Nire aerolabaingailua aingirez beteta dago…

Baskarland er på mange måtar eit mysterium. Språket har ikkje påvist slektskap til noko anna levande språk – antakeleg er baskisk det einaste gjenlevande språket i Europa frå før dei indo-europeiske språka kom. Om du syns tysken var vanskeleg med sine fire kasus, så har baskisk tjue! Baskiske vener fortel meg at dei kan sitja saman og snakka saman på kafe i Madrid, og spanjolar lener seg over og lurer på kva land dei er frå…

Regionen sto opp mot Franco under borgarkrigen, noko dei vart hardt straffa for. Dei tidvis kritiserte herre-matklubbane oppsto i denne tida. Sidan fasciststyret innførte forbod mot politiske møter og andre forsamlingar vart dette ein måte å møtast. Nasjonalkjensla i spansk Baskerland styrka seg inn i moderne tid der nokre tok det ut i ekstreme handlingar – ETA har antakeleg tatt livet av 800 i terroråtak – ei permanent våpenkvile vart ikkje erklært før 2010. Oppi dette er nasjonalkjensla framleis sterk – Atletico Bilbao har til dømes ein policy om å berre bruka baskiske spelarar.

Det seiast at regionen har den tettaste opphopinga av Michelin-stjerner i verda, sjølv snublar eg alltid under oppløpet og er mett og gladfull på pintxos og txakoli lenge før middagstid når eg har vore i området…

Om Baskerland er mest kjend for eplesider, så har dei etter kvart også fått anerkjenning for vinen sin gjennom DOC-sertifisering sidan 1989. «Vår» vin kjem frå nær den franske grensa i eit område der lokaldrua Hondarribia Zuri rundt byen Hondarribia har blitt dyrka sidan 1100-talet, men også eit område der hærtog til og frå den iberiske halvøya har vore eit større problem enn vinlus.

Hiruzta Txakolina 2017

95% Hondarrabi Zuri. 5% Gros Manseng

Sitron, nyslått gras, parfymert med søtleg blomsterduft og litt honning. Forsiktig snute. Delikat duft utan at vinen gjer så mykje av seg.

Prikker på tunga, mykje sitron og eplekart, slank – på grensa til spiss i midtpartiet, salt sjø, litt bitter grapefrukt, knusktørr sitrusavslutning med grei lengde.

Enkel og ukomplisert, men reine smakar. Fungerte – ikkje overraskande – saman med reker med kvitløk og sitron.

Sturgill Simpson – Metamodern Sounds in Country Music

Du veit du ikkje er ein typisk C&W-artist når du døyper plata di Metamodern Sounds in Country Music – spesielt ikkje når LP-coveret kunne vore noko frå Syd Barrett eller buddhistisk-inspirert britisk 70-tals prog, og førstesingelen heiter Turtles (All The Way Down).  Sturgill Simpson tar Outlaw-imaget sitt inn i noko som melodisk er tradisjonell country i Waylon Jennings-stil, men tekstleg bryt dei fleste konvensjonar i sjangeren. 

Am I dreaming? Am I dying?
Either way I don’t mind at all

Klisje-førstelinja Woke up today  vert følgt av decided to kill my ego. Living the Dream handlar om eigne depresjonar med linjene I don’t need to change my strings / The Dirt don’t hurt the way I sing / I don’t have to do a goddamn thing / except sit around and wait to die.  

Eg har lenge hevda at countrymusikk handlar meir om sosialt akseptabel kanalisering av maskuline kjensler enn om hestar – Sturgill Simpson gjer meg meir overtydd om at det stemmer.

Cleaning out the darkest corner of my mind
Taking all my full circles and making straight lines
Been getting to the bottom of the bottom getting to me
I’ve been holding up the mirror to everything I don’t want to see

Musikken er spelt inn live i studio i Nashville – det heile lét spontant og tøft, minus røysta til Simpson som innimellom forsvinn litt i mellomtonen. Platecoveret er visuelt stilig og ser meir ut som Pink Floyd i 1969 enn ei c&W-plate, men låtrekkefølgje og tekstar er katastrofalt feilplassert og mangelfulle… Uansett ei fantastisk plate.

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Vega Reiseguide – Baskerland
Diverse Wikipedia
www.hiruzta.com

Leave a Reply