Vin på skogen

Ein del druesortar er gøyare å uttale gjennom flaska enn andre. Bukettraube tronar sjølvsagt på topp, men italienske schioppettino heng ikkje langt bak. Drua levde eit stille liv utanfor Friuli i nokre hundreår – så kom bladlusa, og ved nyplantinga vart schioppettino ofra til fordel for meir populistiske drueslag. Drua vart sett på som så utrydda at sjølv italiensk vinbyråkrati ikkje ville vedkjenna seg eksistensen. … Les meir Vin på skogen

Vini d’Ischia Biancolella

Stakkars Ischia. Med strategisk plassering utanfor Napoli, har den vesle øya vore mobbeoffer for små og store makter gjennom nokre tusen år, i tillegg til vulkanutbrot og generell piratverksemd. Byta mot Capri av Keiser Augustus, teken av herulerane, så av austgotarar, så av romarane igjen, så arabarar, tyskarar, normannarar, pisanarar, franskmenn, engelskmenn og ein heil del andre i ymse rekkefølgje.

Les meir “Vini d’Ischia Biancolella”

We are the Champenois

– Der var du tilbake igjen, ja. Det gjekk jo ikkje så bra sist. Har du kjøpt merkeleg vin igjen?
– Nei!
– Jan Tore.
– Eg har kjøpt sjampanje!
– Flott, flott. Du finn knapt eit meir klassisk område.
– Utan bobler…
– Jo, jo. Dei får jo til chardonnay og sånn andre stader, så kvifor ikkje i Champagne no når det blir varmare?
– 100 % petit meslier…
– …
– Til 650,-
– …
– …

Les meir “We are the Champenois”

Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018

Ah, britiske bobler. Der til dømes Hambledon vart starta av ein brite med koko tittel og bindestrek i etternamnet, er det noko meir edrueleg med ekteparet Simpson, som – etter ein tjuvstart i Languedoc – etablerte seg i Kent i 2012. Her har dei på rekordtid fått til ikkje berre musserande, men også stille vinar, både kvitt og raudt.

Les meir “Simpsons Chalklands Classic Cuvée 2018”

Murmel, murmel, murmel…

Eigentleg var Frode Refstad ferdig med vinbonding då han selde Tenuta il Sogno og flytta frå Asti til Valle d’Aosta for å bli fjellfant på heiltid. Imidlertid ser det ut til at han vart jordsjuk og kjøpte seg litt druemark, og så litt til. Dette er no blitt til eit par tusen flasker, fordelt mellom svært lokale druer og meir populistiske typar.    Cantina la … Les meir Murmel, murmel, murmel…

Ved foten av Ararat

Armenia er eit av desse eldgamle, fillerista Kaukasus-vegkryssa i historia, forsøkt utsletta av det Ottomanske riket, tvunge saman med Georgia og Aserbajdsjan som Den transkaukasiske sosialistiske føderative sovjetrepublikk, og omsider sjølvstendig stat igjen frå 1991. Oppi fjella prøver vinmakarar å sjonglera 6000 års tradisjon med koko druer og moderne innovasjon etter at Sovjetunionen rota til jordbruket deira. Zorah Voskì var mellom favorittane eg smakte i 2020, men hadde ein pris over 350,- Kan meir budsjettorienterte vinar gje drikkeglede?

Les meir “Ved foten av Ararat”

Grapes of What?

Som vanleg med italienske druer endar eg opp meir forvirra etter kjeldearbeidet enn då eg starta. Den vesle vinregionen Lugana – sør for Garda-sjøen, ikkje så langt frå Verona – har i hovudsak spesialisert seg på kvite druer, nærare bestemt turbiana. Fordi drua lokalt vart kalla trebbiano di Lugana antok dei som bryr seg om slikt at det berre var nok eit medlem av trebbiano-familien. Så kom vin-CSI med dna-testing og sånn, og hevda at drua berre var verdicchio med sexy namn. Dette vart ikkje godt mottatt i Lugana, og regionale krefter – antakeleg med mektige venar – har frå 2021 fått registrert turbiana som eit eige drueslag – dog tett i slekt med verdicchio. Dette i følgje nettsider som stort sett siterer kvarandre. Og enno har vi ikkje snakka om trebbiano di Soave. Eg resignerer og vil heller ha vin…

Les meir “Grapes of What?”

Vinema Paradiso

«No grape brings more joy or more pain» (Carlo Ferrini)

Sangiovese – Jupiters blod, og arbeidshesten i Italia si mangfaldige drueverd, brukt i alt frå enkle bordvinar til supertoscanarar til søt passito. Det er ei drue du antakeleg har smakt – enten i chiantien du tok med på ex. phil-fest i studiedagane for å visa din gode vinsmak, eller som matvin på ferien gjennom Italia. Drua er varmekjær, mognar langsomt, og kan enda opp som lett og ukomplisert eller kompleks og lagringsdyktig vin alt etter kven, kvar og korleis…

Les meir “Vinema Paradiso”

Vellukka Experiment

Trass den mørke fargen er prokupac tradisjonelt mest brukt til rosévin eller i raud blend med meir populistiske druer. Sjølv om drua er vanleg i det tidlegare Jugoslavia, er den hardføre sorten, som fint tåler temperaturar ned mot minus atten gradar, knapt kjend utanfor Serbia, Kosovo og Nord-Makedonia. I Serbia kjem ein ny generasjon med småskala vinprodusentar ut av garasjane sine – og Radovan Djordjevic hjå Podrum Čokot vil gjerne syna at prokupac kan fungera åleine som raudvin.  

Les meir “Vellukka Experiment”