BÉNARD-PITOIS BRUT RÉSERVE

BÉNARD-PITOIS BRUT RÉSERVE

I 1878 starta Bénard-Pitoisfamilien sjampanjeproduksjon. Som tredjegenerasjon har Michelle og Laurent drive garden sidan 1991, ikkje minst med å få godkjent parsellane som økologiske, ein prosess som framleis pågår.

Tiltalande duft av raude eple, ein solfylt dag i skjergarden (minus diesel), og nybakt brød. Med tid litt honning og tørka frukt.

Fyldig munnkjensle samstundes som syra reiser på førsteklasse. Som å bita inn i eit saftig, raudt eple. Fin frukt i midtpartiet, litt sødme, meir eple. Litt kantete overgang til avslutninga før opplevinga av rein sitron skapar ein lang avslutning.

P1040295

Reine smakar til knapt over trehundrelappen – eit kupp for syrefreaker!

Tilgjengeleg i BU og rundtom 50 pol frå Kristiansand til Tromsø.

 

ANN PEEBLES – I CAN’T STAND THE RAIN

At Ann Peebles ikkje har superstjernestatus er kort sagt skandaløst! Med sine ’99 pounds of goodness, 99 pounds of soul’ har baptistdottera  frå East St Louis skrive og framførd låter som «I can’t stand the rain» (Jepp, den med Tina Turner), og «I’m gonna tear your playhouse down» (Jepp, den med Paul Young). John Lennon rekna denne plata som ei av sine absolutte favorittar…

I can’t stand the rain
Against my window
Bringing back sweet memories

Saman med Stax Records sto Hi Records som representantar for The Memphis Soul – der Ann Peebles delte label og musikarar med Al Green, og seng med huskomponisten Donald Bryant. Saman skreiv dei nokre av dei største hitane for plateselskapet.

P1040299

Som vokalist har ho ei unik rå honningrøyst – på eit sekund kan ho gå frå eit forsiktig, transparent leie, til så hard og hemngjerrig at du kjenner kulden i rommet. Vokalen er både intens og full av kjensler, men heile vegen kjennes det ut som ho heldt tilbake og har meir å gå på. Uansett om det er knuste hjarter, kjærleik som ser ut til å gå bra, kjærleik som ser ut til å gå bra men ikkje gjer det, eller legitim hemn, så skaper  ho tolkingar med eigen kraft innafrå.

I don’t know if I’m ready for the love you want to give
I need something in my life to make me want to live

 Som tidlegare nemnt delte ho musikarar med Al Green og Otis Clay; verd å gje ekstra merksemd er The Memphis Horns – blåserane jobba for både Stax og Hi og etter kvart fekk the greatest soul horn section ever oppdrag med Sting og Peter Gabriel. Der til dømes The Phenix Horns – hornseksjonen til Earth, Wind & Fire og Phil Collins – er innimellom i overkant aggressive, er The Memphis Horns like presise, men høyrest samstundes ut som dei har det ganske laidback med Harvey Wallbangers i komfortable lenestolar under innspelinga.

Neither one of us played the game by the rules
I was too busy being tough and you were too busy being cool

Enkelt, skarpt, nokre gonger ekstremt presist sjølv gjennom enkle rim, andre gonger … korreksjon…  som oftast med ein bittersøt slutt. Unikt album frå ein unik artist som fortener eit digert publikum.

I tillegg er «Fat Possum Records» verdas tøffaste labelnamn…

IMG_20170410_214159838

3 tankar på “BÉNARD-PITOIS BRUT RÉSERVE

Leave a Reply