VALknask 2017: VALpolicella og VALrhona

Ja, de bokmålsbrukarar som les bloggen får berre bere over med nynorske ordspel som ikkje fungerer like bra på riksmål. Somme tider er det hin vegen.

Det er valdag, og vi kan vere stolte og glade over eit keisamt, men velfungerande demokrati. Det er difor på sin plass med eit velvald glas vellagra Valpolicella og litt akkompagnement frå Rhônedalens beste sjokoladefabrikk, Valrhona.

Recioto della Valpolicella ligg innanfor Valpolicella DOC og fekk i 2009 sin eigen DOCG. Druemiksen hovudsakleg Corvina, med Corvinone, Rondinella og Molinara. No er det også lov å bruke opp til 25% internasjonale populære druesortar. Kom igjen, Italia! Kvar med æreskodeksen?! Hald på dine eigne greier, då vel!  Nuvel, etter hausting vert druene tørka i temperatur- og luftfuktigheitskontrollerte rom. Dei må tørke fram til 1. desember. Minimum alkohol i ferdig vin er 12% og minimumsnivå av restsukker er 50 g/l. Recioto kjem av orrechio, øyre. Det var i eldre tider dei ytterste druene på klasen, dei som fekk mest sol, som vart nytta til denne søte øyrevinen.

Stefano Accordini er eit lite familiebruk med 4 hektar vinmarker, og held til i Negrar i Valopolicella Classico-området i Veneto. Det er fjerde generasjon som driv no, og det var ein vanskeleg start, då fyrste generasjon Gaetano Accordini kjøpte sine fyrste åkerlappar på starten av 1900-talet. Fram til 70-talet var det lite pengar i drifta og vinen vart seld lokalt. I 1980 vart den fyrste Amarone produsert og i 1999 vart det kjøpt nye vinmarker utanfor byen Cavalo. No er det årgang 2015 som er i sal, men eg tippar druemiksen er ganske lik for denne 15 år gamle varianten. 75% Corvina, 20% Rondinella og 5 Molinara. Gjæra på stål, fire månader på brukte barrique, og sidan 20 månader ståltank før tapping. 2015-utgåva har 135 g/l restsukker.

Acinatico Recioto della Valpolicella Classico 2002, Stefano Accordini

Vinen har noko utvikla mørk og tett raudfarge med lillaskjær. Ikkje ulikt ein LBV portvin. God lukt av søte og sure bær. Her er det plommesyltetøy og sylta kirsebær i lange baner. I munnen er vinen søt og middels fyldig, med kirsebær, plommer og sjokolade. Litt varm frukt. Litt låg syre, men ein kledeleg tanninsnert og litt bitterheit i ettersmaken reddar heilskapen. Er det verd å lagra Recioto? Basert på denne, trur eg ungdommeleg revolusjonsvilje er meir spanande enn konservativ aldrande servilitet.

Valrhona Manjari 64%

Ganske lys brun til mørk sjokolade å vere. Sjokoladen luktar elegant, og mildt syrlig av sjokolade. I munnen er det ein balansert og sursøt smak med preg av appelsin og litt syrlige bær. Null bitterheit og lang behagelig finish. Teksturen er ganske smooth, men ikkje i same liga som Domori. Referansesjokolade frå fabrikken i Tain l´Hermitage.

Leave a Reply