Georgia on my Wine

Frå 1921 ein satellittstat i Sovjetunionen som ‘Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk (TFSSR)’, ei branding som seinare vart endra til litt meir catchy ‘Den georgiske sosialistiske sovjetrepublikk’. Inneklemt mellom Tyrkia og Russland ligg vesle Georgia som – sjølv om det i areal er fem gongar mindre enn Noreg – har sin eigen kristne religion og sitt eige alfabet. Og bortimot 400 druesortar… 

I gresk mytologi var Kaukasus ei av pillarane som holdt verda oppe, og det var her Zevs lenka fast Prometeus som straff for at han hadde gjeve ilden til menneskeslekta. Viktigare er det kanskje at det var her den første vinen vi veit om vart laga. Dokumenterte funn syner at området hadde vinproduksjon for 6000 år sidan, andre funn kan tyda på 8000 år.

I Sovjet hadde vinmakarane ein marknad som ville ha lett søte vinar og ikkje brydde seg så mykje om kvalitet. Etter lausrivinga i 1991 var det framleis Russland som var hovudkunden og lite endra seg i vinmarka. Politisk gnissing førte imidlertid til russisk boikott av georgisk vin, og vinmakarane måtte selje varene sine til ein europeisk marknad som kravde høgare kvalitet. Dei måtte rett og slett skjerpa seg.

Her heime er det vel Pheasant´s Tears som er den mest (einaste?) kjende produsenten frå Georgia , men fleire har etterkvart meldt seg på. Av nær 400 druesortar, er det i dag knappe 40 i kommersiell produksjon.

Winiveria Saperavi 2015

100% Saperavi – ei drue som vanlegvis blir brukt for å gje farge, syre og tanninar i lag med andre sortar. Ei gamal drue som antakeleg oppsto i Georgia og er omtalt sidan 1200-talet. Spontanfermentert i svære leirkrukker (tradisjonell kvevri) og tappa ufiltrert på flaske.

Kraftig duft av blåplommer fyller rommet ved opninga av flaska. Eg ventar meg rustikk snute med fjøs og brett, men vinen (førebels kjellarkald) er veldig elegant. Kirsebær, plommer og cherry-cola saman med eit jordleg preg med litt traktkantarell. Med tid og temperatur kjem eit eksklusivt lærpreg – som ein kostbar skinnjakke.

Friskt anslag, litt rotete og ikkje heilt integrert midtparti med blåplommer, kirsebær og blåbær, pluss litt svisker. Frisk avrunding med anstendig lengde.

Annleis enn eg var budd på – eg hadde venta meg eit brutalt møte med gamle tradisjonar og fekk ein rolegare vin i staden. Veldig fine duftar, men rotar det litt til for seg på tunga. I tillegg er det snålt med ein vin som skapar assosiasjonar både til Rhone og Toscana – førestill deg ei blanding av Syrah og Sangiovese…  Fungerte bra til ei enkel lammegryte – fin pris til under tohundrelappen.

Stefan Pasborg – Morricone

Det er litt vanskeleg å bestemme seg for om Stefan Pasborg er ei rockestjerne som speler  jazz, eller om han er jazztrommeslagar som heller ville starta rockeband. Uansett er han antakeleg Skandinavia sin mest groovy slagverkar uansett om det er med Ibrahim Electric, Odessa 5 eller som solist.

Då Det Kgl Teater sat opp danseframsyninga Morricone, ba dei samstundes Stefan Pasborg om å stå for musikken – saman med Adi Zukanovic på tangentar og Lars Bech Pilgaard på gitar er dette blitt ei ganske så vill og respektlaus greie.

 Her er For a Few Dollars More med surfgitar og twang, medan høgdepunktet The Ecstasy of Gold endar opp som ei blanding av Pet Shop Boys og King Crimson. Morosam plate!

Tilgjengeleg hjå https://stixshop.net/ som første plate i The 2018 EP collection.

Kjelder:
pasborg.dk
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
Diverse Wikipedia

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *