Chianti Classico Riserva 2016

Konsortiet i Chianti Classico markerte i 2016 at det var 300 år sidan storhertug Cosimo III signerte eit skriv som skildra det geografiske området for Chianti. No er det ein del vin frå 2016 tilgjengeleg, så då kan vi markere det med å smake på jubileumsårgangen. Betre seint enn aldri. Og vinen er verd ei lita feiring.  Kommunar og klassar Kjerneområdet som vart nedteikna i … Les meir Chianti Classico Riserva 2016

Mosel 2021

Set du pris på årgangsforskjellar? Det gjer eg. Dei kan vere nådelause i marginale vekstsoner. Eit år med dårleg mogning kan gje mykje grøn og trang vin. Ein middels årgang kan vere topp for folk med dårleg tolmod. Det kan vere lenge å vente før vinen frå toppårgangar når sitt ekvilibrium. Difor er “mellomårgangar” med mindre struktur og kortare horisont gode å drikke lenge før … Les meir Mosel 2021

Kult eller kalkun #2

Vinverda har sine eigne ekkokammer, saueflokkar og rottefangarar med lokkande fløytelått. Det skal difor ikkje så mykje til for å oppdage noko nytt og spanande. Ein må berre stille inn antenna på ein litt vidare frekvens. Har de høyrd om Clos Cibonne? Nei, det hadde ikkje eg heller. Glatt Rosévin som kategori er veldig lettsindig og glatt. Synest eg, då. Det manglar knaggar av terroir, … Les meir Kult eller kalkun #2

Savennières – Roche aux Moines

Ein av dei store Appellation Savennières i Loire har ei strålande fortid, men er hamna i skuggen. Loire er eit distrikt med mange fasettar, og for middels opplyste sjeler er det nok å hugse Sancerre og var det ikkje ein raudvin på cabernet franc? Då var det noko anna i mellomkrigstida: sola skein på Savennières og Maurice Edmond Sailland med kunstnarnamnet Curnonsky rangerte Coulée de … Les meir Savennières – Roche aux Moines

Aktuell tørr furmint

Den tørre oppstarten Seriøs tørr furmint har no vore laga i Tokaj-Hegyalja sidan Oremus lanserte Mandolas Furmint fyrste gong i 1997. I 2000 skapte Istvan Szepsy vinen Úrágya Furmint frå vinhuset Kiralyudvar, og sidan har han vore hekta. Tørr furmint er altså ein ny vintype. Tørr, delvis oksidert og flor-lagra szamorodni har vore laga i lang tid, men dette har vore meir av eit restprodukt … Les meir Aktuell tørr furmint

Kardinalsynd og juksepavar #5

Mundus vult decipi. Verden vil bedras. Men i ei verd av lovnadar om framtidig lukke, pengespel, grønare gras, den heilage gral, jag etter vind og kryptovaluta, står vinverda for noko jordnært og konkret. Av jord, og i beste fall ein så konkret del jord at han finst på kart og bilete, og overført tyding i smaksminnet til vindrikkarar som har vore så heldige å få … Les meir Kardinalsynd og juksepavar #5

Clos Häuserer

Zind-Humbrecht treng ikkje så mykje introduksjon. Mor og far til Olivier Humbrecht har sett saman sine parsellar, og domainet har i dag 40 hektar vinmarker som vert dyrka biodynamisk og med gjennomtenkt filosofi. Dette skaper av og til kompromisslause vinar som ikkje alle likar. Vi nordmenn likar vel generelt ting som er friskt og slankt, og då fell mykje pinot gris, gewürztraminer og muscat på … Les meir Clos Häuserer

Raud Bordeaux 2004

Pris og tilgang Etter ei interessant og lærerik smaking av Bordeaux-vin frå to ulike årgangar, var det planlagd ei horisontalsmaking av 2004. Eg hadde sett på ulike årgangar til ein horisontal, men det var ikkje så lett å finne eit breidt utval frå årgangar med litt utvikling. Vinane vart kjøpt inn i 2019-2020, men smakinga har lege på is på grunn av ikkje ukjende korona-restriksjonar. … Les meir Raud Bordeaux 2004

Sonoma Pinot Noir: Hirsch

Kontinentalplater er svære greier. Heile tida i sakte rørsle. Heile tida skubbande og skrapande på plata som ligg inntil. 14 plater i sakte flyt. 14 plater med land og hav. 14 plater oppå ein seig, varm, tung, sakteflytande mantel. I verdas mest langsame dans, den platetektoniske syklusen, kjem kontinent saman og skiljer lag. Kontinentalplater et hundre millionar år til frukost. Good morning, America! God kveld, … Les meir Sonoma Pinot Noir: Hirsch

Vektklubben

På denne tida av året er fleire menneske enn vanleg oppteken av vekt. Uansett fasong, så vert det sett mål om reduksjon. Vi ser på ulike måtar å redusere, trimme og skjære vekk unødig ballast. All denne mellombelse vektreduksjonen av befolkinga, er den så nyttig? Finst det andre plassar å kutte vekt som vil vere til meir glede for framtida og miljøet rundt oss? Julegris … Les meir Vektklubben