Vin Aune

Roar Aune og Petra Lohman fann vindraumen i Dão der dei etter kvart produserer rundt 10 000 flasker årleg på garden. Paret vart hardt råka av brannane i 2017, men pågangsmotet er tydeligvis der enno, og det ser ut som nye årgangar er i rute.

Vinhos das Merces Aune Lohmann Branco 2016

Handplukk, økologiske prinsipp, fottråkking og lavintervensjon – obskure lokaldruer sender oss djupt inn i leksikonet. Cerceal (ikkje madeiradrua) tar med seg aroma og mineralar. Encruzado er viktigaste kvite drue i Dão, medan svartflekka Bical gjev syre og honningpreg. Legg til litt Malvasia og vi er i mål med det som ikkje er verdas mest kommersielle druemiks.

Behagelege duftar frå nyopna flaske. Sylta sitron, bivoks, forsiktig parfymert med gule druer og epleblomst. Litt våt skifer dytter forsiktig langt baki.

Friskt anslag, leskande munnkjensle. Saftig midtparti med lime, eit nøttepreg og litt honningsødme. Glir over i bitter grapefrukt før ei sitronrik og frisk avslutning med anstendig lengde. Etter litt luft er avslutninga som å setja tenna i eit friskt Granny Smith-eple.

Sjarmerande og skummelt lettdrikkeleg vin, som fungerte fint med brandade. Enkel og ukomplisert, men med godt integrerte smakar som får meg til å lengta etter sumar.  Godt kjøp til 150,-

Medeski, Martin & Wood – It’s a Jungle in Here

Før verdsturnear og samarbeid med John Scofield var MM&W eit slags post no wave-band i New York. Der bandet etter kvart er blitt større enn seg sjølv er framleis  andreplata frå 1993 eit meisterverk med skarpe kantar.

Førestill deg ein orgeltrio a la Jimmy Smith, gni inn litt Parliament-funk, litt avantgarde, litt soul-jazz, og eit telepatisk samspel frå tre musikarar i verdsklasse.

Høgdepunkt? Shuck it Up og Monk/Marley-miksen i Bemsha Swing/Lively Up Yourself.  

Kjelder:
https://www.vinhosdasmerces.com/
Oz Clarke, Margaret Rand – Druer og viner
Div Wikipedia

2 tankar på “Vin Aune

Leave a Reply