Ramey Rodgers Creek Syrah 2013

Familiebedrift frå 1996 med ein fot som vin-pionerar for det moderne California, og ein fot i fransk tradisjon. David Ramey har fått tilnamnet ‘Professor Chardonnay’, meistrar han også  raude druer?

Ramey Rodgers Creek Syrah 2013

Sonoma Coast, California, Sambandsstatane. 90 % Syrah, 10 % Viognier, plukka samstundes tidleg oktober og fermentert saman. To år på botnfallet i nye franske eikefat.

Mykje som skjer frå nyopna flaske: blåplommer, bjørnebær, blomstereng, blod, skinnjakke, kvit pepar og søtleg krydderskuffe. Litt støvete og uryddig. Med litt tid i glaset samlar duftene seg rundt blåplommer og lakris, og vert riktig så behageleg.

Saftig og samstundes vektlaus munnkjensle, raskt crescendo inn i eit konsentrert midtparti med lagvise blåplommer og morell med litt nykverna pepar bakom. Lang og fyldig avslutning med fin balanse mellom bringebærsyre og kryddersødme. Smattar på plommestein fleire minuttar mellom slurkane. Tanninane bankar på allereie i første glaset, men listar seg rundt i bakgrunnen resten av flaska.

Delikat og insisterande på ein gong. Reine, svært konsentrerte og evigvarande smakar, men med ei florlett munnkjensle. Veldig godt til eit stykke hjort med traktkantarell, men det kjem med ein pris. På åttehundre kroner…

Norah Jones- I Dream Of Christmas

Det krev både mot og sjølvtillit når du slepp di første juleplate med ei blanding av halvparten Irving Berlin, Vince Guaraldi og andre julestandardar, og halvparten eigne, nyskrivne julelåtar. Ei som har lave nok aksler til å sleppa unna med det er nok Norah Jones.

Ho ivaretar miksen av jazzpopdronning og tidleg 70tals singer/songwriter, og anten det er klassikarar som White Christmas og Winter Wonderland eller eigne komposisjonar, så er signaturen veldig tilbakelent, seigfunky og sjølvsikker. Stødige bidrag frå eit kjerneband med Brian Blade (Daniel Lanois) og Tony Scherr (Bill Frisell). Fint tilfang til samtidsjulesongpopulærkatalogen…

Kjelder:
https://www.rameywine.com/
https://www.norahjones.com/

Leave a Reply