Tour de France 2017–19. etappe–Leoube is in the air

P1050255

Trass vakre landskap med bølgjande lavendel har Provence hatt sin del dramatikk under Touren – dødsfall (Tom Simpson i 1967), kollaps (samanlagtvinnar i 1970 Eddy Merckx besvimte og måtte ha oksygen etter etappen), medan fjorårsruta opp berykta Mont Ventoux måtte kortast inn grunna sterk vind på toppen, og er også hugsa for Chris Froome sin kollisjon med ein motorsykkel, der Froome jogga oppover bakkane nokre hundre meter til han fekk tak i ny sykkel.

Sjølv om dette er er den lengste etappen i Tour de France 2017, er det ikkje venta noko slik dramatikk i dag. Ein par 3. kategori-stigningar i første del kan freista opportunistar med krefter igjen i beina, men løypeprofilen favoriserer nok normalt hovudfeltet. Undervegs passerer syklistane Pierrevert før dei trillar inn i Coteaux d’Aix-en-Provence.
Nattverden derimot, skal i dag utfordra eigne fordommar, ikkje lårmusklar – og rullar i staden ut til kysten for å finna ein vin der kun rosafargen (og knapt nok den) er typisk for regionen…

«Terrible poisons, and never sold at a good price.» (Martial, 98 e.kr.)

Fordommane mot vinar frå Provence har eksistert i snart 2000 år. Med rosa bobler i jålete flaske med hjarte på til nesten 300 kroner, ein vin laga av hundre prosent Cabernet Franc, og som som attpåtil er favoritten til Jeremy Clarkson, er det ikkje fritt for at eg stiller meg potensielt solidarisk med Martial. Vi får sjå…

P1050250

Ch. Léoube Sparkling de Léoube

Bokstavleg talt eit steinkast frå Middelhavet nyt Chateau Léoube godt av solrike dagar og kjøleg sjøbris om natta. Her har Romaine Ott fått frie hender til å laga eit økologisk og back-to-basic regime, der det meste arbeidet blir utførd manuelt.

Løkskalgul farge med ørlite rosa skjær… Nybakt brød og nektarin på snute. Litt honning, toast og appelsinskal med tid i glaset. Tiltalande og delikat duft.

Kraftig anslag med saftig nektarin, litt uryddig og kaotisk midtparti med mykje frukt – roer seg etter kvart med pære og grapefrukt – som glir over i lange og syrlege appelsintoner. Frisk ettersmak.

P1050246

Ein liten musikalsk bonus for dei med stor lommebok: Kraftwerk er ute med den heilage gralen av samlebokser: alle platene deira innspelt live på nytt – mellom anna opptak frå konserten i Oslo i 2016 – og kan by på fire ulike miksar av Tour de France. Tilgjengeleg i ymse format og prisklassar – luksusvarianten har over 7 timar musikk…

kraftwerk-3d

 

 

 

 

2 tankar på “Tour de France 2017–19. etappe–Leoube is in the air

Leave a Reply