Gamle sanger om igjen

Det går i sirklar, ting kjem attende. Gamle idéar og uttrykk vert resirkulerte og framstår som nye og hotte, nokre år seinare. Ta for eksempel VW si Boble, som kom tilbake i ny versjon for nokre år sidan. Det same gjorde Fiat 500. Slengbuksene frå 70-talet har vore tilbake minst ein gong. Og no for tida er det mykje 80-tals lydar og referansar i populærmusikken. Og kvifor ikkje gje nye generasjonar ein smak av det som ein gong var?

I vinverda tek ting litt lengre å snu, det er ikkje berre å kaste seg på nye druesortar. Dei treng nokre år for å byrje å gje avkasting, og gjerne må ein vinstil prøvast og feilast i nokre år før resultatet fungerer. Men det finst teknikkar og måtar å gjere ting på frå fortida, som kan vere verd å plukke fram frå museum og arkiv.

Compañia Vinicola del Norte de Españia, eller berre CVNE om du vil, har relansert ein gamal hit. Om nye generasjonar vil kaste seg over han, gjenstår å sjå. Eg fekk iallefall dansefoten i gang! Ok, fyrst litt bakgrunn. CVNE er eit familieforetak basert i Rioja som eig fire vineigedomar i området. CVNE, Cune, Viña Real og Contino. Brødrene Eusebio og Raimundo Real de Asúa starta opp i 1879, og det er framleis etterkomarar av desse som driv i dag. Portefølgen er naturlegvis full av ulike versjonar raud Rioja basert på tempranillo, men denne gongen skal det handle om ein kvit luring. Ein vin som ifølgje CVNE sjølv var svært populær både på restaurant og i heimar kringom Spaina. For 100 år sidan. Kvit Rioja laga på druesorten viura, men krydra med ein liten dæsj tørr sherry. Jaudå, dei hadde fått løyve frå sjølvaste Consejo Regulador, i brevs form. Vinen var kalla Monopole Clásico, og funnet av ei einsleg flaske frå årgang 1979, gjorde at CVNE beslutta å prøve å gjenopplive ein gamal klassikar. Vinen var i produksjon frå slutten av 1800-talet og fram til 1980-talet. Dei måtte også hente inn att 80 år gamle Ezequiel Garcia, som var vinmakar frå 1940 til 70-talet, for å få med ein som hadde gjort dette før. 2014 var fyrste “nye” årgang av den gamle hiten, og eg er begeistra. Det hjelper naturleg nok å vere open for smaken av sherry, nærare bestemt manzanilla. For 5% manzanilla set eit uutsletteleg inntrykk på dei resterande 95% kvit Rioja basert på viura. Eg smakte vinen fyrste gong på ei messe i 2017, og eitt år til på flaske har gjort vinen godt. Syra er betre integrert og teksturen endå finare.

CVNE Monopole Clásico Blanco Seco 2014

Vinen er heilt lys strågul. Her luktar det umisskjennelig av tørr sherry. Gule eple, bivoks, manzanilla, mandlar og noko eik. Smaken er frisk, tørr og lett eikeprega. Kicket frå manzanilla-en endrar vinen på same måte som dunderhonning® forvandlar Bamse frå ordinær bamse til verdas sterkaste bjørn. Tida på eik har også avrunda elementa, og skal tru om ikkje flasketid også har gjort at vinen framstår litt meir elegant, avslipen og med ein balsamisk kjensle. God tekstur. Og fin old school etikett! Notat 18.05.18. Smakt frå Riedel Riesling-glas, heime. 250 kr.

Er Soave for mjukt? Er Muscadet for nøytralt? Har du gått tom for Chablis? Då er denne rakkaren verd å prøve. Sherry-fanatikarar vil nok hevde at dette er “Manzanilla light”. Eg trur heller det kan vere ein veg inn i sherry-en sitt intense univers.

Leave a Reply