Fram frå kjellaren: Tørr Tokaji

Ah! Utter perfection! Endelig! Å kjøpe vin for lagring og gå å håpe på at vinen utviklar seg godt og ikkje forfell eller er øydelagt, er gamle menn sin for for gambling. Når det verkeleg sler til, og belønninga er betre enn forstanden, ja då er det fint. Og tørr Tokaji Furmint er ikkje gamle vinkategorien, så det finst lite empiri på at det skal kunne utvikle seg positivt over ein del år. Den nye æraen kan faktisk stadfestast til eit slumpetreff i år 2000. Men la oss gå grundig til verks her då. Vi begynner for 500 år sidan.

Det er bevis for vindyrking i Ungarn for 1100 år sidan, men den moderne vinhistoria til området Tokaji byrjar på tidleg 1500-tal. Det viktigaste området for vinproduksjon i Ungarn låg i Szerémség i det som i dag er Serbia. Men då det Ottomanske riket fôr vestover, vart innbyggarane fordrivne eller drepne. Ein del av dei busette seg i Hegyalja, som vinområdet Tokaj vart kalla den gongen. Dei hadde laga ein kvit lagra vin, som var populær i den viktigaste eksportmarknaden Polen. Utover på midten av 1500-talet vart innhaustinga somme tider utsett, og overmogen druer som gav ein søtare vin, fekk popularitet. Tilfeldigheiter rundt år 1600 gjorde at innhaustinga ikkje kom igang før oktober-november, og då var det truleg mykje botrytis på druene. Vinen som vart laga på denne tida var frå innhausta drueklasar der det kunne vere både friske, overmogne og sterkt botrytiserte druer. Alt vart pressa og gjæra saman og vinen gjekk under namnet Fóbor. Det var noko seinare, kanskje rundt 1630, at Aszu vart ein ny måte å lage vin på. Aszu er namnet på botrytiserte druer, men etter kvart vart desse sorterte ut, eller hausta separat. Ein laga fyrst ein basevin, som vart tilsett den pressa grauten av aszu-druer. Ein større mengde aszu i basevinen gav søtare vin. Sidan vart nemninga med 2,3,4,5 og 6 puttonyos brukt for å merke vinen med grad av sødme. I fyrste omgang av handelsmennene som selde vinen vidare, men sidan vart det implemenert i regelverket. På denne tida er det druesortane fehérszölö, kövérszölö og gohér som dominerer for søt vin. Furmint kjem til på slutten av 1700-talet.

Vinen frå Tokaj vert lovprisa av Ludvig XIV, Peter den Store, Gustav III av Sverige, pave Pius X og Goethe, Beethoven, Liszt og Roussini. Ein slik reklamekampanje på fleire hundre år, har gjort at Tokaj enno er kjend over store delar av den vindrikkande verda  for den søte og friske vinen. Men det kom nokre tilbakeslag. Phylloxera-epedemien på slutten av 1800-talet la vinmarkene aude i nokre år, og etterpå var det tungt økonomisk å kome tilbake. Under andre verdskrig forsvinn det jødiske samfunnet i Tokaj, som har vore motoren i handelen med vin. Men det som har øydelagd mest er nok kommunistperioden til Ungarn. Det meste av vinmarkene som hadde tilhøyrt adelen eller kongelige, vart nasjonaleigedom. Småbønder måtte levere inn brorparten av druene til kooperativet. Produksjonen vart sentralstyrt og kvantitet vart viktigare enn kvalitet. Lokal kunnskap om vinifikasjon forsvann. Etter 1989 var det behov for  kapital, og mange utanlandske investorar såg potensiale. Lokale vinbønder vart med, nokre hadde ambisjonar og byrja i det små med ein liten del av eigen drueavling.

Den fremste er nok Istvan Szepsy. Han byrja som dei fleste med produksjon av søt vin, både Aszu og andre typar som i følge lovverket har enklare krav til lagring før flasketapping. I tillegg til eigen produksjon, var Istvan involvert i starten til Royal Tokaji Wine Company og til Kiralyudvar. I løpet av ti-femten år har Istvan klart å kjøpe eller leige fleire parsellar i stadig fleire vinmarker. I 2007 var eg i Tokaj, men då eg reiste, var eg ikkje klar over den nye bølga med tørr Furmint som var rett rundt hjørnet. Szepsy presenterte nokre, det var vel frå 2003 og 2005-årgangen. Han hadde planar om å lage kanskje ti enkeltvinmarks-Furmintar. No er han snart der, men nokre av vinmarkene treng nok nokre år med utforsking for å finne det rette uttrykket. Szepsy haustar ganske seint, og med svært lågt utbytte. Han utdjupa kor viktig det var at Furmint måtte ha svært god mogning for å bli god vin. Då er det gjerne naudsynt med lågt utbytte. Og eit vinmarksarbeid som er inretta mot eit mål om å lage tørr vin. Er det botrytis og sein innhausting som er målet, er det andre kriterier som gjeld.

Zoltan Demeter har utdanning og røynsle frå Frankrike, USA og England i tillegg til heimlandet. Han starta med hobbyvinmaking frå familien sine o,5 hektar i 1996, men tente til brød og smør, fyrst hjå Grof Degenfeld og sidan på Kiralyudvar. Etterkvart fekk han skrapa i hop nok pengar til å kjøpe meir vinmark. No har han 7 hektar fordelt på 9 ulike vinmarker. Boda ligg i Sátoraljaújhely på grensa til Slokavia. Szerelmi ligg rett bak byen Tokaj. I Mád har han nokre parsellar i vinmarkene Veres, Ösz-Hegy og Becsek. I nabolandsbyen Ratka ligg Új-Hegy og Hold-Völgy. Og i Bodrogkeresztúr ligg Lapis og Kakas.

Sjansen for at desse vinmarksnamna seier deg som lesar noko, er ganske liten. Rom vart ikkje bygd på ein dag. Ei heller renoméet til vinmarkene i Côte d´Or, som i dag er på leppene til vindrikkarar på alle kontinent. Men det er mange faktorar som tilseier at tørr Tokaji, om det er på Furmint eller Hárslevelü, vil bli noko å rekne med i framtida. Eit høgt tal vinmarker med variert jord og geologi med ulike typar vulkansk opphav. Ein del eldre vinstokkar, spesielt Furmint. Fleire vinmakarar som no veit meir om korleis dei skal jobbe både i vinmark og kjellar for at det skal bli interessant tørr vin. Det er vanskeleg å selje søt vin, og det er ikkje kvart år det vert tilstrekkeleg god kvalitet eller kvantitet med botrytis. Difor vil det vere eit incentiv å forsøke å vri ein del av produksjonen mot tørr vin. I dag er det om lag 5000 hektar vinmarker i Tokaj, men gamle klassifikasjonar har med 11 000 hektar. Det er med andre ord eit stort uutforska potensiale enno.

I 2007 kom Zoltan Demeter med sine fyrste fem tørre frå enkeltvinmarker. Tre på druesorten Furmint, ein Hárslevelü og ein Muscat. Og for ein overtyre! Home run på fyrste slag! Eg melder på Furmint Kakas 07 til ein framtidig kanon over tørr kvitvin frå dette året.

Zoltan Demeter Tokaji Furmint Kakas 2007

Djup strågul, ja nesten gyllengul farge! Ortonasalt er det Tokaj-typisk, med ein friskheit og aprikos. Her er både mogen, søt aprikos, men også fersk og syrlig variant. Flott nase, men det er i munnen at vinen eksellerer. Frisk og fyldig kvitvin med eit herlig steinete vulkansk uttrykk, over generøs men balansert frukt. Sitrus og aprikos for det meste. Viskøs og nydelig tekstur på vinen. Tørr vin med ein viss saltaktig mineralkjensle frå vulkansk jordsmonn. Smattegod lett syrlig finish. Men ikkje stikkande fersk syre, nei her er ei avrunda og mogen syre som dansar med verdigheit. Siste flaske av tre. Fyrste smakt i 2010 andre i 2013. Denne var definitivt best.

Innkjøpt frå importøren Winetrade i Sverige via systembolaget i 2010. Kosta då heilt greie 246 kroner. 1300 flasker produsert.

Ein tanke på “Fram frå kjellaren: Tørr Tokaji

Leave a Reply