjen som ein vulgær F1-førar. Overveldande mykje gjær ved første sniff, men dette lufta heldigvis av seg etter eit lite minutt. Gule eple, rørte jordbær, nysprengd tomt – heftig flintstein, og eit tydeleg sursøtt picklespreg. Både klassiske og antroposofiske duftmarkørar – morosam å lukte på.
Full gass frå vinen treff tunga. Raude eple, eplekart og ei heftig sitronsyre. Lang avslutning som gradvis glir frå syrebad til søtlegare sitrondrops.
Uvøren og insisterande, men reine smakar som minna meg meir om Sekt enn Sjampanje. Veldig godt saman med tigerreker med kvitløk og sitron. Gøy syrefest til trehundreogtretti.
Karanika Cuvée Rose Brut 2021
Makedonia, Hellas. 98 % Xynomavro, 2 % Limniona. Handplukka druer, heilklasepressing. Sjampanjemetode, økologisk sertifisering, biodynamiske prinsipp.
Jordbær, hagerose og bringebær. Behagelege duftar, men meir anonym i snuten enn Cuvée Speciale-en.
Umiddelbar bærbombe! Jordbær, rips og bringebær smeller til på tunga. Roar seg i midtpartiet der vinen får selskap av moden pære og litt jordbærsødme, før ei lang og fyldig avslutning med rabarbra, syrleg rips-snert og eit urtebittert stikk.
Meir seriøs og mindre leiken enn førre vin, men samstundes rein og vellaga med meir fylde. Veldig godt til ostepop. Same pris som Extra Brut-en.
Men kva med austkysten av Makedonia, tenkjer du nok no. Er det ikkje antroposofar der også?
Domaine Apostolidi
Apostolidi Bulles des Coteaux
Makedonia, Hellas. 100 % Assyrtiko planta i 2011. Handplukka druer, heilklasepressing, spontanfermentering, sjampanjemetode, 7 månader på gamle fat, 18 månader på botnfallet, ufiltrert. Økologisk sertifisert, biodynamiske prinsipp. Ein femtilapp opp frå dei førre vinane.
Stikkelsbær, bolle i ovnen, mild bålrøyk, blomstereng og steinsopp. Lågmælt men presis – elegante, sjampanjeaktige duftar.
Konsentrert og rein munnkjensle. Gule eple, lime, marsipan og butterdeig. Heftig sitronsyre som overtar og følgjer vinen i ei lang avslutning. Smattar på sitrondrops fleire minuttar mellom slurkane.
Elegant Champagne-mimic med mykje konsentrasjon, energi og eleganse. Veldig godt til hotdog. Smugl denne inn i Extra Brut-smakinga og vinklubben din vil hata deg for evig…
Sky Music – a tribute to Terje Rypdal vol. 1 og 2
Rypdal is a different kind of guitar hero. Hendrix, B.B., Django Reinhard – if they are your heroes, you try to sound like them. Rypdal inspires you to sound like yourself. (Henry Kaiser)
Innimellom er det fint å bli påminna kor mange gitaristar Terje Rypdal har inspirert. Etter eit initiativ frå Henry Kaiser fram mot 70årsdagen i 2017, sat Rune Grammofon saman eit kjerneband – som spelte inn låtane live i studio over 5 dagar – med Ståle Storløkken (Supersilent), Ingebrikt Håker Flaten (The Thing), Gard Nilsen (Puma), Even Helte Hermansen (Bushman´s Revenge) og Hedvig Mollestad. Pluss Raoul Björkenheim (Scorch Trio), Reine Fiske (Dungen) med bidrag frå Motorpsycho og Kaiser sjølv, samt Bill Frisell, Nels Cline (Wilco) og David Torn.
I hendene på Bill Frisell blir Ørnen tankefull og reflektert, medan Nels Cline looper under Erik Friedlander på cello og får fram komponist-Rypdal. Med eit par unntak er det gitarfest resten av platene. Gard og Ingebrikt er verdas stødigaste komp som går, medan resten av røkla har det gøy oppå.
Vol. 2 er bonusplata med ein 19 minuttar lang låt på kvar side, improvisert fram i studio, og for bra til å ikkje bli gjeve ut.
Kjelder:
https://karanika.com/
https://domaineapostolidi.gr/
https://runegrammofon.com/
LP liner notes
Åkko kjekt å lesa!! Og å høyra på. Og å minnast Terje Rypdal trio frå tretti år sidan. Det blei musikk på heimekontoret, noko som eigentleg er haram – særleg ved stigande måne.
Aromaknaggen nysprengd tomt er ny for meg i vinsamanheng, men ganske presist for reduktsjonsaroma heilt på grensa – i alle fall funkar det for oss som sanka fersk skytestreng.
Beste helsing Håkon S
Herlig!
Flashback til 1983 då sosial status var sterkt knytta til storleik på skytestreng-ballen…