Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

Eksentrisk antipode-vin med uvanleg drueblanding frå ein uvanleg vinbonde som heller ville studera botanikk enn tradisjonell vinmaking. Målet er minst mogleg innblanding i prosessane fram til det ferdige produktet. Han brukar heile drueklasar, vinen har spontanfermentert, er ufiltrert og det er gjort minimalt med svovling.

«For me, winemaking is simple,» explains Patrick, «you put the grapes into a fermenter, check to see if they smell OK, and if they do, then they’re probably fine… it’s all sensory.»  (thewineidealist.com)

Koko drueblanding med Pinot noir, Sangiovese, syrah og sauvignon blanc i flaska. Kompleks snute, bringebær, rips, rabarbra, sursøte kirsebær, hengt kjøt, kjørvel. Små whiff med gjær skjemmer litt, men alt i alt behagelege duftar.

Friskt, juicy og leskande anslag. Drue- og bringebærjuice! Saftig midtparti med litt urter bak fruktlemonaden. Balanserer på ein knivsegg mellom elegante bringebær og eit meir røft og animalsk preg som dytter litt på saman med tanniner som byggjer seg opp i munnen, men elegansen vinn. Lang og syrleg avslutning med granateple og rips.

Ikkje så sær som eg (trudde eg) hugsa frå første gong eg drakk vinen, men framleis ei annleis oppleving. Leiken hipsterhedonisme som heldigvis kostar over 300,- slik at eg ikkje kjøper opp resten av flaskene som er igjen i landet…

Sleepytime Gorilla Museum – In Glorious Times

Det har nettopp vore allehelgensaftan og vi treng skummel musikk for å halda på hallo vin-stemninga litegrann lenger. Korleis beskriva Sleepytime Gorilla Museum for nokon som aldri har høyrt dei før? Eller for nokon som har høyrt dei før, for den del… Eit band som ikkje berre gjev blaffen i sjangergrenser, men som prøver å smadra dei til det ugjenkjennelege.

Industriell avantgardeprog med innslag av psykedelisk deathjazz blir berre fjollete, men «problemet» er at bandet ikkje ein gong liknar på seg sjølv frå låt til låt. Legg til klassisk utdanna musikarar som spelar på heimelaga instrument og bosspann-trommer, store filmatiske lydlandskap kombinert med tekstar som får meg til å førestilla meg korleis det er på innsida av hovudet til David Cronenberg eller David Lynch. Musikk som latar som det var Edgar Varese og Conlon Nancarrow som fann opp heavy metal. Med litterære referansar…

The Companions opnar side A på melodisk og operetteaktig vis i eit spooky horrorlandskap der mobben med faklar og høygaflar er på jakt etter nye offer. Det blir ganske fort klart at truslane finn seg inne i hovudet på eg-personen som prøver å halda røystene på avstand med nye strategiar og aukande desperasjon. Det er stort – All the desperate people in this town Are coming out tonight, skummelt – they’ll pull out their knives and kill us all They’re here now, og innimellom morosamt – når eg-personen prøver å gøyme seg for røystene i hovudet sitt – Close the gate Lock the door Close the bar Maybe they’ll give up and go next door… Alt medan intensiteten byggjer seg opp i nesten 10 minutter. Helpless Corpses Enactment kombinerer death metal growling(!) frå Nils Frykdahl med tekstar av James Joyce(!!) over eit superpresist takt- og temposkeivt komp som ville sendt Robert Fripp og resten av King Crimson rett tilbake til øvingslokalet.

Side B opnar med Puppet Show, ei sånn låt som ville vore perfekt følgje til ein skrekkfilm frå eit nedlagt tivoli, før Formicary overtar med ein popestetikk og melodisk normcore som gjev lyttaren ein sjanse til å få pusten tilbake – inntil eit par taktskifter som nesten blir sjølvparodiske nikk til Meshuggah og glir over i ein slags Mike Keneally-funk. Mest tilgjengelege spor så langt… Oi! På Angle of Repose har Carla Kihlstedt (2 Foot Yard, Rabbit Rabbit Radio, Tom Waits) lagd den beste Björk-låta som aldri kom med på Volta. Og ho slepp til med ein ordentleg fiolinsolo.

Ossuary er flinkis og bisarr på ein gong – litt som om Steve Vai sa ja til å laga eit album med amerikansk folkemusikk, men gløymde seg og havna i gitarhelt-rolla igjen. Tekst med mykje død. Growling. Enno meir død. The Salt Crown er angiveleg ein minnesong frå Frykdahl til sin avlidne bror, medan The Only Dance har ein deilig popvibe (før dei saboterer seg sjølv), og har med tekstreferanse til Wallace Stevens – Blue Guitar.

Snart side D, og ¾ inn i plata er det heile ganske utmattande. Sjølv om musikken i seg sjølv er fantastisk, så er nok dette best i 20-minutts dosar. «Dei er mykje meir morosame live,» seier folk som har høyrd dei på konsert.

The Greenless Wreath er draum og røynd på dødsleiet, medan The Widening Eye med nær umoglege taktskifter har eit Zappa-preg over seg – tenk instrumental-delen på Drowning witch. Siste låt The Putrid Refrain er ein liten støyloop over røyster og tema frå dei andre låtane og tilfører ikkje noko meirverdi. Halloween er over, den skumlaste plata eg eig er slutt, og eg kan koma fram frå gøymestaden min under pc-pulten…

2 tankar på “Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

Leave a Reply