The Right Tool?

Arizona. Kjent for Grand Canyon, Alice Cooper og kaktus. Og vin?

Dei var i alle fall på gong rundt 1910 før fråhaldsrørsla stakk kjeppar i hjula med totalforbod, noko som medførte at heile industrien kollapsa. Ikkje før rundt 1970 byrja ting å røre på seg att, og i dag har staten rundt hundre produsentar og har fått 3 AVAer (USA sitt svar på AOP/DOC). Likevel er dei kun på 24. plass mellom statane i USA, bak til dømes Minnesota i produksjonsmengde. I Willcox har Tool-vokalist og Caduceus-eigar Maynard James Keenan jobba hardt for å auka statusen til Arizona-vin, og no er første(?) ladning komen til Noreg. Er det rett verktøy eller ørkenblues?

Caduceus Cellars Merkin Vineyards The Diddler 2023

Willcox, Arizona, Sambandsstatane. 90 % Viognier, 10 % Malvasia i følgje etikett. (55/45 i følgje importør). Druer frå Buhl Memorial Vineyard på 1300 meter, kalde netter og varme dagar med 25 gradars temperatursvingningar gjennom døgnet. Våt vinter, frost i april og varmebølgje i juli, men sunn avling seies det…

Dyraste vin eg har hatt med skrukork. Sitron, fersken, kløvereng, våt stein og karamell. Dempa, men reine og behagelege duftar.

Sexylubben munnkjensle. Sylta sitron, svinser innom søtlegare appelsin og bitter grapefrukt og noko blomstrete, før ei lang og fyldig avrunding med aprikos, litt salt, og syre som i siste liten kjem og balanserer avslutninga.

Artig med “ny” region. God vin, som fungerte godt saman med eit stykke kylling,  men forsvarar neppe nesten sekshundre kroner om ikkje favorittplata di er Lateralus…

Richard Wright – Wet Dream

Oppi alt Pink Floyd-kaoset mellom Roger Waters og David Gilmour, var det knapt nokon som fekk med seg at keyboardist Richard Wright vart sparka ut av bandet i 1979, for så å bli tatt inn igjen på scena som innleidd musikar. Året før hadde han sloppe den lett melankolske soloplata Wet Dream – innimellom Animals og The Wall – utan at nokon brydde seg, men som i 2023 vart remiksa av Steven Wilson og lansert på nytt.


Han kunne verkeleg kunsten å dvelande byggje låtar – plata lét meir Pink Floyd enn det til dømes The Final Cut gjer. Wright var mykje meir involvert i Dark Side of the Moon, der han mellom anna skreiv Us and Them og The Great Gig in the Sky, og vokal på Time, og musikken lét ofte som ekstramateriale frå denne plata.

Han syner at han er ein vel så god vokalist som Waters og Gilmour, men det er instrumentalane som verkeleg skin, med intense bidrag frå Snowy White (Thin Lizzy) og Mel Collins (King Crimson), og innimellom musikk som minnar meg om Allan Parsons Project. Ei plate som knapt Pink Floyd-fans fekk med seg, men som fortener eit større publikum…        

Kjelder:
https://caduceus.org/
Diverse Wikipedia



Leave a Reply