Leitz Rüdesheimer Berg Kaisersteinfels Riesling Terrassen 2010

Leitz Rüdesheimer Berg Kaisersteinfels Riesling Terrassen 2010

På ein måte gjenoppdaga eg Leitz på polet for nokre veker sidan etter fleire års pause frå produsenten – ikkje berre det, men i følgje loggen så skulle det vere ei flaske Kaisersteinfels i eigen heim. Ganske riktig – innerst i kjellaren, der lyset knapt er skilt frå mørkret – låg flaska merka «LUFT!» med store bokstavar. Det hender eg lyttar til meg sjølv.

Innestengt og lite duft frå nyopna flaske. Det som eventuelt er av luktar blir overvelda av nyutpakka badeball. Helt på karaffel og sett vekk i tre timar… Stadig gjerrig på duft, men no har petroleumspreget vike plass for grøne eple, fersken, tørka aprikos, honning (nesten ein karamellisert sødme), bivoks og knust stein. Antydning til noko blomstrete og limeskal baki der ein stad. Riesling minutt-for-minutt – utviklar seg voldsomt i glaset med stadig nye og stadig lysare sitrustoner. Kompleks snute.

Urtebittert anslag, pære, lubbent og konsentrert – nesten champagneaktig –  midtparti med lime, kalk, modne, gule eple; pluss litt honningsødme. Med tid kjem sitrus og masse syre i ei lang avslutning. Herleg vin!

Captain Beefheart – Sun Zoom Spark 1970 to 1972

Art is rearranging and grouping mistakes

Vi måtte vente heilt til 2015 før tidleg søttitals-katalogen til Don van Vliet kom i re-mastra versjonar. Til gjengjeld er arbeidet veldig godt gjennomførd med ei fornya klarleik i lydbildet. Som bonus i boksen kjem ein separat LP med utelatt musikk og demoar frå Clear Spot og Spotlight Kid, pluss eit lite hefte.

Korleis følgjer du eigentleg opp ei plate som Trout Mask Replica? Svaret var enkelt – meir av det same, eit band som gjer alt galt – men gjer det galt samstundes, og låter som er litt meir strukturerte. På Lick My Decals Off, Baby frå 1970 er låtane korte og konsise, bandet tett samspelt – ikkje minst takka være gitartrollmann Zoot Horn Rollo, og Mr Van Vliet sjølv i storslag både på vokal og saksofon. Tekstane er litt mindre stream of consciousness – litt – sjølv om konturane av ein …uhm… hallusinatorisk livsstil er svært til stades…  Ein slags blues-Syd Barrett for dei musikalsk eventyrlystne, der mykje lét som ein Snurre Sprett-teiknefilm der noko har gått frykteleg galt – om du kjem deg gjennom første side, så er side 2 meir tilgjengeleg melodisk.

The Spotlight Kid er galskapen dempa ned til fordel for Mississippi-blues og streitare melodiar, sjølv om det innimellom er eksentrisk nok. Ed Marimba (Art Tripp) frå Mothers Of Invention har fått god plass til melodisk perkusjon og gjer ikkje skam på kunstnarnamnet sitt, pluss mykje spanande gitar frå Zoot Horn Rollo i bakgrunnen. Likevel eit album eg kjenner på ikkje heng heilt i saman. Sjølv om han syng som ein bluesmann og skriv spanande låtar, så klarer ikkje Beefheart å gje heilt slepp på dei sprø innfalla og her fungerer det berre sånn måteleg. Likevel finns det gull på plata – sjekk ut “I’m Gonna Booglarize You Baby” og instrumentalen “Alice in Blunderland” med fantastisk gjestegitar frå Winged Eel Fingerling (Elliot Ingber).

Clear Spot derimot, er ei heilt anna skål. Antakeleg det næraste Captain Beefheart kom eit kommersielt album, produsert – noko overraskande – av Ted Templeman som seinare hadde stor suksess med Van Halen. Der Spotlight Kid prøver litt for hardt, høyrest bandet no ut som dei gjev meir faen og ikkje er redd for å spele streite låter. «Too Much Time» har Marvin Gaye-vibber(!) med full blåserekke(!!) og catchy refreng med koredamer(!!!), «My Head Is My Only House Unless It Rains» er ei vakker powerballade. «Crazy Little Thing» er dansbar rock med sexy refreng medan «Big-Eyed Beans From Venus» minnar mykje om Bongo Fury-prosjektet saman med Frank Zappa. Nokon som hugsar han på TV Norge(?) som reiser rundt i USA og reddar sjabby barer frå konkurs? Førestill deg at han brasar inn i ein sånn bar, berre at det er verdas kulaste band som spelar borti ein krok. Sånn lét denne plata…

Out-takes: Ekstraplata har overraskande høg lydkvalitet – og det må ha vore vanskeleg å avgjera kva som skulle med på hovedplatene og ikkje. Noko er tidlege miksar i evolusjonen før det endelege resultatet, noko er alternative versjonar og instrumentalar, samt enkelte perler som utruleg nok vart heilt utelatt: «Two Rips In A Haystack/Kiss Me My Love» hadde vore ein hit for Tom Waits hadde han vore med på Swordfishtrombones, «Harry Irene» er slentreblues, medan «Kiss Where I Kain’t» er tettspelt med heftig munnspelspel frå sjefen sjølv.

Wait ‘till we get to Las Vegas

2 tankar på “Leitz Rüdesheimer Berg Kaisersteinfels Riesling Terrassen 2010

Leave a Reply