Cloudwalkers?

Stå utanfor og kritisere, eller bli med og forsøke å forandre frå innsida. Dette er eit dilemma som vi kan støyte på i våre liv. I politikken, samfunnet eller arbeidslivet er det fleire måtar å oppnå endring. I det sentralstyrte Frankrike kan det verke som eit uoverstigeleg hinder å forsøke å riste i lokale AOC-reglement- og styresmakter. Er det rart det finst naturvin?

Natur eller AOC?

Svært mange vinbønder som definerer seg innan naturvinskulturen, ønskjer å stå utanfor sin lokale AOC/DOC/DO, nettopp for å vise motstand mot noko dei meiner dei ikkje kan eller vil asossierast med. Det kan godt vere at vinen dei lagar smakar svært likt dei andre som står innanfor, men reglane tillet for høgt utbytte, sprøyting med kjemikalier, feil druesortar, eller for mange tilsetjingar i vinifikasjonen.

Kven er frelst?

Begrepet naturvin er ganske flyktig, og betyr ikkje det same for alle. Den gode boka til Aaron Ayscough, The World of Natural Wine, som kom ut hausten 2022 er eit godt utgangspunkt for større forståing. Eg vart naturlegvis nyfiken på å prøve noko frå somme av vinbøndene som Ayscough skriv om. Samtidig er det fleire vinbønder eg kjenner til, som eg sjølv ville ha sett i båsen “naturvin”, som ikkje er nemd i boka. Eg kan nemne Eric Texier (Rhône), Dom. Fourrier, Dom. Leroy (Bourgogne) og Patrick Baudouin (Loire) frå Frankrike. Frå Italia ville eg for eksempel teke med Montesecondo, Ampeleia og Giovanna Morganti frå Toscana.

Sin eigen sti

Men nokre er ikkje så opptekne av å vere innanfor “kyrkjelyden”, dei er nøgd med å gjere ting økologisk og med minimal intervensjon. Andre har skapt seg eit namn som naturvinsbonde, og får ein tilhengarskare av den grunn. Atter andre er heilt klare på at dei gjer ting naturleg, men vil eksplisitt ikkje ha noko med naturvinsrørsla å gjere. Og med korketrekkaren i handa står konsumentar og sommelierar, dei unge og ubemidla som ser på denne bølgja som deira greie.

I like the notion better then the thing
I like the romance better than the fling
I like the gospel better than the church
Who made it untrue

CLOUDWALKER (FRÅ PLATA BEHIND THE SUN, 2014), MOTORPSYCHO

Innfallsmetoden

Litt utan å vite det, kom eg over ei flaske med raud Burgund som var svært god. Vinen vart servert blindt, og då flaska vart avslørt viste det seg at det stod VIN NATURE SANS AJOUT DE SULFITES på baketiketten. Dette var ein Marsannay frå Pierre Naigeon, årgang 2019. Eit lite interjvu som Bill Nanson (Burgundy Report) hadde med Pierre, avslørte at han hadde kutta ut SO2 i all raudvinen i årgang 2018 og 2019. I 2020 selde han domainet, og vart pensjonist i Provence. Det nye regimet har visst gjeninnført svovling av vinen. Her har vi altså ein flyktig einhjørning, for dei som vil sikre seg kule vinar.

Pierre Naigeon Vosne-Romanée Champs Perdrix 2019

Mørk burgund, mot sangiovese-raud. Rik, open, søtleg og in-yer-face på lukt, nesten litt California. Samtidig er det ein finesse her, som saman med fiol, krydder og dyrepels dreg meg til Vosne. Ah, dette lovar bra. Mørk, mjuk, open og fleskete Vosne-Romanée i munnen, med smak av fiol, lakris og sursøte mørke bær. Stilig vin med fin konsentrasjon, og utan å lene seg mykje på fatbruk. Pene, mjuke tanninar. Snev av eik i finish på siste glaset.

Kommunevin frå ei vinmark på 4,01 ha som ligg rett over La Tache og La Grande Rue. Over 60 år gamle vinstokkar og ein produksjon på svimlande 271 flasker. Vinen har fått liggje 11 månader på eikefat. 14% alkohol, ingen klaring, filtrering eller SO2. 870 kr er jo mykje for vin, men er det for mykje for ein einhjørning? Dette er iallefall noko som er verd å spare til, om pinot noir frå gode adresser er det som får håra på armen til å reise seg. Naturvin eller ei, dette er feilfritt, flott og klokkereint!

Dei som får det til

No er det jo noko enklare å lage raudvin utan SO2, for han har meir vern i form av tanninar og fargestoff. Kvitvin utan svovel kan bli mykje rart. Nokre får det til. Mark Angeli har vel hatt vinar utan tilsetjing som har fungert, men han tilset gjerne ein liten dæsj. Ein annan produsent som er med i boka er Jean-Michel Stephan frå Tupin-et-Semons, som gjer Côte-Rôtie, Condrieu og Vin de France. Han hadde eg ikkje vore borti før, så ein Côte-Rôtie som kunne vere drikkevenleg i ung alder høyrdest interessant ut. Elles likar eg jo slik vin med litt meir alder.

Maison Stephan Côte-Rôtie Les Binardes 2018

Ung, tett fiolett-raud på farge, men ikkje heilt fersk. Lukta ber med seg rå og barsk frukt, med knuste krekling og urter. Rein, open og med pen intensitet. Veldig syrah-typisk. Men samtidig òg slikt som kjem av maceration carbonique. Lekker, fruktig Côte-Rôtie med eit friskt naturvinsaktig anslag og gode syrah-typiske smakar av krekling, bjørnebær, pepar, urter og hengt kjøt. Kjølig stil trass i 15% (!) alkohol. Lette og snille tanninar i ein rå vin. Kult. Delvis maceration carbonique som heilt klart er ein vesentleg faktor i korleis vinen blir. 12 mnd mogning på ståltank og ingen SO2.

Jean-Michel Stephan byrja med vin i 1991, og i 1995 gjekk han over til økologisk jordbruk. Frå 1997 har det vore ingen SO2-tilsetjing. Les Binardes er frå ein parsell nederst i Côteaux du Tupin på 0,9 ha, planta mellom 1994 og 1997. 85% syrah og 15% viognier. Vinen kosta 699 kr.

Er du sugen på syrah, men ønskjer deg noko meir tradisjonelt framstilt materiale? Sjekk ut kva eg meiner om Clusel-Roch.

Ein tanke på “Cloudwalkers?

Leave a Reply