Luke 23: Årets ferdiglagra vin

Nordvest i Portugal har Bairrada sin eigen DOC og er nok mest kjend for raude vinar. Her har kjøleg luft inn frå Atlanterhavet all makt – enkelte år er det til og med for kjøleg til at druene modnar ordentleg. Til gjengjeld får gode år lang modningstid og balansert syrenivå. Veteranen Luis Pato kjører sitt eige løp med lokale druer – om enn raude Baga får mest merksemd, så finn vi nok av obskure frutos da videira i kveldens kvite vin:

Bical 50%, Sercial 25% og Maria Gomes 25% – Bical er lokaldrua med høg syre og honningduftpotensiale som også er eigna for boblevinar, medan Cercial/Sercial (ikkje madeiradrua) kjem med aroma og mineraler. Maria Gomes er (kjedeleg nok) lokalnamnet på Fernão Pires – arbeidshesten og den mest planta drua i Portugal.

Luís Pato Vinhas Velhas Branco 1991

Det var ikkje fritt for at panikken tok meg ved første sniff. Overveldande duft av mahognylist tok all plass. Ligg litt løynd tørka frukt og honning bakom, men ikkje behageleg å lukte på. ‘Treete’ smak – antydning til sitron og syrlig avslutning som ikkje heilt klarar å trenge gjennom.

Heldigvis løsner det etter ein halvtimes tid. Tørka aprikos og ‘blanda frukt’, friskt hav, gule eple, appelsinsyltetøy og bivoks. Framleis dekksplankar – og i overkant mykje for min treverkssensitive snute – men no innafor toleransegrensene. Litt kvae, litt symaskinolje – nesten litt rieslingaktig badeball, litt tjørebreidd naust. Komplekse og spanande duftar. Assosiasjonane blir dradd mot sjø. Ulik nokon kvitvin eg har snust på før.

Sexylubben viskositet, oljete munnkjensle. Meir tørka frukt, traktkantarell, og gule eple. Sylta sitron i ei lang og fyldig avslutning saman med opplevinga av tanninaktig og uttørkande treverk. Evigvarande ettersmakar av sitrongras og appelsin mellom slurkane.

Eg kjenner eg er langt utanfor komfortsona her. Spanande å ha opplevd flaska, sjølv om dette ikkje er min stil. Fungerte heilt fint til rødspette med mandelskorpe.    

Seth MacFarlane – No one ever tells you

At Seth MacFarlane – komikar, imitator, skodespelar, manusforfattar, Family Guy mastermind, illustratør, regissør, produsent og vitskapsaktivist – også er ein god vokalist, burde knapt overraska nokon. Det som kanskje er overraskande er at den mest risqué personen i Hollywood syng Sinatrastil fullstendig uironisk.

 Albumcoveret er ei spegling av In the wee small hours –det tristaste Frank Sinatra-albumet. Musikken er nedstrippa storband – arrangert av Joel McNeely – litt stryk her og der, harpe, ein trist marimba eller muta trompetrekke for stemning og variasjon, men i hovudsak tradisjonelt jazzensemble. Vi snakkar Rodgers & Hart, Cole Porter og Mancini mellom låtskrivarane, men MacFarlane har funne dei meir ukjende perlene. Her er det lite håp å hente – in the midst of summer winter came – når ein akkurat har karra seg opp på flåten kjem neste foss.

Musikk frå ei tid der ein gjekk i dress på hotellfrukost, sjarmerande sentimentalt, elegante arrangement sjølv om balladestilen kan bli litt einsformig gjennom ei heil plate. MacFarlane gjer ei imponerande rolle som blanding av Frank Sinatra og Dick Haymes. Høgdepunkt? Antakeleg These Foolish Things der eg-personen nonchalant fullstendig mislukkast i å lata som om han ikkje bryr seg.   

Kjelder:
http://www.luispato.com/
Oz Clarke, Margaret Rand – Druer og viner

4 tankar på “Luke 23: Årets ferdiglagra vin

Leave a Reply