Sosialist-Champagne. No!

Eg hatar champagne. Eg elskar champagne. Industriell storskala-vin blir framstilt som luksus. Avkasting i vinmarkene på linje med stader der druer går til destillering. Chaptalisering over ein låg sko. Hemmeleghald om kvar druene kjem frå og produksjonsvolum. Det er ikkje mogleg å deklassifisere vinen til IGP eller Vin de France. Alt er topp skår. Champagne har eit forklaringsproblem. Nokon må gå.

Churchill og Stalin

Eit google-søk på “champagne-sosialist” gjev 33 400 treff. Men “sosialist-champagne” gjev berre eitt! Det er frå aserbadjansk wikipedia, og er med på grunn av lokal ordstilling i nettopp champagne-sosialist. Om vi utvider med engelsk språk, kjem det opp mykje feiltreff som omhandlar “Champagne-socialists”. Men òg historia om Stalin som på 1930-talet ville gje folket champagne. Ikkje “cold, dry and hopefully free” som Churchill kanskje sa, men “heimelaga, søt og proletarisk prisa”. Både sosialisme og dynamikken i AOC Champagne er problematiske i praksis.

Champagne sosialist er et politisk begrep som ofte brukes i Storbritannia. Det er et populært epitet som innebærer en viss grad av hykleri, og det er nært knyttet til konseptet om den liberale eliten.

Wikipedia

Paradoks

Vindistriktet Champagne er fullt av paradoks, og like fullt er det rikt på suksess. Den einaste formen for sosialisme er dei vinbøndene som er organisert i eitt av dei 130 kooperativa. Men dei konkurrerer på lik linje med andre produsentar og dei skal oppnå høgst mogleg pris på vinen. Det er ikkje noko statleg regulativ som seier at vinen skal seljast til folkeleg fast lågpris. Og dei tappar vinen under AOC Champagne. Ingen solidarisk boblande Vin de France frå Marne til gule vestar-pris.

Vin de France

I 2021 vart det seld 322 millionar flasker frå Champagne, men det finst ingen alternativ musserande klassifikasjon utanfor AOC Champagne. Uansett kor kommunist ein er i teorien, skal det noko til å trumfe merkevara Champagne. Kor blir det av alle dei som synest det er for mykje slurv i vinmarkene? Kor blir det av dei som ikkje vil assosierast med kunstgjødsel og utstrekt bruk av sprøyting? Kor blir det av dei som bryt ut av appellationen og deklassifiserer vinen til “Super-Marne”? I alle andre vindistrikt finst det rebellar som kan opponere mot den etablerte eliten og status quo, og vise den ekte kvaliteten.

Dyre druer

Prisen på ein kg druer i Champagne kan kome opp i over 6€, og sjølv dei rimelegast vinane er dyre. På Vinmonopolet er det i skrivande stund 946 varelinjer champagne på 75 cl-flaske. Kun 18, eller 1,9% kostar under 300kr. Tilsvarande tal for raud bordeaux er 243 av 1333 varelinjer (18,2%). For raud burgunder er det 324 av 1975 (16,4%). For kvit burgunder er det 304 varer under 300 kr, av totalt 1481 (20,5%).

Enorme mengder luksus

Eit av paradoksa i Champagne er at heile vinstilen vert oppfatta som ei luksusvare. Samanlikna med mange andre vinområde er totalproduksjonen av ein del vinar i industriell målestokk. Slik sett er Moët & Chandon eller Nicolas Feuillatte meir lik storprodusentar i Languedoc, Australia eller California, enn andre franske kvalitetsvinar i same prisklasse.

Luksus er overdådighet; forbruk ut over det rimelige og nødvendige.

Store norske leksikon

Stalin hadde sin fikse idé om ein sosialistisk champagne, ein slags elitisme for alle, men han gløymde at formelen for kvalitet ikkje utan vidare går an å flytte frå eit terroir til eit anna. I 1936, berre tre år etter hungersnaud i Sovjetunionen som hovudsakleg gjekk ut over folk i Ukraina og Kazakstan og tok livet av om lag 3 millionar, vart det bestemt at folket skulle få tilgang til rikeleg med sovjetisk sjampanje. Målet var å ha ein årsproduksjon på 12 millionar flasker innan 1942.

Men etter revolusjonen i 1917 vart vin og champagne sett på som borgarleg tull, og mange av vinmarkene i Sovjet vart rivne opp eller omplanta med andre vekstar. Det var difor ganske urealistisk å gje folket heimeavla boblevin i stor skala.

The idea was to make things like champagne, chocolate, and caviar available at a rather cheap price so that they could say that the new Soviet worker lived like the aristocrats in the old world

Jukka Gronow, forfattar av Caviar with Champagne: Common Luxury and the Ideals of the Good Life in Stalin’s Russia

Diamantar og NFT

For å klare å selje store volum av overprisa champagne, må det skapast inntrykk av ekstraverdi gjennom innpakkinga. Kjendisar og designarar får lage “limited edition”-øskjer eller flaskedesign. Og vinkritikarar bit på med søkke og snøre, og gløymer å vurdere det for vinen inne i flaska. Har du pengar igjen etter ei diamantkledd flaske, kan du få eigne Dom Perignon-glas, laga av Riedel.

Dette er ikkje fyrste gong eg let det gå ut over Champagne. Dom Perignon får så øyra flagrar her.

Kva er kvalitet i Champagne?

Medan vi hyller vinbønder i andre vinområde som kjenner kvar krok av vinmarka, og arbeider med ulike metodar for eit sunt, berekraftig og miljøvenleg jordbruk for eit lågt utbytte av sunne og smakskonsentrerte druer, er saka noko anleis i Champagne. For vinhausten 2022 sette CIVC maks utbytte til 12 000 kg/ha, det høgste sidan 2011. I tillegg kan bøndene leggje på eit “sikkerheitsnett” for å ha noko vin på lur til dårlege år. Dette reserve individuelle kan liggje på 8000 kg/ha. For å oppnå dette var det behov å hauste 15 500 kg/ha i 2022.

Slike høge utbytte er ikkje i tråd med ambisjonane om eit grønare, meir økologisk AOC Champagne. Tvert om er det vanskeleg å oppnå slike volum om jordbruket skal drivast etter dei måla som vart ytra frå presidenten i Union des Maisons de Champagne, Maxime Toubart. For fem år sidan vart det bestemt at bruk av ugrasmiddel skulle vere heilt borte innan 2025.

Høge utbytte gjer det òg vanskelegare å få nok mogning i druene. Fleire vinbønder var alt i gang med å hauste i august, med potensiell alkohol på minimumsnivået 9%. Men INAO hadde sett maks chaptalisering til 1,2 prosentpoeng, og då ville ikkje vinen nå 11% som krevst for å lage Champagne. Sjølv om salet av Champagne tok seg veldig opp i 2021 etter verdsomspennande nedstenging, så ser tala for fjerde kvartal ikkje like lyse ut. Inflasjon gjer at kjøp av dyrare vinar som champagne vert sett på vent. Med høge utbytte i 2022 kjem nok Champagne til å sitje på godt over 3,8 år med reserver på lager.

Alle som lagar kvalitetsvin skryt av kor låge utbytte dei har, i Champagne vert høge utbytte hylla som ein siger. Kva skal ein seie til slikt? Du kan jo støtte dei som forsøker å lage vin i mindre skala med betre jordbruk, ingen sprøyting og meir berekraftig og naturlege avkasting i vinmarka. Der går nok mindre av prisen på flaska til marknadsavdelingar og diamant-emballasje.

I am Champagne Brut

Strågul. Balansert champagne med både hummarskal og østers i nasen. Ein del fruktig sitruselement mot klementin og grapefrukt som skaper fin kompleksitet i lukta. Litt kvit sjokolade melder seg på, truleg frå eikelagring av basevin. Middels fine bobler og frisk fin smak med saltaktig kalk og sitrus. Noko meir folkeleg brut stil enn Tarlant sin Brut Zero, men dette er bra saker. Pen og solid champagne til ein pris som ligg under det store hus skal ha!

Vinen er laga av Benoit Tarlant, frå eigne vinmarker i Vallée de la Marne, der sommelier Arvid Rosengren i 2016 var innom og fekk setje sitt namn på etiketten. Miksen er om lag ein tredjedel av dei tre druene, så her er det vel mykje same vinen som Tarlant sin Brut Zero. Arvid var så hyggjeleg å sende litt bakgrunnsinfo. 60% er baseårgang 2010, medan resten er 09, 08 og 07. Gjæring på stål og eik, og reservevinen ligg på eikefat. Tappa på flasker i mai 2011 og degorgert i februar 2017 med dosage på 8,8 g/l. Vinen kostar 430,40 kr. Tarlant driv 14 hektar med økologisk tilnærming og ein familietradisjon som går tilbake tolv generasjonar.

Verd å nemne er òg at Tarlant ein kort periode laga ein ironisk prestige-cuvée saman med dj-ane Kylian Mash og Laurent Konrad, med namnet QV Discobitch. Ganske morosamt spark til både hip-hop-figurar sin hang til dyre champagne-flasker, og prestige-vinar, med “Discobitch” skrive i “diamantar” og ein folkeleg pris (kosta 448 kr i Sverige i 2013).

Montaubret Brut

Lys strågul og ei sober og stilig lukt. Her er glaseple, kjeks og kritt. Det begynner bra for denne billeg-champagnen. Over til smaken, og her er då ein balansert vin med tydelege og gode smakar i fin harmoni. Eple, kalk og sitron, med noko kompleksitet frå autolyse. Ein rein og enkel champagne. Denne magnum-flaska har baseårgang 2015, mot 2018 på 75 cl-flaske.

90% pinot noir, 9% chardonnay, 1% pinot meunier. Folkeleg dosage på 9 g/l rs. Kooperativet Chassenay d’Arce ligg i Côtes des Bar, og tel 130 medlemmer. Dei sel vin under namna Chassenay d’Arce og Montaubret, og har fått sertifiseringa Sustainable Winegrowing. Vinen kostar 519,90 for magnumflaske, noko som nærmar seg ein demokratisk pris. Kvaliteten er då også god. Det er med andre ord ingen grunn til å betale nærare 500 for ei 75 cl-flaske frå ein storprodusent. Don’t belive the hype. Denne flaska vart send av importør.

PS: Denne teksten vert publisert 31.12.2022 og då er det tida for nyttårsforsett. Er det ikkje på tide å gjere som eg preikar? Champagne har behov for oppviglarar, revolusjon og ekte grønn omstilling. Dette betyr at om eg meiner dette er vegen for Champagne, kan eg ikkje kjøpe, drikke, skrive om og anbefale vinar frå området som skjuler produksjonsvolum, framgangsmåtar og opphavet til druene, dersom det finst mindre produsentar som klarer å lage like god vin til same pris.

Med høg inflasjon og varsla prishopp på mange varelinjer no 1. januar, betyr dette truleg endå mindre champagne på meg framover.

PPS: Dersom det skulle vise seg at eg gløymer dette her, eller går på akkord med mine prinsipp, får de gje meg ein rettmessig kilevink i kommentarfeltet.

3 tankar på “Sosialist-Champagne. No!

  1. Hei, flott skrevet, men prissammenligningen til Bordeaux og Burgund er jo litt merkelig. Da det ikke er sammenlignbare parametre. Særlig i lys av kravene i Champagne om hvor lenge de må vente med å selge sine flasker. Kapitalbindingen er en signifikant kostnad som de må hente inn igjen. Og jeg vil vel også påstå at det aldri før har vært så mange «rebeller» og kvalitetsfokuserte vinmakere i Champagne som i dag. Drikk mer Champagne vil jeg si! Du kan treffe Benoit i Oslo den 8. februar! Håper vi ses.
    -Alexander

Leave a Reply