Onkel Franc

Sjølv om Cabernet Franc er opphavet til meir berømte Cabernet Sauvignon, så får ikkje drua noko særleg merksemd, og er heller blitt den godt vaksne farbroren som har hatt eit vilt og spanande ungdomsliv, men som no lever anonymt ein stad på landet i Loire.
Eller? Noko ser ut til å endre seg – stadig oftare dukkar det opp positive meldingar og omtalar av Cabernet Franc. Er drua i ferd med å snika seg tilbake i rampelyset?

Ikkje uventa er dei fleste tilgjengelege eindruevinane frå Loire. Forutan dei odde innslaga frå Australia og Libanon kjem eit knippe frå Sør-Amerika, og ein liten koloni i Toscana. Samt California – her har ekteparet Matthiasson laga vinar nærast som ei attåtnæring sidan 2003, og søkjer å finna ein lett og delikat stil.

Matthiasson Napa Valley Cabernet Franc 2020

California, Sambandsstatane. 100 % Cabernet Franc – halvparten i klasar – frå heimegarden i Napa Valley. Fermentering i opne kar, 10 månaders modning i nøytrale fat. Økologiske prinsipp.

Konsentrert og tettpakka duft med blåplomme, lyng, kløver, solbær og salvie. Bringebær ligg som ein pedaltone under og vinn terreng med tid i glaset. Reine og svært behagelege duftar.

Sval og vektlaus munnkjensle. Midtparti med mykje bringe- og kirsebær, mild chili, Cola, eit lite kjørvelbittert urtestikk og eit lite «poff» med røyk. Lang ripsavslutning med ei insisterande syre som liksom aldri slepp heilt.     

Nesten uuthaldeleg lett, men samstundes konsentrert og presis. Paprika er erstatta av mild chili, tanninane er mjuke, og vinen likte seg i lag med villsau-lam, rosmarin og rotgrønsaker. Begeistra, men kanskje ikkje heilt sekshundreogfemti-begeistra…   

Neneh Cherry – The Versions

Når du har vore artist i 40 år og ingen har laga eit tribute-album til deg, så er antakeleg beste strategien å gjera det sjølv. Ei karriere som inneheld punk, rap, jazz og pur pop – ei lita stund på slutten av åttitalet var ho den nye Madonna, i 7 sekund i 1994 var ho verdsmusikkstjerne med Youssou N’Dour, i 2011 hylla ho stefar Don Cherry saman med jazzpunkarane i The Thing, i 2018 klarte ho knapt å halde tilbake korkje sorg eller sinne i Broken Politics.  

I 2022 kom The Versions. Eit slags Greatest Hits utan Neneh Cherry sjølv – men med ei solid samling artistar, både verdsstjerner og handplukka obskure. Buffalo Stance med Robyn og Mapei blir dessverre dinglande i mangel på retning, og manglar sjølvtilliten til originalen. Til gjengjeld vert dei to versjonane av Manchild på plata desto gøyare. Sia gjev litt ekstra gass og lagar intens pop, medan Kelsey Lu hentar fram jazzelementa.

Portishead-aktige Woman blir eterisk med Anohni frå Anohni and The Johnsons, Jamila Woods cosplayer Lauryn Hill,  medan Greentea Peng blir litt mykje. Seinabo Sey gjer ein sabla fin versjon av Kisses on the Wind medan vi latar som Buddy X ikkje eksisterar…

Ikkje overraskande er resultatet ujamt, samstundes er høgdepunkta så bra at plata som heilskap kan tilrådast i samlinga.       

Kjelder:
https://www.matthiasson.com/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia

Leave a Reply