Ved foten av Ararat

Armenia er eit av desse eldgamle, fillerista Kaukasus-vegkryssa i historia, forsøkt utsletta av det Ottomanske riket, tvunge saman med Georgia og Aserbajdsjan som Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk, og omsider sjølvstendig stat igjen frå 1991. Oppi fjella prøver vinmakarar å sjonglera 6000 års tradisjon med koko druer og moderne innovasjon etter at Sovjetunionen rota til jordbruket deira. Zorah Voskì var mellom favorittane eg smakte i 2020, men hadde ein pris over 350,- Kan meir budsjettorienterte vinar gje drikkeglede?

GN Winery Van Cat Areni 2018

Aghavnadzor, Armenia. 100 % areni noir – flaggskipet i armensk druedyrking med historikk attende til Moses, minst. Dyrka i vulkansk jordsmonn 1250 meter over havet. Ein månad på skalet, modning i ståltankar.

Søtlege kryddertonar – nellik og muskat møter morell i nyopna flaske. Litt mynteblad. Får selskap av fiol og kirsebær med litt tid. Har snudd ryggen til glaset i eit par minuttar og det er brått eit heilt anna dyr før eg i det heile har fått tatt første slurk. Kirsebær, bringebær, lavendel og hagerose, vekslar mellom pinot noir-assosiasjonar og ditto sangiovese. Lett, men konsentrert – nærast burgundsk – munnkjensle. Kirsebær, morell, jordbær. Etter kvart litt kjøleg eukalyptus med eit forsiktig tanninbitt som byggjer seg langsamt opp. Fyldig og lang avslutning.   

Sjarmerande og vandrande mimic som blindt kunne sendt meg lett forvirra til både Toscana, Burgund og kanskje Sør-Australia. Fungerte bra til eit stykke hjort med sopprisotto. Morosam vin til 190,-

Men, tenkjer du nok no, kva med kangun, den moderne prøverørsdrua frå sovjet-tida, krysning mellom bukholimansky bely og rkatsiteli – i hovudsak brukt i brandyproduksjon, men som med godt stell og kontrollert avkasting kan gje bra kvitvin?

GN Winery Van Cat Kangun 2019

Araratdalen, Armenia. 100 % kangun frå druemark 850 meter over havet. Fermentert i ståltank.

Herbal start – urter og nyslått gras tar mykje plass, før – med litt tid i glaset – pære og moden ananas overtar saman med Granny Smith.

Anonymt anslag med rask crescendo inn i eit konsentrert midtparti med lime og syrleg smågodt. Bra lengde med syrleg lime og ditto grøne eple.

Friskare smak enn duft. Smattar leeenge på lime mellom slurkane Saftig og rein; enkel, men vellaga vin som gjorde ein leskande jobb i møte med tigerreker. Imponerande drikkeglede til under 200-lappen.

Donald Fagen – The Nightfly Live


Eg har alltid strevd litt med The Nightfly – eg syns produksjonen var imponerande, men fann det tidlege digitale lydbiletet for kjøleg, eg klarte ikkje å identifisera meg med 50tals-optimismen i historieforteljinga, og for meg enda det opp som eit enormt godt handverk, men som i liten grad rørte kjenslene mine.

 Dei siste åra har Donald Fagen hatt eit The Steely Dan Band på vegen, og eit av prosjekta i 2019 var ei konsertrekkje der dei spelte The Nightfly i original rekkefølgje. No er det blitt ei live-plate og eit høve å kalibrera meg på nytt.

Ikkje overraskande lét det ganske likt studio-originalen. Lydbiletet er likevel varmare, bandet har ein veldig fin energi og har tydelegvis fått lov å strekka soloane i ei meir jazza r&b-retning. Røysta hans er tynnare, men likevel imponerande frå ein sjølvlært 70-åring med sceneskrekk. Sjarmerande plate frå eit band som høyrest ut som dei har det gøy saman – sjølvsagt med perfekt lyd.  

Kjelder:
https://gnwinery.com/
Diverse wikipedia
Jancis Robinson – Wine Grapes
https://vwfa.am/

Leave a Reply