Problemet med gode årgangar

Sundag 19. mai var eg ein tur i nabolaget. Nedanfor fossen og brua over elva Anga, i Førde der eg bur, var det nokre ungdomar som bada. Det var ein fin dag med over 20 grader i lufta, men vatnet var nok enno temmelig kjølig. I fjor var det også veldig fint og varmt i slutten av mai. Ja, på målestasjonen i Førde hadde mai høgre maksimumstemperatur og gjennomsnittstemperatur enn både juni og august. 30. mai var den offisielle høgste målte temperaturen 28,4 grader. Eg hugsar at både eg og ungane bada i elva i mai. Det trur eg ikkje har skjedd før.

Vårbad

Då eg såg desse ungdomane som bada, så lurer eg på om dei hadde sjekka badetemperaturen, eller om det var slik at dei hugsa kor herlig det var i fjor, då det var ein varmeperiode i mai, og born og ungdom heiv seg uti for å kjøle seg ned. Var det komen ei forventning om at denne varmen, trass i at det enno ikkje er sommar, var blitt normalen, og at det difor skulle vere heilt grei temperatur på elvevatnet? Sjølv om det i fjor var temperaturar langt over 20 grader dei siste 8-10 dagane av mai, vart ikkje badetemperaturen verkeleg fin før eit godt stykke ut i juni. Men varmen lokka folk uti allikevel. Om dette vêr- og temperaturfenomenet gjentek seg i år, og det vert like varmt og fint resten av mai, kva skjer til neste år? Dersom det då vert elleve grader og regn heile mai, noko som ikkje er heilt usannsynleg. Har vi allereie vendt oss til at det skal vere varmt og badetemperatur i mai?

Knivsegg

Går det an å tenkje seg ein parallell til vinverda? Eg tenkjer på korleis verkeleg gode årgangar påverkar korleis vi oppfattar mindre gode årgangar. Spesielt er dette aktuelt i dei nordlegaste og kjøligaste vindistrikta. Der druene berre oppnår fullstendig mogning i dei best plasserte vinmarkene, og kanskje ikkje i alle år. Vintypar som balanserer på ein knivsegg. Eg tenkjer særskild på Chablis, Bourgogne og fleire distrikt i Tyskland. Her er det relativt kjølig, og vinane har ein nerve, heller enn svær, rik og sødmefull frukt. Raud burgunder er spinkel og syrlig, samanlikna med svært mange andre raudvinstypar. Men det er jo noko av dette som gjer at han er så attraktiv.

Fruktig Chablis

I Vinforum 4/2018 skriv Per Mæleng i artikkelen Chablis i endring, korleis han stort sett har slutta å kjøpe Chablis. Han meiner stilskiftet kom på nittitalet, og at vinane har endra seg frå å vere steinvinar til å bli fruktvinar. Altså at dei tidlegare var syrlige, slanke og marginale vinar med eit intenst østers- og kalkpreg. Han meiner Chablis no i hovudsak har fått meir sentralburgundersk fedme og tekstur med til dels gul og tropisk frukt. Sjølvsagt er det forskjellar frå årgang til årgang, og mellom produsentar.

Om det er global oppvarming som gjer dette, eller om det også skuldast medvitne val frå dei som dyrkar druene, veit eg ikkje. Men ei endring som gjeld eit heilt område, med unntak av enkelte produsentar, vil skape ei endring hjå konsumentane også. Dersom vindrikkarar byrja å nyte Chablis på 2000-talet, vil dei ha ei forventning om at det er godt med frukt til å byggje rundt friskheita og østerspreget i ein god Chablis frå kimmeridge-kalk.

Eg har sjølv opplevd korleis ein vin som nok Mæleng også ville ha plassert i det gamle paradigmet, vart opplevd som litt skrinn. Sjølv om eg ikkje drikk så mykje Chablis, og preferansane er hjå produsentar med ein slank og østersprega stil. Ei flaske Chablis 1. cru Vaucoupin 2013 frå Grossot lukta og smakte intenst av østers. Ein steinete og nesten salt vin med kun snev av sitron og eplekart frå frukt- og grøntavdelinga. Ein mager Chablis som var som kopiert ut av Mæleng si skildring av mønster-Chablis frå gode gamle dagar. Chablis er heilt klart i endring, og det same har skjedd med forventningane våre. Og mine også, tydelegvis. Har eg blitt ein hedonist som treng frukt og runde former på Chablis-en?

Pinot på ny?

No drikk eg ikkje så mykje raud burgunder lenger, men nokre flasker frå dei rike årgangane 2005 og 2009 har sett spor. Vert vi skuffa når andre årgangar ikkje lever opp til desse? Har lista for kva som framleis er ein “typisk” pinot noir-vin frå Bourgogne vorte heva? Er 2005 og 2009 perfekt mogne, og f eks 2007 og 2013 litt spinkle? Ville vi opplevd 2014 som litt under pari, om vi ikkje hadde hatt årgangar som 2005 og 2009? Dette vert naturlegvis generalisering. Nokre haustar seinare eller mognare druer og /eller ekstraherer vinane slik at dei får rikare frukt. Eg drikk også for lite raud burgunder til å uttale meg skråsikkert. Men eg blir glad for innspel til debatten.

Aukande oechsle

Mosel er eit område som har fått positive verknader av global oppvarming. Druene har generelt høgre oechsle, og vinane er ikkje lenger undermogne eller har ei ubalansert høg syre. Tørre vinar kan lagast i fleire ulike stilar, utan å bli “knokkel-trocken”. Men med meir mogne druer kjem også ei forskyving av stil og forventning. Medan majoriteten av druene frå innhaustinga fram til 80-talet i stor grad vart plukka med oechsle tilsvarande kabinett, ligg det i dag mellom spätlese og auslese. Faktisk er det mykje vin som vert seld med kabinett og spätlese på etiketten, som er laga av nedklassifiserte auslese-druer. Ein kabinett i 2018 er noko heilt anna ein ein kabinett var i 1988. Ikkje berre er syra mindre poengtert og stikkande, restsukkernivået er også mykje høgre.

Høgre oechsle-nivå bidreg til at vinen vert opplevd som “større” og rikare, sjølv om det skulle vere godt med syre i vinen. Dette gjer at dagens Mosel-drikkarar kan få problem med å verdsetje ein vin frå eit spinklare år når det ein sjeldan gong inntreff, eller ei vinmark med kjøligare veksttilhøve. Er det berre global oppvarming si skuld, eller har godt vêr fått vinbøndene til å vente lenger og dermed hauste ein større del av avlinga med auslese-kvalitet? Er det ei forventning om ein viss rikheit i vinane, så alle gjer det, i frykt for å skilje seg ut som ein produsent av spinkle, små eller enkle vinar?

Framtida?

Skjer desse endringane så seint at vi ikkje får dei med oss? Jasså? Men skal det ikkje vere badetemperatur i mai? Eg trur det kan vere vanskelig å oppdage. Som i tilfellet Chablis, kan ein halde seg til produsentar som Tribut, Raveneau eller Dauvissat, der ein slank og steinete stil vel har overlevd også fram til no. Men om ein då smaker andre produsentar, som sakte har late stilen bli fruktigare, kva meiner ein då om Tribut?

Kan ein tenkje seg at toneangjevande enkeltprodusentar endrar stil, f eks i Mosel, og byrjar å hauste tidlegare og på lægre oechsle? Og dermed over tid kan snu forventningane våre om ein svær og sødmefull spätlese, til ein lett, elegant og sylskarp vin? Faren er at det kjem nok ein “superårgang”, der “alle” druene har høg mogning. Og så vert det for freistande å bli med på leiken..

Ein tanke på “Problemet med gode årgangar

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *