VILLA JOB UNTITLED

I am 34 years old and I have decided to make wine for love

Alessandro, du legg lista høgt. Du styrter inn i vinverda med mykje sjølvtillit når du døyper vinen din «Untitled», eit kunstverk så unikt at namn ikkje er naudsynt… Antroposofvin, familiegard, biodynamisk drift, manuell hausting, villgjær, spontanfermentert, naturleg stabilisering, økologiske druer, ansatte som klapper små pelsdyr på hovudet med eit venleg ord, the works…

A bottle of wine can and must contain culture

Tocai  is  identified markedly with the territory of origin, and it presents changing depending on who is born from the sandy soils of the plains, from marl and sandstone of the hill, or from hot ones, to gravel matrix of Isonzo.

To express even more our terroir and the biological work done in the cellar, we try to never filter it and even stabilize it.

Tocai Friulano er ganske riktig ei lokal drue, men – og her blir det fort meir kaotisk enn eit Venstre-landsmøte – drua er andre stader kjend som sauvignon vert, som igjen er eit anna namn på sauvignonasse som igjen (spesielt i Chile) er blitt forveksla med sauvignon blanc. Skal vi heller smaka vin?

VILLA JOB UNTITLED

Svakt parfymert blomsterduft, grønne eple og mykje stein frå nyopna flaske. Etter ein time på karaffel er blomsterdufta tydeligare og har fått selskap av modne tropiske toner og eit karamellisert smørbukk-preg.

Intenst anslag med mykje sitron, fleskete og feit munnkjensle, fyldig frukt og tropisk søt frukt saman med litt treverk i midtpartiet – akkurat innafor for meg som knapt kan gå på parkett utan å kjenna eikesmak… Lang avslutning med mykje frukt utan å kjennast påfallande syrleg, sjølv om sitronsmaken og litt bitre urter kjem med luft og tid.

Kul og ærleg vin med reine smakar – fyldig nok til å takla lyst kjøt og spekemat, så vel som kraftige fiskerettar.

STEINAR RAKNES – STILLHOUSE

Stillhouse er eit av favorittalbuma mine dei siste åra, så det er på høg tid at plata får ein eigen artikkel.

Urban Connection
Eg trudde eg hadde plassert Steinar Raknes som ein virtuos monsterbassist med smedfingrer – meir enn ein gong har eg sete nervøs på The Core- eller Urban Connection-konsert og venta på at enten kontrabassen frå 1780 eller fingerledd skulle få varige skader. Utover 2000-talet endra fokus seg til eit meir dempa uttrykk, det vart ‘tango, balladar & meir’ i eige band og  duosamarbeid med Inga Juuso før han gjekk full americana med vokal-og-kontrabass-albumet Stillhouse i 2012.

Urban Connection

Djupe basstonar og klasking av strengar mot treverk fyrer av plata med Killing The Blues, ein duett med Solveig Slettahjell som i all sin lågmælte energiutlading er mange gonger betre enn versjonen til Alison Krauss/Robert Plant  og framstår som essensen av meisterverket til Rowlan Salley. Legg til gjestemunnspel frå Willie Nelson-veteran Mickey Raphael, og forventninga (og fallhøgda) til resten av plata er skyhøgt. Forøvrig er låta perfekt til kalibrering av høgtalarplassering for musikkanlegget.

You want me to find what I’ve already had.

Låt nummer to er ein langsam og melankolsk variant av Tear My Stillhouse Down (roll credits) , opprinneleg mykje meir up-beat og køntry frå Gillian Welch.
I’m On Fire kjem i travelt kontrabass og nakent vokal-arrangement – tankane uroar seg uvegerleg for senebetennelse, medan ei ganske kjøleg framføring av Bruce Springsteen sin tekst gjev ekstra fokus på innhaldet – ein teknikk (og kanskje også fordi Raknes syng i eit lavt register) som minner om Stephin Merritt frå The Magnetic Fields. Kiss av Prince får same behandling, men tilfører lite nytt.

It seems our love was destined to be caught in other nets
But the love I feel for you I’d chance again without regrets.

Jerry Jeff Walker koketterer ofte med at han hadde gløymd at han skreiv verdas vakraste kjærleikssong Morning Song For Sally før han høyrde Nanci Griffith gjera sin versjon. Steinar Raknes og Kaja Bremnes lagar ein veldig vakker og litt meir up-beat variant med heftig kontrabassakrobatikk som følgjesven.
Memories Of Her – første sjølvskrivne song – startar side to. Nydeleg kombinasjon av melodisk basspel og djup sakn i teksten før Twilight (The Band) i duett med Unni Wilhelmsen framstår som ein av dei vakraste låtane på plata. Steinar Raknes tar med seg melankolien i sin eigne Time To Go – trist og catchy på ein gong, medan han verkar skeptisk – nesten mistenksam – når han tolkar Joni Mitchell si Woodstock. To sjølvskrivne låtar avsluttar plata: Down The Drain er eit bluesete friminutt med tulletekst, medan Walkin’ avsluttar optimistisk og oppmuntrande.
Om du heller går for cden får du i tillegg med Corrina, Corrina (Bob Dylan), Sitting On Top Of The World (Mississippi Sheiks) og Speed of the Sound of Loneliness (John Prine).

   P1040238

 

Kjelder:

Home


Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner

Leave a Reply