Topp 41/43 Storm Vrede 2023

Det bles ein svak vind frå sør. Våren og påska har vore mild, regntung og grå her vest. Snøen legg seg berre på toppen av dei høgste fjella, og skisesongen er i praksis snart over. Det er vel berre å byrje å planlegge pinot-sesongen, for dei som likar å smørje med lyseraudt.  Eg har akkurat smakt eit par som gav god glid i klassisksporet, begge … Les meir Topp 41/43 Storm Vrede 2023

Kult eller kalkun #3 – altså, aligoté?

Vinverda har sine eigne ekkokammer, saueflokkar og rottefangarar med lokkande fløytelått. Det skal difor ikkje så mykje til for å oppdage noko nytt og spanande. Ein må berre stille inn antenna på ein litt vidare frekvens. Har de høyrd om Marc Soyard? Nei, det hadde ikkje eg heller. Renessanse Jaudå, eg kan likegodt berre innrømme det med ein gong: eg har ikkje fått med meg … Les meir Kult eller kalkun #3 – altså, aligoté?

Drops of God – vin, regn og pute-TV

Blod er tjukkare enn vin, men berre så vidt. Serien “Drops of God” som er basert på manga-teikneserien som kom ut i 44 album frå 2004 til 2014, ligg ute på AppleTV no. Fyrste sesong kom ut i 2023, medan sesong to byrja no i 2026. Det er ikkje kvar dag det vert lansert noko filmatisk som krinsar rundt vin, så dette måtte eg få … Les meir Drops of God – vin, regn og pute-TV

Topp 42/43 Anselma Langhe Nebbiolo 2019

Når eg snøgt blar igjennom biletearkivet på mobiltelefonen ser at det er eit skifte for 12-13 år sidan. Før det, så dukkar det opp mange flasker frå Bourgogne, medan seinare har majoriteten av raudvinsflasker flytta seg til Piemonte. Det har gått frå pinot til nebbiolo.  Alle desse åra med nebbiolo frå Langhe, Barolo, Barbaresco, Gattinara og Valtelinna har gjeve meg mykje glede. Men det er … Les meir Topp 42/43 Anselma Langhe Nebbiolo 2019

Chardonnay med dialekt

Eg har for kort tid sidan vore igjennom fire chardonnay-vinar, alle ganske så ulike, og frå ulike verdshjørne. Men korleis best skildre vinane? Kvar for seg er dei alle fire typiske i sin god-kvalitets-chardonnay-med-noko-eikelagring-stil, men likevel er dei ganske så distinkte i kvar sin retning. Faktisk gjer det kanskje best meining å skildre dei mot kvarandre, og då utan å bruke for mykje av fruktkorg-adjektiva, … Les meir Chardonnay med dialekt

Stiløvingar: 3xSonnenuhr

“Menneske er berre heilt menneske når det leikar.” Friedrich von Schiller Eg har 99 versjonar av historia, men sanninga er ikkje ei. Den tynne, men innhaldsrike boka Stiløvingar av Raymond Queneau (1947), som eg har i Ragnar Hovland si norske omsetjing (1996), har lege der som ein potensiell inspirasjon til å arrangere ei smaking av nokre vinar. Når så ein gjeng kameratar skulle kome på … Les meir Stiløvingar: 3xSonnenuhr

Eik: Manhartsberg

Om vi går eit stykke tilbake i tid, så var kommunikasjon og transport av gods ei langdryg affære. Før gode vegar og jarnbana, godsvogner og lastebilar, så var det område som låg nær kysten eller nær store farbare elver, som hadde det lettast for å sende eller ta imot tyngre last. Om ein vinbonde i Franken, Weinviertel eller Sopron skulle trenge eit fat til å … Les meir Eik: Manhartsberg

Eik: frå skog til flaske

Eg startar ein serie med artiklar der eg ser på bruken av eik i vinmaking. Det er eit stort tema, og mange interessante innfallsvinklar. Det viste seg at det finst ein del vin der eikebruken er, om ikkje dominerande, så iallefall ein svært viktig del av identiteten til det som vinmakaren prøver å oppnå med den ferdige vinen. Han har sine grunnar til å velje … Les meir Eik: frå skog til flaske

Wachau weissgipfler

Sa du verkeleg weissgipfler? Kva med falkensteiner eller dreimänner? Neidå, kjært barn har mange namn, og dette er ein artikkel om grüner veltliner, Austerrike si viktigaste drue, planta på 14 296 hektar, som er eit par fotballbaner unna å vere ein tredjedel av totalt vinmarksareal i landet. Og i Wachau står ho for 64%, mot riesling på 18% og zweigelt på 4,3%. Wachau på si … Les meir Wachau weissgipfler

Side om side: Knoll Smaragd Riesling 2023

Ved å smake vin frå fleire vinmarker frå eit lite geografisk område, kan ein etter kvart byrje å danne seg eit bilete av noko av det som er særskild med desse terroira og området. Og for å gjere denne øvinga så systematisk som mogleg, er det interessant å utelukke flest mogleg variablar. Eg hadde eit par vinar liggjande som eg var nyfiken på, og så … Les meir Side om side: Knoll Smaragd Riesling 2023

Ei flaske, HM Lang This is not a Love Song Riesling 2020

Dette er ein vin av høg kvalitet, men det er ikkje sikkert du kjem til å like han. Eg var svært forventningsfull før eg opna denne flaska, men samtidig litt nervøs. Det var sprikande meldingar, og det kunne sjå ut som dette var noko litt eksperimentelle greier. Det er det. Dette er ingen vin å ta med på fyrste date. Ikkje på stevnemøte i det … Les meir Ei flaske, HM Lang This is not a Love Song Riesling 2020

Storbyferie?

Bølgjande grøne landskap, ein dal med vinstokkar oppetter sidene, ei slyngande sakte elv i botnen. Her og der ei koseleg husklynge, på beitemarkene går det kyr. Mjølka vert sikkert ein lokal ost med eit vanskeleg namn. Ja slik ser vi for oss eit typisk vindistrikt. Dei geografiske og klimatiske tilhøva som gjer at vinplanten trivst og gjer topp vin, er ikkje alltid samanfallande med store … Les meir Storbyferie?

Franken silvaner

Om du skulle velje deg tysk vin frå ei anna kvitvinsdrue enn riesling, kva hadde du gått for? Kerner? Bacchus eller müller-thurgau? Nei, ikkje akkurat. Kanskje weissburgunder, men eg trur nok at eg hadde landa på silvaner. Ho er ikkje like brukarvenleg eller så sexy som riesling, men det er mogleg å lage solid vin med spanande kvalitetar. Det er iallefall ein slags konklusjon etter … Les meir Franken silvaner