Sjølv med druemarker under press frå turistindustrien har Madeira plass til meir enn berre sterkvin. Via mastodonten Madeira Wine Company som står for vel halvparten av produksjonen på Atlanterhavsøya, og litt meir artisanale Companhia de Vinhos Profetas e Villões kom det inn nokre “vanlege” vinar på siste slepp. Vi prøver…
Atlantis Verdelho 2021
Madeira, Portugal. 100 % Verdelho. Halvanna døgns skalkontakt, modning i ståltank. 12000 flasker produsert.
Kvass lime, flintstein, bivoks og – med litt tid i glaset – tropisk nektar. Enkle, men behagelege duftar.
Forsiktig anslag, rask crescendo inn i eit Granny Smith-syrleg midtparti, på grensa til eplekart. Vinn fylde med milde, grøne urter før ei limesyrleg avslutning med solid lengde. Smattar på sitrondrops mellom slurkane.
Velsmakande, sjarmerande og upretensiøs sumarvin. Anvendeleg til mat, fungerte godt både til grilla sjøkreps og são jorge-ost. Leskande og lett til 225,-
-Men, tenkjer du nok no. –Kan han skriva om svakvin frå Madeira utan å ha med noko om Tinta Negra, drua som er i ferd med å ta over øya?
Tinta Negra dos Villões 2021
Madeira, Portugal. 100 % Negramoll (eller Saborinho eller Molar eller Tinta Negra om du vil) frå 40 år gamle stokkar. Handplukka druer, 30 % i heile klaser. Spontangjæring, 40 dagar på skalet, 8 månader i franske eikefat. Flaske 3196 av 7398…
Sursøte jordbær, kirsebær og kirsebærstein. Litt grøne urter bakom. Pinot Noir-aktig – klokkereine duftar, behageleg å sniffe på.
Lett munnkjensle, frisk og syrleg. Diskret eleganse i midtpartiet – jordbær og kirsebær i forsiktig dans med kvarandre før morell tar over med litt kraftigare ryggrad. Anstendig lengde med søtleg jordbær og syrleg kirsebær i fin balanse. Tanniner lister seg rundt frå tredje glaset, men forblir mjuke og vert ikkje påtrengjande. Fungerte såvidt til eit stykke hjort, antakeleg betre til lysare kjøt.
Smugl denne inn på Pinot-Noir-under-500-kvelden, og vinklubben din vil hata deg evig. Reine duftar og smakar; lågmælt, men samstundes tydeleg vin med ein slags vibrerande energi bakom. Skeptisk til prisen då eg kjøpte flaska, men i ferd med å bli overtydd om at vinen er verd sine 360,- Berre 11,5 % alkohol i ein så frisk vin er bonus…
Bob James: Once Upon a Time: The Lost 1965 New York Studio Sessions
Oppdaga av Quincy Jones, bandleiar i Fourplay, hip hop-premissleverandør gjennom å bli sampla av alle frå Beastie Boys til Run-DMC til Ghostface Killah, sjølv melodien på Eple frå Röyksopp er henta frå ei Bob James-plate.
Tenk at Bob James – smoothjazzens gudfar – hadde ei fortid som frijazzpianist på tidleg sekstital! Det vil sei, i 2020 dukka det opp ei 1965-innspeling der han senka avantgarden litt og ga rom til meir melodisk trio-jazz.
To trioar deler kvar si plateside med ekstremt forskjellig musikk, spelt inn i 1965 med ni månadars mellomrom. Side 1 med bassist Larry Rockwell og trommeslagar Robert Pozar startar bebop-melodisk med henrykte rop og livestemning mellom musikarane, men blir særare og særare. Den i utgangspunktet vakre Joe Zawinul-låta Lateef Minor 7th blir dekonstruert i fillebitar, medan sjølvskrivne Variations set vakker melodi i pianoet til bisarre effektar i kompet. Spanande musikk, ikkje heilt venta frå han som skreiv Angela for Taxi Driver-serien.
Ni månadar seinare var det attende til same Steinway-flygel, denne gong med Bill Wood på bass og Omar Clay på trommer. No er det meir rett-fram-jazz: Sonny Rollins – Airegin og Miles Davis – Solar er herleg hard-bop med modige løp og modne detaljar frå ein 25-åring. Storbandballaden Indian Summer fungerer nydeleg – nesten impresjonistisk – i trioformat, før det sluttar med ein ni minuttar lang blues. Kul plate.
Kjelder:
Platecover – liner notes
Diverse Wikipedia
Oz Clarke / Margaret Rand – Druer og viner
https://www.madeirawinecompany.com/
https://www.antoniomacanita.com/pt/adegas/fitapreta