Vini d’Ischia Biancolella

Stakkars Ischia. Med strategisk plassering utanfor Napoli, har den vesle øya vore mobbeoffer for små og store makter gjennom nokre tusen år, i tillegg til vulkanutbrot og generell piratverksemd. Byta mot Capri av Keiser Augustus, teken av herulerane, så av austgotarar, så av romarane igjen, så arabarar, tyskarar, normannarar, pisanarar, franskmenn, engelskmenn og ein heil del andre i ymse rekkefølgje.

I moderne tid er Ischia gått frå kjendisadel- og ditto kunstnarøy til gigantisk spa-turisme. Likevel er det plass til ein DOC of the bay eller sju frå øya som romerane kalla vinland, og som har laga vin sidan 700 år før vår tidsrekning, antakeleg lenger. Innimellom obskure druer finn vi biancolella – på fastlandet mykje brukt i fleirdruevinar, men som på Ischia får skine heilt åleine:      

Cenatiempo Ischia Biancolella 2021

Ischia, Campania. 100 % biancolella, hausta frå mindre parsellar rundtom på øya. Gjæring i sementtankar, to månadar på botnfallet. Minst mogleg svovling.

Søtlege eple, sylta sitron, honningmelon og smågodtfersken. Enkle, men behagelege duftar.

Lett oljete munnkjensle, moden pære og papaya. Litt honningsødme, litt mandel. Fyldig sitron som får ein saltsyrleg snert i ei lang avslutning, saman med eit småbittert urtepreg.

Enkle, men klokkereine duftar og smakar. Frisk og leskande vin som både fungerte godt åleine og til ei skive med røykt aure.    

Mick Jagger – Wandering Spirit

“I was very relaxed about this record. No overall atmosphere of hostility. The rest of the Stones had all made solo LP’s. Charlie made his Charlie Parker album. Keith made his second solo album and Ronnie made a record. Even Bill made a record. […] I’ve done many musical styles at one time or another, successfully or not. I’ve just never done them on one record. It can be slightly worrying, if it flies in too many directions.  I guess a solo album is my chance to express some other musical thing. With a solo album you can do a folk song with just a fiddle if you want, because no one’s going to say anything.”

Ikkje meir avslappa enn at Jagger henta inn fersk wonderboyprodusent Rick Rubin som nettopp hadde gjort superstjerner av Red Hot Chili Peppers, til noko som vart eit veldig rart rockealbum. Her er r&b, gospel, power ballads, her er country, rockabilly, og til og med ein shanty.

La deg endeleg lulla inn i opningslåta Wired All Night, som like gjerne kunne vore Stones, men så kjem Sweet Thing som kunne vore ein INXS-singel, gospel med Out of Focus, cover av Use Me (Bill Withers) med Lenny Kravitz og Flea som gjestar, nokre balladar av ymse kvalitet før albumet vert avslutta med shantyen Handsome Molly. Er du budd på eit album som sprikar i alle retningar, så står dette seg framleis med sterke låtar og knall lyd!

Kjelder:
Diverse wikipedia
http://www.cenatiempovinidischia.it/
http://www.mickjagger.com/home

Leave a Reply