Luke 1: Årets Alternative Juleribbe

 Svinesatay – Sate babi – er himmelsk og verd ein eigen oppskrift no når ribbetida er over oss. Her kjem gris med vedunderleg smak av «julekrydder,» sødme og chilistyrke.

Du treng:
500g kjøt frå svineribbe (skjer i 2×2 cm stykker med fett på)
Krydderpasta:
1 ss korianderfrø
2 nellikspiker
1 kardemommebelg
6 svarte pepperkorn
Rist på middels varme i tørr steikepanne til det lukter godt på kjøkkenet
Knus krydderet i morter og kjør i kjøkkenmaskin saman med
Litt muskat og litt salt og 1 ss (palme)sukker
Ca 2 raude chili (mengde etter smak)
6 cm stykke galangal (ev. ingefær)
2 sjalottlauk
3 fedd kvitlauk
1 ts rekepasta (kan sløyfast)

Bland krydderpastaen med kjøtet i ein bolle, dekk til, og la det stå kaldt i minst ein halvtime.
Fyr opp grillen (I motsetnad til kva mor di/kjærasten hevdar, så er det tøft å grille vinterstid). For ekstra autentisitet kan du leggja knust skal frå kokosnøtt oppå grillkolet.
Tre kjøtet på små grillspyd og grill på høg varme.
Server med ris og kokte aspargesbønner med litt raspa kokos oppå.

Leave a Reply