Diane De Chappotin Réserve Brut

Ny budsjettsjampanje, denne gong frå Vertus og familiegarden de Chappotin der 240000 flasker vert produsert årleg.

Diane De Chappotin Réserve Brut

Fin ‘sjampanjeduft,’ raude eple, rista brød, sitronskal, hasselnøtt. Behageleg snute.

Kremete munnkjensle, modne, gule eple, søtleg frukt, litt sopp/umami-preg , litt kort avslutning.

Rein og pen og balansert og ‘riktig’ sjampanje med antydning til lagringspreg som er lett å drikke, men blir litt preglaus. Fungerte fint med brandade, og er uansett eit godt kjøp til 235,-

Musikkbonus: Graham Nash – Over The Years

Litt gubberock kan ikkje skade – Graham Nash frå The Hollies og Crosby, Stills & Nash har sjølv kuratert eit oppsummerande samlealbum med musikk tilbake frå CSN-debuten i 1969 og heilt fram til siste soloalbum frå 2016. I tillegg er det ein bonus-cd med demoar og ikkje tidlegare utgjeve stoff.

«It does my heart good to present my songs this way. I hope that listeners will enjoy hearing the demos of my songs – how my demos of ‘Our House,’ ‘Teach Your Children,’ and others turned into the records that have endured ‘Over The Years,’ how I started writing them, and how they became the now familiar recordings when they were released.»

 

Kjelder:

Rhino.com
grahamnash.com
de-chappotin.com/

Leave a Reply