Luke 2: Ingen venta den spanske inkvisisjonen!

Spania sitt omdømme som vinland kviler på vaklevorne søyler. Raud Rioja og boblande Cava er godt fundamentert, medan den tredje, Sherry, synk stadig djupare ned i sanden. Alle dei tre vintypane er basert på eit system der i det i stor grad er store aktørar som produserer vinen og kjøper druer frå småbønder. Dei fleste vitale vindistrikt har ein dynamikk av småbønder som sel druene sine, storprodusentar og kvalitetsmedvitne bønder som lagar vin av eigne druer. I den siste gruppa finn vi ofte produsentar som har lang familiehistorie, eller som kjem utanfrå og ser eit område med friske nye auge. Desse har anten evne, vilje og/eller kapital til å bli leiande figurar. Nokre er også generøse og deler meir enn gjerne kunnskap med naboar og konkurrentar.

Spania har vore eit land med mykje fattigdom, til langt ut på åttitalet. Vinkulturen pre phylloxera var primært produksjon til heimekonsum. Vin var eit næringsmiddel for familien, ikkje eit kapitalinnbringande nytingsmiddel som kunne eksporterast. I Jerez var det handelsmenn med teft, og her har det vore eksport av kvalitetsvin i mange hundre år. Men etterkvart som det 20. århundre gjekk frå midten og mot enden, vart flytransport viktigare enn skipsfarten, vinkonsumentane fann friskare vin frå nye hamner og Spania stod akterutsegla tilbake.

Vinskribent og forfattar Luis Gutiérrez gav i fjor ut boka The new vignerons, a new generation of Spanish wine growers. I slutten av november hadde Gutiérrez, som skriv for Robert Parker og er basert i Madrid, teke med seg fyrsterekka av den nye svoltne generasjonen spanske vingutar til Oslo for å omvende Noreg. Den sindige og lågmælte Luis Gutiérrez viste fram den nye evangeliet i form av ein masterclass, der bilete frå spektkulære men ukjende vinmarker vart inkarnert i vinen i glaset. Den glade bodskapen er at Spania har mykje å by på, og at det finst fantastiske vinområder der lokale druesortar har lang tradisjon og trivst godt. Det er eit stort potensiale og det finst fleire og fleire som ser det og som kan utnytte gamle vinstokkar, og har ein filosofi som tillet terroiret å skine framfor smaken av overekstrahering eller ny eik.

Etter preika til Gutiérrez var det tid for å smake på meir av dei nye læresveinane sine tolkingar av den gode bodskapen. Rodrigo Méndez hadde med både albariño og raude vinar frå Rias Biaxas. Raúl Pérez stilte med mykje skjegg og vin på mencia frå Bierzo. Pedro Rodríguez Péres frå Ribeira Sacra hadde også mykje god vin på mencia, men gjerne frå gamle vinmarker der det veks ein miks av merenzao, caiño tinto, brancellao, souson og alicante bouschet i tillegg. Daniel Landi frå produsenten Comando G lagar garnacha frå høgtliggjande vinmarker i Gredos-fjella. Sist men ikkje minst var det den pratisk talt allestadsnærverande Telmo Rodríguez, munn-mitraljøsa frå Rioja som gjennom Compañia de Vinos Telmo Rodríguez lagar vin frå alle utenkjelege utkantar på det spanske fastland. Den poengterte og provokative predikanten legg ikkje mykje imellom når han kritiserer farisearane i DO Rioja. Alt er eik og branding! Kvar er vinmarkene?

The proof is in the pudding, som engelskmennene seier. Og det vi kunne smake på frå det nye Spania lovar godt for framtida. Elegant og godt laga albariño frå Rodrigo Méndez og under familiebruket Forjas de Salnés. Dette er verd å prøve meir av. Fleire av gutane jobbar med lite svovelsulfitt, og fleire vinar har eit naturvinsaktig preg. På den positive måten. For eksempel dei raude frå Raúl Pérez og Guímaro, som er produsentnamnet til Pedro Rodríguez Péres. Om du er vand med varm og mørk grenache frå middelhavsklima, vil Comando G sin garnacha frå vinmarker 8-900 meter over havet i Gredos få deg omvendt til den lyse og smale sti. Telmo Rodríguez har lengst røynsle av karane frå den nye rørsla. Han starta opp i 1994 som omreisande vingardsoppdagar. Der han kom, vart det kjøpt eller leigd vinmarker med gamle stokkar. Lokale folk fekk drive vingarden og lage vinen. Eg er svak for den mencia-baserte raudvinen frå Valdeorras. Men også fleire av Rioja-vinane i “estilo nuevo viejo” er strålande. Prøv gjerne Lanzaga, tilgjengelig til 265 kroner og eit godt kjøp.

Her er nokre favorittar frå notatboka:

Bodegas y Viñedos Rodrigo Méndez Salvora 2017

Marabakke! Ein djup vin frå kysten. Fin kalk- og sjøaktig mineralitet, mogen sitron og avrunda, men allikevel sitrande syre. Litt kvit fersken. Albariño vert ikkje betre enn dette, berrre fruktigare. Men kva skal ein med all denne frukta? Dette er ungt, men smakar nydelig allereie. Frå over 100 år gamle vinstokkar. Mogna på brukte fat. 380 kroner er ein god del meir enn den jamne albariño-vin, men dette er flotte saker.

Raúl Pérez Ultreia Saint Jacques Mencia 2016

Lys lillaraud og transparent vin. Lukta er rein og fruktig og både søt og syrlig. Vinen smakar av fersk raud frukt, krydra med litt mørk sjokolade. Han kjennest lett, men tanninane set ting på plass utover i smaken. Hovudsakleg mencia frå 75-95 år gamle vinstokkar som veks i sandhaldig leirejord. Lang og forsiktig maserasjon og gjæring. Langring på brukte fat. Dersom 200 kroner er grensa di for kvardagsvin, er denne ein god kandidat. Spesielt om du likar mencia. God vin.

Comando G La Tumba del Rey Moro 2015

Eg lar meg begeistre over lyse vinar med mykje nerve og struktur, men helst om dei ikkje er syltetøysøte. Her er alle boksar kryssa ut. Lyseraud mot mørk rosé på farge. Lukta er ganske søt i starten, men her er også syrlige bringebær med i spel. På smak merkar eg at det er moderat syre, men vinen tek det att i mineral- og tanninstruktur. Upoda garnacha frå vinmark i Villanueva de Ávila med granittbase.

Leave a Reply