Gemtree Bloodstone Shiraz 2016

 

Gemtree Bloodstone Shiraz 2016

Antipodane leikar ikkje berekraft. På deler av eigedomen i McLaren Vale (Vi er nokre mil sør for Adelaide i søraustralia, der klimaet er ganske middelhavsk) bestemte dei seg for å tilbakeføra kulturlandskapet til eit meir opprinneleg våtmarksområde – saman med Greening Australia har Gemtree planta ut over 50 000 opprinnelege vekster noko som har skapt ein tilfluktsstad for amfibier og fugl. Sjølv meiner dei at auka biodiversitet, mindre erosjon og auke av pollinatorar gjer at dei lagar betre vin. I vinmarkane går det sauer som knasker ugras, slik at dei visstnok slepp å sprøyte…

For ekteparet og biodynamisk duo Mike og Melissa Brown er det heile typisk den nye generasjonen av winemakers frå Australia – manuell plukking av druer, ditto sortering. Spontangjæring i opne tankar og lang skalkontakt, ufiltrert og så lite svovel som mogleg.

Blåplommer, morell og nellik på snute. Antydning til jordbær og eit litt sursøtt stikk som ikkje blir plagsomt – med litt tid i glaset dufter vinen balansert og delikat.

Juicy og friskt smaksanslag med blåplommer – røffe tanniner, dette er ingen kosevin, men treng kjellartid eller eit stykke raudt kjøt. Litt tid gjev søtleg plommepreg i midtpartiet, fin, krydra avslutning.

Høg Aardman Animation-faktor på baketiketten…

Super matvin, utan å vera så veldig spanande – fungerte fint til første stykket av årets hjort. Uansett eit kjempekjøp til 175,- i basis.

 

Kjelder:

https://gemtreewines.com

 

Leave a Reply