Kardinalsynd og juksepavar #5

Mundus vult decipi. Verden vil bedras. Men i ei verd av lovnadar om framtidig lukke, pengespel, grønare gras, den heilage gral, jag etter vind og kryptovaluta, står vinverda for noko jordnært og konkret. Av jord, og i beste fall ein så konkret del jord at han finst på kart og bilete, og overført tyding i smaksminnet til vindrikkarar som har vore så heldige å få smake på avdrotten. Vin av ein viss kvalitet har ein stor verdi for vininteresserte rundt om i verda, og det bidreg til at vinbønder og vinmakarar kan leve av å dyrke jorda og lage vin.

Eg har to ungar som begge har gått i barnehage. Der har dei til liks med tusenvis av andre barnehageborn, laga teikningar som dei stolt viser fram. På ein dag kunne dei nok produsere opp til ti teikningar. Ti teikningar pr dag gange fem år i barnehage, gange med to ungar, blir ein svær haug med non-fungible teikningar. Denne samlinga med unike kunstverk har nok hovudsakleg ein liten nostalgisk affeksjonsverdi for dei to som har produsert kunstnarane. Etter nokre år vert det òg klart at det finst ein viss brennverdi i all cellulosen.

Det er kanskje litt underleg å nytte treåringar sine skrablestrekar på eit A4-ark som metafor for noko som skjer i vinverda. Men det er diverre grunn for å melde om store mengder toskeskap. Ein vinetikett skal fortelje kva som er inni flaska, og informerte vindrikkarar vil kunne finne eit samsvar mellom informasjonen og smaken på vinen. Dei flinkaste vinprodusentane er så stolte av seg sjølv og av eigedomen sin at dei som regel framhevar familienamn og geografisk opphav på etiketten. I den andre enden av skalaen så vert etikettane til masseprodusert, kjip vin dekorert med objekt som ikkje handlar om vin i det heile teke. Tenk på kunstverk, kenguru, kattar, syklar og fallande fjører.

Vindrikkarar verdset innhaldet i flaska, og autentisiteten vert bekrefta av informasjonen på etiketten og av vinmyndigheitene i området og landet vinen kjem frå. Ein del vineigedomar har eigarar som bur i ein heilt annan del av landet eller i eit anna land. Desse har mindre kontakt med staden og med kva det vil seie å forvalte eit jordbruksareal. Ein del eigarar har sterkare forpliktingar mot salstal, framgang og konsernstrategiar. Då kan det vere freistande å nytte marknadsavdelinga til å forsøke å skape ein verdi på produktet ut over kvaliteten som finst inni flaska.

Penfolds frå Australia skal no selje to 6-liter flasker med raudvin som NFT. Vinen vart seld på ein auksjon på BlockBar.com, som tilbyr handel med «luxury wine and spirit brands» via autentisitet frå ein NFT og betaling med Ethereum. Sjølve vinen er to Penfolds Superblend frå årgang 2018, to versjonar av cabernet/shiraz-miks frå bestanddeler som går inn i dei dyraste vinane til Penfolds. Den eine, Superblend 802.A vart lansert i juli 2021. Sidan kjem vel 802.B. Penfolds skal ha for at dei i det minste er ærlege om kva vinen passar til. Og det er ikkje å drikke han: This powerful pair will be released sequentially and are designed to be collected. Dei heldige som kjøpte NFT/flaskene på auksjonen (utropsprisen var $25 000) fekk i tillegg vinen i to vanlege 75 cl-flasker og ein privat videosmaking av desse saman med vinmakar Peter Gago. Vi andre kan jo til dømes kjøpe ei flaske Penfolds Grange og ei flaske Penfolds Bin 707 til høvesvis ca 4000 og 3000 kr, og blande oss ein tilsvarande miks av 68% cabernet og 32% shiraz. Eller kjøpe vinen i England til ca 5200 kr for ein 75 cl flaske.

NFT er eit stykke utanfor mi komfortsone. For å finne ut meir kva det er for noko, så fann eg ei side som forklarte litt. NFT er populært som kunstverk. Men NFTer kan også være en tweet. Eller en GIF. Eller en tegning av en stein. På nettsiden til sistnevnte, Ether Rock, så står det enkelt og greit at “Disse virtuelle steinene tjener ingen formål utover at de kan kjøpes og selges, og gir deg en sterk følelse av stolthet over å være eier av én av de 100 steinene”.

Men NFT er langt frå det einaste Penfolds gjer for å skape samleobjekt. Frå å vere ein pionér og vinbønder som kom frå Europa og etablerte vinmarker i 1844, har bedrifta gløymd røtene i jorda. Penfolds er ein del av det internasjonale vinkonsernet Treasury Wine Estates som har 42 vinhus, hovudsakleg i Australia og USA, men òg i New Zealand og Italia. Her vert det skapt innovasjonar og merkevarer, luksus og samleobjekt. Det er «ikon-vinar» på rekkje og rad. Alt er svært, dyrt, overdådig og limited edition. Og vert gjenteke til vi trur det er slik. Det er ingenting av det eg tenkjer på som typisk for vinverda.

Ingen vinmarker er nemd, ingen stad på jorda får nokre ord. Det er vinmakaren som er stjerna, som skaper ikon av nokre innsatsfaktorar. Vinen skal samle støv i kjellaren i sine limited edition krystall-karaflar. Det fyrste spørsmålet på FAQ-sida til Penfolds er kvar ein kan finne ut kor mykje ein kan få for vinen på auksjon. Penfolds er ikkje vin, det er investering. I 2012 lanserte dei 12 spesialdesigna ampullar med ein vin (Kalimna Block 42 Cabernet 2004) til $168 000. Vinmakar Peter Gago skryt av at alle er seld, men ingen er opna og smakt på. Det er noko trist med vinmakarar som lagar næringsmiddel som ikkje skal nytast. Det er på grensa til sjukdom. Det er i allefall toskeskap.

Penfolds har skrudd opp prisen på sin fyrste «ikon-vin» Grange, betydeleg dei siste ti åra. Sidan vinen er diger og kompakt, held han seg godt i mange år og vert kjøpt og seld på auksjonar over heile verda. Men når nye årgangar vert prisa høgre enn ein eldre årgang går for på auksjon, er det ikkje lenge før Penfolds bit seg sjølv i halen. Det vert årleg produsert 80 000 til 110 000 flasker Grange, så det er ingen småskala vin akkurat. Når vinen sjeldan vert opna og drukken men stadig kjøpt og seld på auksjon, vert det svært mange flasker i sirkulasjon. Då vert vinen heller ikkje så sjeldan at det skulle tilseie ein god auke i pris på eldre årgangar. Men terskelen for å opne ei flaske til 5000 kr er høg, og forventningane urimelege. Penfolds burde selje vinen i ei flaske forma som ei boble.

Her er ein annan som slit med å forstå kva vin og terroir er for noko.

Her kan du lese om andre som gjer vin til Veblen-goods.

Leave a Reply