Slava Ukrajini II

Då eg sist skreiv om ukrainsk vin håpte eg nokon etter kvart ville importera den stadeigne drua Telti-Kuruk, og no ser det ut til at eg er bønnhøyrd. Midt mellom Odesa og Mykolaiv – ved Svartehavet, og berre to kilometer frå okkupert område, ligg Beykush Winery som lagar eindruevinar frå både eksotiske og meir populistiske drueslag… Nokre kjelder tyder på at dei også har fått ut 2023-årgangen, andre at dei har måtta evakuera. Vi vonar uansett at dei er trygge.

Beykush Telti Kuruk 2022 (Vinmonopolet)

Mykolaiv, Ukraina. 100 % Telti-Kuruk, ei drue som stort sett berre finns rundt Odesa. Handplukka, fermentering i ståltank, fem månadar på botnfallet.

Pære, nykutta sitrongras og våt stein. Nyslått gras og gule plommer bakom. Reine duftar.

Mjuk og lett oljete munnkjensle. Saftig Granny Smith, grilla sitron, eit bittert urtestikk som glir over i ei lang avslutning med gule eple og grapefrukt.

Vellaga møte med ei ny drue, reine duftar og smakar. Konsentrert og bra lengde, men ikkje allverdas mest spanande vin. Fungerte veldig bra til fish ‘n’ chips.

Avenue Talk – Cry for Mercy

Ser ein vekk frå det som antakeleg er Noregs verste albumcover, så er 1988-plata Cry for Mercy ei gløymd pop-perle frå Bergen – og eit strålande døme på korleis ein i paradigmeskiftet mellom analog og digital tilnærming kunne henta det beste frå begge leire. Diverre for Avenue Talk var det berre plass til eitt Trevor Horn-inspirert band frå vest, og der hadde Tomboy allereie breia seg.

Krystallklar produksjon med snedige detaljar og innovative arrangement, varierte låtar som like gjerne kunne vore frå Art of Noise, Sade eller Alison Moyet, stødig vokal (og fretless) frå Frank Hovland, og intenst saksofongjestespel frå Olav Dale.

Kjelder:
https://beykush.com/en/
https://www.theguardian.com/world/2022/jun/07/ukraine-winery-area-shelled-russia-wins-gold-decanter-wine-awards
https://bergensmagasinet.no/aktuelt/zen-og-kunsten-a-reparere-en-gitar/



Leave a Reply