
Skribent: Jan Tore Skråmestø


Vietti Timorasso Derthona 2020
Timorasso – nær utdøydd Piemonte-drue, redda av Walter Massa på 80-talet, og har fått ein slags kultstatus blant overjoviale vinkelnarar. Forøvrig den vanlege historia: desimert av phylloxera, erstatta av meir populistiske drueslag, og redda av entusiastar. Var det verd bryet?
Les meir “Vietti Timorasso Derthona 2020”
Chassenay d’Arce Confidences Brut 2009
Samvirkelags-sjampanje med stifting i 1952, og etter kvart druebidrag frå 130 småprodusentar rundt Ville-sur-Arce. Dei er forøvrig huset som står bak lavpris-slageren Montaubret.
Côte des Bar – nær Burgund – var lenge den stygge andungen i Champagne, ein stad der druedyrking var ei attåtnæring, der det ikkje fantes berømte vinhus, og det meste av druer vart seld til rikingar i Reims. Tidleg 1900-tal pusha Marne-krefter dei ut av Champagne og inn i Champagne deuxième zone – andreklasses sjampanje. Sjølvsagt vart det bråk, og dei vart hanka inn igjen i 1927. I dag har dei framleis rolla som rebell i konforme Champagne…
Les meir “Chassenay d’Arce Confidences Brut 2009”
Stjerner over Betlehem?
5 kilometer utanfor Betlehem har Cremisan – med oppstart frå den italienske misjonæren Antonio Belloni, som brukte inntekta til barnevernsarbeid – laga vin sidan 1885. I dag går framleis deler av overskotet til solidaritetsarbeid i regionen.
Les meir “Stjerner over Betlehem?”
Marsvinquiz 2023

Baku to the Future
Det er på tide å fullføra den Den transkaukasiske demokratiske føderale republikk-trilogien. Frå før har Georgia og Armenia fått sitt – og no er det endeleg Eldens Rike sin tur. Aserbajdsjan har ein fleire tusen år gamal vintradisjon som vart smadra av Sovjet-samveldet, og prøver no å koma på føtene igjen. Med økonomisk hjelp frå EU og ønologisk hjelp frå Frankrike har Shirvan Wines bygd opp eit moderne, økologisk anlegg mellom Baku og Kaukasus-fjella med det som ser ut til å vera Rhone-inspirert drueplanting i tillegg til dei tradisjonelle regionale slaga.
Les meir “Baku to the Future”
Oransje frå Libanon
Atter skal dei bu i min skugge,
endå ein gong skal dei dyrka korn.
Dei skal bløma som eit vintre,
få ry som vinen frå Libanon.

Pinot of no Return
Méthode ancestrale – eller berre Méthode som dei kalla det i 1550 – er den eldste formen for musserande vinlaging ein kjenner til, der ikkje heilt ferdig fermentert vin blir tappa på flaske og dannar bobler i siste innspurt av gjæringa. Antakeleg oppsto det utilsikta ved at gjæringa stoppa når det vart kald vinter og livna til att då våren kom. I dag kan vinbønder tilsynelatande gje kontrollen frå seg til naturen, men samstundes ha ein styring over temperatur og prosess som ikkje var mogleg for tidlegare generasjonar. Om metoden er blitt enklare å hanskas med, er likevel ein heil del overlaten til slumpelukka og flaskevariasjon.
Les meir “Pinot of no Return”
Eksklusivt botnfall…
Det er viktig å vera open for nye impulsar og utfordra eigne fordommar. Det er også viktig å vite når ein skal halde kjeft… Etter å ha vore litt breial på Nattverden sitt intranett, havna ei flaske frå Franz Wilhelm Langguth Erben opp i potane mine med krav om ein artikkel.
Les meir “Eksklusivt botnfall…”
Mourvèdre on the dance floor
Rajat Parr Wine Club Anika Mourvèdre 2019 Central Coast, California, Sambandsstatane. 100 % mourvèdre – monastrell i Spania, blend i Rhone og innimellom einsleg drue… 100 år gamle vinstokkar frå Enz Vineyard i Lime Kiln Valley. Spontanfermentert i heile klasar i digre sementkar, så 10 månadar i nøytrale eikefat. Økologiske, biodynamiske og veganske prinsipp. Bjørnebær, blåbær, pepperkake, raud smågodtfisk og søtleg krydderhylle. Små whiff med … Les meir Mourvèdre on the dance floor

Georgia on my Wine II
Frå 1921 ein satellittstat i Sovjetunionen som ‘Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk (TFSSR)’, ei branding som seinare vart endra til litt meir catchy ‘Den georgiske sosialistiske sovjetrepublikk’. Inneklemt mellom Tyrkia og Russland ligg vesle Georgia som – sjølv om Noreg i areal er fem gongar større – har sin eigen kristne religion og sitt eige alfabet. Og bortimot 400 druesortar. Baia’s Wine Tsolikouri 2019 Ungdommeleg … Les meir Georgia on my Wine II

Vin på skogen
Ein del druesortar er gøyare å uttale gjennom flaska enn andre. Bukettraube tronar sjølvsagt på topp, men italienske schioppettino heng ikkje langt bak. Drua levde eit stille liv utanfor Friuli i nokre hundreår – så kom bladlusa, og ved nyplantinga vart schioppettino ofra til fordel for meir populistiske drueslag. Drua vart sett på som så utrydda at sjølv italiensk vinbyråkrati ikkje ville vedkjenna seg eksistensen. … Les meir Vin på skogen

Vini d’Ischia Biancolella
Stakkars Ischia. Med strategisk plassering utanfor Napoli, har den vesle øya vore mobbeoffer for små og store makter gjennom nokre tusen år, i tillegg til vulkanutbrot og generell piratverksemd. Byta mot Capri av Keiser Augustus, teken av herulerane, så av austgotarar, så av romarane igjen, så arabarar, tyskarar, normannarar, pisanarar, franskmenn, engelskmenn og ein heil del andre i ymse rekkefølgje.
Les meir “Vini d’Ischia Biancolella”
We are the Champenois
– Der var du tilbake igjen, ja. Det gjekk jo ikkje så bra sist. Har du kjøpt merkeleg vin igjen?
– Nei!
– Jan Tore.
– Eg har kjøpt sjampanje!
– Flott, flott. Du finn knapt eit meir klassisk område.
– Utan bobler…
– Jo, jo. Dei får jo til chardonnay og sånn andre stader, så kvifor ikkje i Champagne no når det blir varmare?
– 100 % petit meslier…
– …
– Til 650,-
– …
– …

Diamantakis are forever
There is a land called Crete, in the midst of the wine-dark sea, a fair, rich land, begirt with water,
and therein are many men, past counting, and ninety cities.