Luke 8: Årets “Jøss!”

2018 var året eg verkeleg tok turen på sidevegane til Bestillingsutvalet, og det er ikkje fritt for at eg innimellom angra på heile greia – det er ikkje utan grunn til at vi snakkar om ‘klasisske områder’, og eg antar meksikansk chardonnay aldri blir ein del av dét omgrepet…

Ta utgangspunkt i Mumbai og peik nasa mot nordaust. Fire timars biltur plasserer deg i India sin vinhovudstad Nashik – området dyrkar 10 000 tonn druer årleg, er einaste A.O.C i landet, og 45 produsentar (av 78 i heile India) heldt til her.

Mi største overrasking i 2018 var nok ein indisk musserande – York Sparkling Cuvée Brut – ikkje fordi han var kjempegod, men fordi han var god nok. Hadde nokon satt fram 6 glas og utfordra meg til å plukka ut denne innimellom fem cremantar i 200-kronersklassen så hadde eg neppe klart det. Bivoks, bakst og Granny Smith – komplett omtale her 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *