Årets beste i 2020

Håvard sine favorittar Når eg blar igjennom notatboka, finn eg mange gode vinopplevingar i år òg. Nokre av flaskene var tenkt å vere med til Bergen for å verte delte med nokre utvalde vinfolk. Andre flasker står enno uopna til det vert litt tryggare å igjen vitje storbyen i sørfylket. Eg går nok ikkje like langt unna allfarveg når det gjeld å oppsøke nye vinar, … Les meir Årets beste i 2020

Gaispfad fram frå gløymsla

Trabener Gaispfad er ei av desse strålande vinmarkene i Mosel som allikevel gjekk i gløymeboka. Byen Traben-Trarbach flaug høgast under belle epoque før fyrste verdskrig. Det var ein vinhandelsby med pengar og suksess. Det var så mykje pengar å tene på Mosel riesling at Deutsche Bank sin filial i den vesle byen hadde like stor omsetning som den i storbyen Trier. Dei vestvende og bratte … Les meir Gaispfad fram frå gløymsla

Rimeleg pinot noir med stil

Du er kanskje ein av dei som drøymer deg attende til den gong du kunne kjøpe Vosne-Romanée-kommunevin til 300 kr. Eller du sit åleine heime, og vil så gjerne stikke ned på vinbaren og møte nokre veninner til eit glas leskande og uforpliktande amerikansk pinot noir. Men året er 2020, Vosne-Romanée er blitt Veblen-goods* og vinbaren er stengd av Raymond Johansen. Det får bli netflix, … Les meir Rimeleg pinot noir med stil

Når nettene blir Langhe

“Nå må det bli slutt på festene for en periode”, sa Erna, med den strenge tante Sofie-mina. Vi skal halde oss heime, er refrenget på haustens traurige song. Om ingen går i fella og passar seg for smitte, kan alle saman snart få feire jul igjen. Heisann og hoppsann… Ja, så sit vi heime då. Med kohorten vår. Igjen. Litt trykka stemning etter kvart. Det … Les meir Når nettene blir Langhe

Prøv denne arinto-en til klippfisk

Tenk på ein fisk Kor tid tenkte du sist på klippfisk? Eg har tenkt litt, for det er ein del i kjøleskåpet. Kor tid tenkte du på vin på drua arinto? Nei, det må eg innrømme at er sjeldan. Litt portugisisk kvitvin har då funne vegen frå handlekorga og inn i vinskåpet. Om lag like mange har etter kvart stått på middagsbordet ved sida av … Les meir Prøv denne arinto-en til klippfisk

Bordeaux i bakspegelen

Eg hadde lyst på vin med litt substans. Vin med alder. Med utvikling. Kall det utforsking. Det er haust og dritvêr, og raudvin og kjøt kjem på agendaen. Bordeaux har trass i mange nedturar og ulike grunnar til skepsis, framleis eit godt utval her til lands. I Sverige er det anleis. Der er Bordeaux heilt ut kan ein svensk vinskribent fortelje meg. I skrivande stund … Les meir Bordeaux i bakspegelen

#underskog

Kortreist Denne sumaren har fleire nordmenn enn vanleg vore på ferie i eige land. Det betyr at ip-adressene bak instagram- og twitterkontiane som postar bilete frå Preikestolen, Trolltunga og Svolværgeita er litt meir konsentrert enn elles. No er sumaren over, og det er attende til #heimekontor. Posør Men hausten har mykje fint å by på, og det dukkar gjerne opp noko #sopptur i feeden til … Les meir #underskog

Nysgjerrig på ny sherry II

Vin er på ein måte berre eit mellomstadium på veg mot eddik. Kjemisk sett. Druemost og vin er begge skjøre og lettpåverkelege. Mosten er ikkje lett å halde unna gjær- eller muggsopp. Og vinen, som er litt meir robust, vil til slutt bli eddik. Hausten er tida for overgang mellom yrande liv og død. Planter og vin skal inn i ein overgangsrite. For planteriket sin … Les meir Nysgjerrig på ny sherry II

Bokmelding: Inside Bordeaux

Med inntoget av internett og lesebrett, er det kanskje rart at det framleis vert lansert papirbøker. Dei raske digitale media gjer det mogleg å oppdatere, korrigere og redigere innhald etterkvart som nye opplysningar og ny kunnskap kjem for dagen. Kunsten å lage ein vinbok som ikkje vert utdatert etter kort tid, er det ikkje mange som meistrar. Vinleksikon og referanseverk er tidkrevjande å lage, og … Les meir Bokmelding: Inside Bordeaux

R.I.P. – Riesling i parkett

På gravsteinen Om du har vore på ein kyrkjegard har du nok lagt merke til eldre gravsteinar. Det som skil desse frå nyare, er at yrket til personen som er gravlagt somme tider er teke med. Meieribestyrar, disponent, overlærar, gardbrukar, lækjar, prest og klokkar er titlar som fortel noko om vedkommande. Fødselsdato og dødsdato fortel om alderen. Og det står gjerne nokre ord om sakn … Les meir R.I.P. – Riesling i parkett

Kardinalsynd og juksepavar #4

Kva har Siv Jensen sitt indianarkostyme, og isbit-utvinning frå Svartisen med vin å gjere? Det kjem vi til. Men du har kanskje allereie byrja å sjå teikninga her? Det handlar om å følgje skrivne og uskrivne reglar, om moralske kompass ute av kurs, ja slike ting. Fellesskap Som vinbonde og/eller vinprodusent er ein som regel del av eit fellesskap med andre i same situasjon på … Les meir Kardinalsynd og juksepavar #4

Våre(ns) bobler

Erna og Bent har letta på trykket. Samfunnet er på veg ut av isolasjon og dvale. Knoppane brest! Det er på tide å la flasker med seks atmosfærers trykk få skumme over, og smil, lette og glede få breie seg i alle samfunnslag. Har du ikkje noko å feire? Ei flaske Champagne er eit høve i seg sjølv.
Her får du Nattverden sine forslag til musserande – med prisklassar til både kvardag og høgtid.

Les meir “Våre(ns) bobler”