Greece Lightning

Sjølv om Assyrtiko er i ferd med å bli allemannseige så innser eg at manglande kunnskap om greske druer og gresk mytologi antakeleg er min akilles-alboge…

Vinproduksjonen i landet har ei over 6000 år lang historie, dei har den kulaste vinguden, og sjølv Hippokrates skreiv ut vin på resept for medisinsk bruk. Langsamt, langsamt er Hellas i ferd med å røra på seg igjen – først og fremst med Assyrtiko-drua og søt malvasia, men på Kreta har dei også redda nær utrydda sortar som til dømes Plyto og Vilana. På fastlandet har entusiastar hjå Gaia Estate eit tilsvarande prosjekt for mellom anna Moschofilero – ei aromatisk kvit drue med opphav i Hellas.

Gaia Estate Moschofilero Monograph 2018

100% Moschofilero

Rosehage og blomstereng! Bakom blomane ligg fyldig sitron og litt smågodthylle. Med tid i glaset legg det parfymerte preget seg og gjev meir plass til sitrus. Enkle, men reine og behagelege duftar.

Saftig anslag, midtparti med ananas, fersken på boks og sitron, pluss eit lite grapefruktbittert sting. Syrleg-bitter sitrus i avslutninga. Det er mykje fint å sei om denne vinen, men enn så lenge blir rosepreget overveldande – kan ein strafferunde i karaffel hjelpa på?

Heldigvis gjer ein times lufting godt – snuten har fått selskap av litt lakrisrot, og i munnen har blomepreget lagt seg til fordel for meir crisp sitrus. Fungerte fint saman med kyllinglår. Absolutt ein interessant vin som syner spanande sider berre han får lufta av seg kjensla av å drikka frå blomstervasen.

Men, men – kva med Agiorgitiko? tenkjer du nok no. Den mest planta raudvinsdrua i Hellas, med namn etter St. George, og vinen Herkules drakk både før og etter han tok livet av Den Nemeiske Løva.

Gaia Estate Monograph Agiorgitiko 2018

Litt syrah-aktig frå nyopna, kjellerkald flaske. Lyng, blåbær og tyttebær, litt morell. Etterkvart som temperaturen i glaset stig vert morellpreget meir tydeleg og får selskap av granateple og litt anisfrø. Forsiktige, men tydelege duftar, behageleg vin å sniffe på.

Bløtt anslag med søtleg fruktpreg. Søte blåplommer, leskande og saftig midtparti. Bringebæravslutning med kriblande syre. Dette likte eg godt – vinen har nok tannin-ryggrad til å fungera saman eit stykke kjøt, samstundes kan dette fort bli eit lett avkjølt alternativ for dei som vil ha leskande raudvin om sumaren. Bra kjøp til 150,-

Hank Marvin – Without a Word

Før Guthrie Govan, før Steve Vai, før Jimi Hendrix, var gitarhelten Hank Marvin – gitaristen frå Shadows som har inspirert alt frå Øystein Sunde til Terje Rypdal og Jeff Beck. No har han passert 70 år og lever eit fromt og fredeleg liv i Australia. Tydeligvis har han meir musikk i seg, for i 2017 kom ei samling instrumentale coverlåtar meint å hylle musikken som har inspirert han gjennom åra.

På ei Fiesta Red plate sjarmerer han seg gjennom alt frå Beatles og Duke Ellington til Mancini og Bernstein. Stratocaster-tonen hans har framleis twang, fraseringa er melodisk og presis – men litt kjedeleg… Det vil sei – han trøkker på i sjølvskrivne Russian Doll  og blir til og med litt fuzz-funky under Bernstein sin America. Sjarmerande plate frå ein gitar-gigant.

Kjelder:
http://www.gaiawines.gr/
Div Wikipedia

3 tankar på “Greece Lightning

Leave a Reply