Trebbiano Spoletino – obskur druevariant med DOC-status sidan 2011, som berre veks rundt Spoletino og Montefalco i Umbria, og sjølv med mikroskopisk produksjon er det lokal usemje om rett identifisering av drua…
Angelo og Letzia Fongoli – fjerdegenerasjons vindyrkarar med biodynamiske ideal og sideprosjekt med oliventre og grønsaksdyrking. Og trøffel-lund…
Fongoli Trebbiano Spoletino Maceratum 2019
Umbria, Italia. 100 % Trebbiano Spoletino. Handplukka druer. Spontanfermentert i terrakotta-amforaer, to vekers skalkontakt, modning på botnfallet. Ufiltrert og usvovla. Økologisk sertifisert, biodynamiske prinsipp.
Gylden oransje. Aprikos, kløvereng, nyslått gras, honning, te og sursøt pickles. Naturvinsmarkørar, men samstundes elegant og behageleg.
Litt forsiktig anslag. Midtparti med saftig eplesekt, fruktpai og karamell over ein pilsbitter pedaltone, før syra kjem i ei lang avslutning.
Skummelt lettdrikkeleg oransjevin på den moderate naturvinsida, med mykje drikkeglede og ein dempa eleganse. Kompleks nok til å kjennast seriøs – eit lite tanninglefs hjelper til med ryggrad og motstand. Gøy vin.
Espen Horne – The Anatomy Of Serene Eloquence
En kan fort tilgi Espen Horne for å berre gje ut plate kvart 25 år når sluttresultatet er så bra som dette. Musikar, designar, DJen som ga Bergen et sniff av kulturell metropolkjensle med Miles Ahead, og mannen som fekk ‘klubb’ tilbake i jazzklubb med Jassbox-arrangement, der sjøv dei mest ihuga representantane frå jazzpolitiet vart observert dansande.
No er han omsider tilbake med ny plate og nytt musikalsk univers – førestill deg ei verd der Roy Ayers stifta Portishead og Sade for å hylla Bill Evans så er du omtrent der. Svingande og sentimentalt, moderne og klassisk på ein gong – ikkje sidan Madlib gjekk amok i arkivet til Blue Note har jazz vore så morosamt.
Espen Horne & Athletic Unit spelar på Nattjazz 31. mai
Kjelder:
https://www.fongoli.com/
https://www.wine-searcher.com/grape-2199-trebbiano-spoletino