Casa Rojo The Orange Republic Godello Valdeorras 2015

 

Casa Rojo The Orange Republic Godello Valdeorras 2015

Casa Rojo har skaffa seg drueland sju stader i heile Spania – intensjonen er å visa fram det autentiske distriktpreget  frå jord og drue, og å distansera seg frå det industrielle ryktet spansk vin dessverre har fått enkelte stader.


Oppe i Galicia lagar dei The Orange Republic – basert på etiketten trudde eg dette skulle vere ein sær naturvin, men nei – på godello-drua kjem det ein mjuk ferskenprega vin med skifermineralitet og silkelett smak. Aprikos, stein, pære, appelsin og tutti frutti på snute. Smak følgjer duftane tett, men med litt preg av syntetisk smågodt. Forøvrig konsentrerte og reine smakar men eg sakner litt syre i avslutninga.

God vin sjølv om det ikkje heilt er min stil, gøy å smaka (for meg) ei ny drue, og spanande konsept frå produsenten, men til nesten 300 kroner hadde eg venta meg meir frå denne flaska.

 

Bill Frisell – Good Dog, Happy Man

p1030846

Bill Frisell er noko så sjeldan som ein sentimental melodikar i moderne jazz, som evnar å sjå bakover og framover samstundes. At han via Pat Metheny endte som «husgitarist» hjå ECM på åttitalet er neppe overraskande – mellom anna finn du han på både Jan Garbarek- og Arild Andersenplater – men han trivdes også i punkjazzen til John Zorn som medlem av Naked City.

Utover nittitalet byrja han å snusa på amerikanske komponistar og låtskrivarar for å laga sine eigne variantar – Seriøst, kven andre gjev ut Aaron Copland, Charles Ives og Madonna på same plate som han gjorde på Have A Little Faith? – for så å gå fullstendig Americana (Country ‘n’ Western for folk som ikkje innrømmer dei likar Country ‘n’ Western) med Nashville og etter kvart Good Dog Happy Man i 1999.

Dei siste åra har han covra John Lennon, samt prøvd å visa høgdepunkta frå Fender Telecaster si musikkhistorie. Eg har vore heldig som har sett han live nokre gongar. På scena framstår han som ein beskjeden – nesten introvert –  mann som verkar genuint glad for at nokon er der og høyrer på. Forøvrig er han nær venn av Gary Larson…

p1030843

Nonesuch har trykt opp dobbelplata på ny, med seg har han mellom anna  Greg Leisz (Eric Clapton, Bruce Springsteen, Joni Mitchell, etc…), Viktor Krauss (Harry Connick jr, Allison Krauss), Jim Keltner (Bob Dylan, Traveling Wilburys og stort sett alle du har høyrd om…)pluss Ry Cooder som gjest.

I eit kokett forsøk på å skapa eit overblikk, kan platene kanskje beskrivast som ein jamsession med countrymusikarar på ein jazzklubb, men det skjer også så mykje meir – under melodiane glir det gitarlooper og baklengs gitar i miksen – hugs at dette er 1999 før alle hadde loop-pedaler – noko som gjev smakfull tekstur til songane og lar produsent Lee Townsend bidra musikalsk.

Side1 startar herleg melodisk før ein western-funk med hammondorgel og banjo skaper fullstendig sjangerkaos og sjangerkos. Det heile einast i My Buffalo Girl der Frisell sjølv, Greg Leisz på steelgitar og Horvitz på minimalistorgel avsluttar førstesida ved å gli ut og inn av vidunderleg vakre melodiskisser før dei einast på kvart refreng.

Side 2 startar med besøk frå Ry Cooder på ein nydeleg versjon av Oh Shenandoah,  før det heile får eit mystisk bluespreg i Cadillac 1959 som etter kvart blir ein blanding av rockesolo og marsj, noko som underleg nok kler kvarandre godt.

p1030849

 

Cold, Cold Ground opnar side 3 og framstår mest som eit soundtrack til Jake And The Fatman før det heile glir over i ein litt retningslaus jam…  Ditto That Was Then, men med eit meir pop-preg. Der dei første to sidene på plata ga oss mykje melodi er vi no over i prosessane og eksperimenteringa som leier fram til det endelege resultatet – ikkje like umiddelbart, men likevel spanande å følgje med. For all del: det er framleis veldig melodisk og vakkert.

Side 4 startar litt atmosfærisk Ry Cooder-aktig før melodien tar kommando og harmonikken røper jazzbakgrunnen til Frisell. Tittellåta Good Dog, Happy Man er vakker bluesfolk der Leisz doblar gitarlinjene til Frisell med bottleneck medan siste låt er så Bill Frisell at det nesten blir ein klisje i seg sjølv.

Sjølv om dette er eit flott og vakkert album, så er eg usikker på om det er eit godt startpunkt til musikken hans – Have A Little Faith er meir utfordrande for dei som vil ha motstand i musikken, All We Are Saying eller When You Wish Upon A Star for dei som vil rett i melodiane. Samstundes er dette nydeleg musikk, det seier kanskje noko om den jamne kvaliteten frå Bill Frisell dei siste 30 åra…

p1030848

 

Ein tanke på “Casa Rojo The Orange Republic Godello Valdeorras 2015

Leave a Reply