Château La Tour Carnet 2008

Om nokon ‘fortener’ å bli omtalt som vinmagnat så må det vera Bernard Magrez. I tillegg til Ch La Tour Carnet eig han tre andre grand cru-marker i Bordeaux, fleire eigedomar i andre vinregioner i Frankrike pluss andre stader i Europa, Sør-Amerika og USA. Decanter har han på Topp 30-lista over dei mektigaste vinfolka i verda. Château La Tour Carnet har kjend historikk tilbake til 1100-talet og er mellom dei eldste gardane i Médoc-regionen. Dei første druene vart planta her i 1407.

 

 Château La Tour Carnet 2008

Solbær, kaffibønner, kirsebær og litt nellik på snute. Temmeleg intens frå nyopna flaske. Glir over til blåplommer, skinnjakke og litt skogssoppaktig preg med tid i glaset. Rundar etter kvart av med rulletobakk og mørk sjokolade. Fin og delikat.

Fint anslag med modne plommer, kirsebær, litt grønne urter. Vert litt spinkel i midtpartiet, men har med seg reine smakar, fin frukt og eit litt toasta krydderpreg utan at eg reagerer på eikebruken.  Fin og lang rips-syre til slutt. Fin og «riktig» Bordeaux utan det heilt store særpreget.

 

Nick Cave and The Bad Seeds – Lovely Creatures

«This release is designed to be a way into three decades of music making. That’s a lot of songs. The songs we have chosen are the ones that have stuck around, for whatever reason. Some songs are those that demand to be played live. Others are lesser songs that are personal favourites of ours. Others are just too big and have too much history to leave out.»

For meg som er veldig klar over at Nick Cave gøymer eit skattkammer av musikk og lyrikk bak Stagger Lee og duettar med Kylie Minogue – men ikkje har evna å utforska musikken hans – så er eit gunstig prisa trippelalbum der sjefen sjølv har stått for utvalet heilt perfekt.

Musikken strekk seg over tretti år – pussig nok er det ikkje kronologisk, her sprett vi mellom postpønk, Elvis Costello-aktig nyveiv, såre pianoballader, endå sårare murder ballads og Cavesk historieforteljing etter kvart som han vert meir litterær i stilen – sånn sett er det neppe nokon andre som kan starta verdas vakraste kjærleikserklæring med «I don’t believe in an interventionist God…».

Ein super oversikt som er ute i fleire format, mellom anna ein deluxe-variant med ekstramateriale både på cd og på ein to timar lang dvd fylt med intervju og konsertopptak; og ein super-deluxe med bok i tillegg.

 

Kjelder:
http://www.bernard-magrez.com
www.nickcave.com
Diverse wikipedia

Leave a Reply