Ch Musar 2004

Ch Musar 2004

 Igjen skal de bo i hans skygge,
de skal dyrke korn
og blomstre som vinstokken.
Hans navn skal bli som vinen fra Libanon. (Hosea 14.8)

P1040132

Cabernet Sauvignon 34%, Carignan 33%, Cinsault 33%

Raudt epleskrell, lakris, Petterøes 3, skinnjakke, mahogni, tørka frukt, kompleks, Musar-aktig snute.

P1040134

Smakar modne plommer og julekrydder og te, litt veikt midtparti, saknar konsentrasjon; lang og syrleg avslutning med mykje rips. Fungerer veldig bra til hjortekjøt med skogssopp.

P1040143

Tilgjengeleg på halvflaske frå Nøtterøy til Tromsø til under 200 – eller i nettbutikk.

 

Highasakite – Camp Echo

Når Ingvild Helene Håvik snerrer «Someone who’ll get it» til meg så kjenner eg meg råka. Førre plate, Silent Treatment, traff meg aldri heilt, sjølv med Spellemannspris og alt mogleg – i staden hadde eg meir glede av å lytta til Pelbo, til Machine Birds, til Cakewalk og Your Headlights Are On –  heller enn sluttresultatet for ei heil rekkje jazzmusikarar som har oppsøkt popestetikken. Med eit mørkare og iskaldt Camp Echo – førestill deg Pet Shop Boys midt i eit angstanfall – fell brikkene meir på plass for meg. Her er  desperasjonen utapå – «My name is liar» er deilig intens, det same er «Samurai swords». «Someone who’ll get it» lét 80-tals og moderne på ein gong – og som ein superhit uansett tidspunkt, medan «My mind…» treff meg tekstleg, men ikkje musikalsk. «God don’t leave me» avsluttar side 1 like sårbar som eg-personen – og er noko av det vakraste eg har høyrd på lenge…

P1040146

Side 2 tar rennefart inn i «I am my own disease» som lét meir catchy enn den sjølvbebreidande teksten tyder på, «Golden Ticket» er stødig popestetikk, medan «Deep Sea Diver» treff meg tekstleg, men ikkje musikalsk. «Chernobyl» framstår som monumental og sårbar på ein gong – og avsluttar ei lp-side der eg kjenner meg fillerista.

Eksentrisk og detaljert pop der den musikalske stemninga gjerne kolliderer med dyster tematikk utan at det gjer noko.

 

 

P1040126

2 tankar på “Ch Musar 2004

Leave a Reply