Dommedagsvin

Uroa, krigen og frykten for at noko ukjend skal skje, er kome nærare denne hausten. Sabotasje på gassrørsystemet North Stream har fått oss til å auke beredskapen rundt eigne olje- og gassinstallasjonar. Men om nokon er villige til å skade infrastruktur til havs, kan dei ikkje då gjere skade andre stader òg? Det var ein artikkel i Morgenbladet denne helga som skildra Noreg sin manglande beredskap, og dette var gnisten som fekk meg til å gå inn på www.sikkerhverdag.no for fyrste gong.

Det er vel ikkje fullskala atomkrig eg trur vil hamne under juletreet i år, men kva om nokon tuklar med straumnettet? Og ein liten bakteriekultur i drikkevasskjeldene rundt om i landet? Nei, det er vel best å handle nokre vasskanner, gassbrennar og stearinlys. Må visst ha ein DAB+ radio som kan gå på batteri også.

Men la oss ikkje vere for realistiske. I fantasien er det gøyare å tenkje full Mad Max, Waterworld eller Independence Day. Og då må vi flykte i all hast på hytta på fjellet. Gøyme oss vekk i ei hole i rurale kommunar på det vêrharde Vestlandet eller Finnmarksvidda. Når så katastrofen er sekundar unna og bilen står på tomgang med kone og ungar, klar til flukta frå sivilisasjonen: kva for tre vinar rekk du å hive med deg før apokalypsen sluker huset, vinkjellaren og alle mobilladarane?

Ok, premisset er kva eg sjølv har i vinskåpet. Tre flasker som eg trur vil skape varme, trøyst og glimt av glede rundt gassbrennaren i ein sjølvbygd gapahuk ute på ei øy i havgapet. Bergen og Sotra er nok borte, det same er tettbygde strøk på austlandet. No sit vi her, familien er samla rundt eit stearinlys og eit lite bål vi har klart å skrape saman av drivved og furukvist. Dag 25 i soveposen, regn, november, frykt og mørke kveldar. Heldigvis hadde du ein pakke Riedel-glas liggjande i bilen som du skulle selje på finn.no, då gehenna braut ut. Flaks i uflaks. 

Hirsch Vineyards San Andreas Fault Pinot Noir 2019

Var det så lurt å ta med ein skjør pinot på dommedagstur? Vel, eg treng noko som kan ta tankane vekk frå alvoret. Dessutan likar kona slik vin. Ah! Sexy og parfymert, rik, flott lukt. Søte bær, fiol og litt animalsk. Flott pinot-nase! I munnen er vinen balansert og det smakar dyrt og deilig. God syre og fine smakar av mørke og raude bær, og noko floralt. Ikkje så mykje eik. Godt handverk. 630 kr kosta vinen i si tid, men kva er vel pengar no når vi ikkje veit om Norges bank eller fylkeskommunen lenger eksisterer?

Domaine des Carlines Vouivre Côtes du Jura 2018

Etter at familien har ete opp sjokoladen, kjeksa, knekkebrøda og Real turmat-rasjonen, er det ikkje anna å gjere enn å prøve å skaffe noko mat rett frå den postapokalyptiske naturen. No er det ikkje slik at eg har ei fiskestong liggjande i bilen, og i ein pressa situasjon hadde eg nok sikkert ikkje klart å få den med i siste liten. Men la oss no spele med, og seie at eg hadde ei fiskestong. Då hadde det noke sikkert blitt litt sei og torsk på kroken etter kvart. Då treng vi litt kvitvin for å døyve skuffelsen over at far ikkje har med smør, salt, pepar eller noko anna garnityr å ha attåt den ferske kysttorsken. Denne vinen er laga på 70% chardonnay og 30% savagnin. Saumlaus, lekker lukt av gulfrukt, bakt sitron, gule eple, og med hint av kalk og fat. Middels fyldig vin med fenolisk grep og skikkeleg konsentrasjon. Balansert vin med moderat frukt, hint av flor og chardonnay dyrka i mergeljord. Veldig Jura, veldig god. Vinen kosta 300 kr før endetida.

Barbeito Ribeiro Real Boal 20 Years Old

“Hvilken vin ville du tatt med til en øde øy?” er jo eit typisk spørsmål til vininteresserte. Vel, no er situasjonen der. Familien prøver å halde ut med kvarandre. Det er lite mat, det bles, gapahuken som far og mor har laga er mildt sagt skjør. Det er ikkje WIFI eller mobilnett. Det er vanskeleg å få ungane til å lese Hellemyrsfolket, trass i at det er det einaste underhaldningstilbodet vi fekk raska med oss. I ei slik situasjon treng eg ein vin frå ei aude øy. Madeira. Dessutan likar ikkje kona slik vin, så eg får flaska for meg sjølv. Då kan eg sitje å lukte og drøyme meg bort, medan det er hennar tur til å fange middag. Lysebrun vin med oransje kant. Mjuk og elegant lukt i tillegg til dei sedvanlege volatile syrene. Her er det mykje godt som siv avgarde forbi nasemuslingane: vulkansk stein, petroleum, curry og sitrus. Medan ei kostbar karamellisering ligg over det heile. Fyldig og svær madeira med flott syre. Smakane går mot grapefrukt, appelsinskal, knekk og trebåt. Lang, syrleg ettersmak. Deilig vin. Godt at denne låg ytterst i vinskåpet. Kjøpt i 2017 for 1099kr.

Men sett no at vi skrur til apokalypsen endå eit hakk. Kva om det er slik at du ikkje har noko vin heime, eller at du ikkje rekk innom vinskapet før du må suse unna avgrunnen. Kva om du vert nøydd til å raide ditt lokale pol for tre flasker, før du set kursen mot bunkersen. Kva tek du med deg? Eg er heldig, for Førde-polet har då ein del vin som vil gje meg glede i endetida. 

Szepsy Tokaji Furmint Nyúlászó 2018

Djup strågul. Oh! Ei slegge av ein vin. Rikt anslag med aprikos, eik, pære og knust stein. Ganske rik vin. Tørr og med mykje på gang allereie. Søtleg aprikos, noko eikekrydder, fenolisk grep og fin syre. Gjev mykje, men vil nok vise fram ei litt smalare og meir mineralsk side med nokre års utvikling. Ja ja, om verda står då… 349,80 kr er prisen. Finst på mange pol rundt om i Noreg, trass i ein produksjon på berre 2820 flasker. Har skifta til årgang 2020, så det vil nok vere både 2018 og 2020 på polhyllene.

Dersom internett ikkje vert ramma, kan du lese meir om tørr furmint her.

Le Vigne di Eli Etna Rosso 2019

Mørk burgundfarga og transparent. Vinen har ein djup og fin bærklang. Det luktar av kjølige, syrlege bær, lava og urter. Jammen fint å kunne drøyme seg vekk til sydlige strøk, når ein ligg og hutrar i soveposen og kikar på havet og brenningane som aldri gir seg. Det smakar av sursøte bær, passe fruktig. Mjuke tannin, men god syre. Her er eleganse og stein, utan at det vert for komplisert. Dersom vi klarer å redde Noreg, skuldar eg Vinmonopolet 255 kr for denne. Kun tre pol har denne på hylla.

Ch. la Tour l’Aspic 2006, kr 339,90

Utvikla granatraud med litt bruning, og nesten transparent. Ganske fruktig vin på nasen, noko som kjem godt med i einsemda og tagnaden rundt bålet. Ja ja, ungane er no ganske positive, trass i at dei ikkje har vore på snapchat på 27 dagar. Det luktar av syrlege bær, solbær og nougat. Ein del utvikling. Diskret krydra med eik og stilk. Fruktig vin i munnen med ok syre og middels fylde. Raude bær, plommer og treverk. Nedslipte, litt grove tannin. Ja ja, får prøve å sjå det positive i det. Dette var siste flaska. Lurer på om nokon andre har klart seg? Hallo.. er det det nokon der ute?

.. hallo?

Dersom apokalypsen let vente på seg, kan du kose deg med alt det andre fine innhaldet her på Nattverden. Kanskje Nils Johan har ein artikkel om katastrofefilm og vin?

Ein tanke på “Dommedagsvin

Leave a Reply