Vino di Anna Rosso 2011

Vin:

Vino di Anna Rosso 2011

Verdsvin frå Sicilia. Fruen er ønologistudent frå Australia, ektemaken er franskmann med jobb-base i London og står bak vinbaren Terroirs. Saman har dei laga vin på nordsida av Etna sidan 2010. Vinen er økologisk med villgjær, ufiltrert, utan tilsetningsstoff. I henhold til Ove Svendsens reglar for “Hvordan gjenkjenne en naturvinprodusent”, tar eg det for gitt at borna deira har designa etiketten.

Dekantert med varsemd (mykje “rusk”), lufta i tre timar.

Kompleks snute; blåbær, mineraler, hengt rått kjøt, nellik, søtlege kryddertoner, med tid sjokolade og kaffibønner.

Saftig smak, med raude bær og voldsom syre, dabber litt av etterkvart. Lukt lover meir enn smak og vinen blir litt puslete. Er etter snart fem timer i karaffel i ferd med å stramma seg opp frå bær til lær.
Kul vin, saknar litt konsentrasjon, men sto seg godt til grilla entrecote.

Vinyl:

Steve Vai’s Flexable

Steve Vai sin solodebut. Demobasert og heimelaga, men god lyd og mastering. Har eit meir humoristisk og arrangert preg enn seinare gitarteknikkfetisjisme i katalogen.

Tydeleg inspirert av Frank Zappa og Joe Satriani – og for all del – det er nok av “impossible strat parts” på plata, men mest vekt på melodi og komposisjon – der høgdepunktet Salamanders In The Sun kunne vore ein Zappa-instrumental, Lovers Are Crazy har eit pop-potensiale, medan UFO-pastisjen Little Green Men bør få fram eit flir eller to…

Ein tanke på “Vino di Anna Rosso 2011

Leave a Reply