Vestland(et)

Eg er han som sit midt i bussen. Med Frode Grytten på øyret og telefonen i fanget. Med Alf og Petter på øyret. Med Poul Pilgaard Johnsen på øyret. Det regnar ute. Det blæs ute. Eg sit midt i bussen. På høgre side. Med lyd på øyret og fjorden i sikte. Med Stockholm, København og Bergen på øyret. Med riesling i bagasjen og Barolo i minnet. Eg reiser frå Bergen, frå gutta boys og vinen.

Bussen køyrer sist inn på ferja, men vi kjem alle fram på likt. Det er ingen fasttrack på Oppedal. Det er ingen fasttrack i Lavik, Rysjedalsvika, Rutledal, Mannheller, Stårheim eller Lote. Det er ingen fasttrack på Bringeland, Haukåsen, Anda eller Florø lufthamn. Sogn og Fjordane er fjord og regn og nesten ikkje folk. Eg reiser frå Bergen og kryssar ei grense som har 316 dagar att, før ho forsvinn. Då byter vi Sognefjorden mot Grytten. Eller vi deler dei.

Ferja tek oss over fjorden. Skubbar ein buss og 23 bilar stilt over fjorden. Med kraft frå fjorden. Vatnet i fjorden fordampar, vert til skyer. Skyer som sig inn over fjorden og fjella. Slepp regnet ned i magasina i Hyllestad, Gulen, Høyanger, Balestrand og vidare innover. Vatnet vert til rørsle og straum. Straumen driv ferja framover, stilt. Regnet treff ruta på bussen, viskaren viskar det vekk. Igjen og igjen. Eg sit midt i bussen. Eg har lyd på øyret og eg har all verdas tid.

Eg sit midt i bussen. Eg skal heim. Eg har Grytten og Salongen på øyret og telefonen i fanget. Grytten les og eg grin. Grytten les og eg ler. Eg er han som sit midt i bussen og er på veg heim. Eg er han som skulle blitt heime, men som reiste likevel. Eg er han som vert med på ei flaske Barolo til. Eg er han som angrar dagen derpå. Bussen følgjer ruta. Det er ingen fasttrack til Førde. Det er 50, 70, 80. Det er gul stripe her og der. Det er ikkje bonuspoeng på regn og grisgrendte strøk.

Eg er han som går sist ut av bussen. Og eg har all verdas tid.

Podcast-tips til deg som er ute og reiser og/eller har all verdas tid:

Flaskens ånd. Journalist Poul Pilgaard Johnsen intervjuar alt frå gledespiker, kokkar, politikarar og kunstnarar heime i stova si i København. Alt medan dei drikk ei flaske vin.

Dela en flaska med Alf og Petter. Dj, treningsnarkoman og vinskribent Alf Tumble og rap-artist Petter Alexis Askergren bablar i veg om vin, swim-run og familielivet sitt. Var strengt tatt betre då Alf Tumble hadde sitt eige show med intervju av folk innan vin og mat i Sverige.

Folk og vin Podkast. Ove Svendsen snakkar non stopp, medan kokken Sigurd gjev deg nokre mattips. Det er faktisk ikkje så gale som det kan høyrast ut.

Salongen. Podcast frå NRK P2-programmet med same namn. Gode anbefalingar, kultur, samtale og reportasjer. Alt dette og Frode Grytten sine popsongar.

I´ll drink to that! Talking Wine. Sommeliér Levi Dalton får besøk i studioet sitt i New York, av det meste som finst av vinbønder, vinmakarar og andre interessante personar i vinverda. Mange som du kanskje kjenner som personen bak vinen i glaset, kjem til orde, og mange er morosame og har mykje klokt på hjartet.

Dan Carlin´s Hardcore History. Her har eg kome gjennom seks episodar av Blueprint for Armageddon som handlar om fyrste verdskrig. Detaljert men godt driv i om lag tre timar kvar episode.

Vinpratarna. Lettbeint svensk vinpodcast som til tider dykkar litt djupare ned i materien.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *