Tribaut Instant Gourmand Sec

I sommar slapp Vinmonopolet eit knippe sjampanjar under 250,- som strileavdelingen hjå Nattverden var kjapt ute og skaffa seg. Undervegs har vi testa Philizot & Fils, Bliard-Moriset og Diane De Chappotin – no avsluttar vi kvadrologien med Tribaut Instant Gourmand Sec som utifrå namnet  antakeleg vil opplevast som søtare enn dei førre flaskene. Apropos namn: at dei putter ‘Instant Gourmand’ på etiketten trigger fordommar hjå meg – om eg legg godvilje til så meiner dei antakeleg at vinen er så god at det er lett å drikke (for mykje av) han…

Litt uti bakevja i Marne har familiebedrifta Tribaut-Schloesser 40 hektar med druer, pluss det dei kjøper inn frå andre.  I dag er det fjerde generasjon som driv bruket.

Tribaut Instant Gourmand Sec

Frå nyopna flaske er lukten av gjær så insisterande at eg lurer på om noko har gått galt undervegs – heldigvis luftar det av etter nokre minutt og gjev rom for søt pære, kjeks og litt honning.

Søtleg, kremete anslag, midtparti med søte druer, gult epleskrell, litt hasselnøtt. Litt kort avslutning.

Drikk ekstra avkjølt elles blir sødmen fort  overveldande – antakeleg hadde det vore meir rettferdig å drikka vinen i lag med jordbær, gåselever eller noko spicy – åleine vert det for meg litt kjedeleg. Om nokon skal laga ein gjennomgåande sjampanjemeny så trur eg denne ville fungert fint til ein lett fruktdessert.

Musikkbonus: Paula Cole – Ballads

På tidleg 80-tal skulle Paula Cole bli jazzsongar – ho studerte improvisasjon, spelte på jazzklubbar i Boston, men så vart ho sklitakla av seg sjølv og vart kjent som ho som skreiv «Where Have All The Cowboys Gone?» og «I Don’t Wanna Wait» for Dawson’s Creek, og ho som song med Peter Gabriel på Secret World-turneen…

Tretti år seinare vart trongen til å gjera eit jazzalbum overveldande – folkefinansiert på Kickstarter med modig cover-estetikk – eit djupdykk i den amerikanske songskatten – Billie Holiday, John Coltrane, Bob Dylan, Sarah Vaughan, pluss, pluss, pluss…

Bandet er stødig, vokalen vekslar mellom å låta som eit levd liv og uanstrengt takla komplekse linjer, men står aldri i vegen for songane. Her kjem Skylark og Body & Soul saman med Ode to Billy Joe og Blue Moon.  Høgdepunkt? Antakeleg ‘The Lonesome Death of Hattie Carrol’ av Bob Dylan som får fleire lag av tristhet enn originalen, ‘Naima’ (John Coltrane) er nydeleg, det same er americana-varianten av  ‘God Bless the Child.’

Kjelder:
https://champagne.tribaut.wine/
paulacole.com

Ein tanke på “Tribaut Instant Gourmand Sec

Leave a Reply