Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Så er siste dagen komen. Bilen vår er full av vin og familien er klar for å køyre nordover att. Arbeidet for min del er ferdig. Gjæren arbeider enno i nokre fuder og ståltankar. Men det er ikkje lenge att før alle vinane frå 2019 har nådd sitt ekvilibrium. No skal dei, etter omstikking og svovling, få mognast i det stille. Så er det tapping … Les meir Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Sidesprang i sidedal

På onsdag køyrde eg ein tur i retning Saar, for å treffe Lars Carlberg. Han er amerikanar busett i Trier, og er ein ekspert på vin frå Mosel-Saar-Ruwer. Sidan han no er tilsett på Hofgut Falkenstein og dei har byrja på innhaustinga, vart eg med ut i vinmarka og fekk plukka litt druer. Hofgut Falkenstein har ein staseleg driftsbygning frå 1901, som tidlegare var der … Les meir Sidesprang i sidedal

Vinhausten i Traben-Trarbach 2019

Då har eg vore godt og vel ei veke i Traben-Trarbach. Ein liten og hyggjeleg by ved Mosel-elva. Her har dei borgruinar, italienarar som lagar is, fint vêr, fine vinmarker og tusenvis av sykkelturistar. Tanken var å vere med på innhaustinga hjå ein vinprodusent for å få fyrstehands kjennskap til korleis druene ser ut, luktar og smakar, før dei vert plukka, knust, gjæra etc. No … Les meir Vinhausten i Traben-Trarbach 2019

Utsikt fra Torre Asinelli

Bologna, et reisebrev.

På samme tid har det skjedd lite og mye i Bologna siden 2005 – da jeg var utvekslingsstudent der. Klokken står like stille og viser 10:25 på togstasjonen, kaffen og maten på flyplassen er milevis bedre enn samtlige serveringssteder på Gardermoen eller Flesland og effektiviteten alle andre steder enn på spisestedene gir meg leamus på øyet. Vel fremme på Aeroporto Guglielmo Marconi får vi omsider … Les meir Bologna, et reisebrev.

Istanbul: I midten av verden

For å ta inn over seg Istanbuls bakgater, å sette pris på rankene og trærne som omgir dens ruiner med en tilfeldig ynde, må du, først og fremst, være dem fremmed. Orhan Pamuk Et midtens rike Istanbul er ikke én by. Det er en smeltedigel av land, av kulturer, av kontinenter. Det er et sted som er så voldsomt konservativt, og så både liberalt og … Les meir Istanbul: I midten av verden

11 grunnar til ikkje å reise på ProWein

Prowein 2019 er alt godt i gong. Det starta sundag 17. mars og held på i tre dagar. I år er det 25. utgåva av det som er den største bransje-vinmessa i verda. Ti kjempehallar i Düsseldorf er fylt med det som kan krype og gå av vinprodusentar frå heile verda. Freistande? Klart det! Men om du som eg sit heime i år også, skal … Les meir 11 grunnar til ikkje å reise på ProWein

Tripe Advisor – Roma

Pasta, pizza, tripe, tiramisu. I ei verd der sjølv setninga “Det er vanskeleg å skriva om Roma utan å ty til klisjear” er ein klisje, er dette ei krevjande øving. Roma er hektisk, Roma gjer meg glad for alle timane med Asterix, Roma er intenst vedunderleg.

Nattverden gjev deg 7 sjølvopplevde stader med mat og/eller vin, som ikkje tømmer lommeboka di. Med unntak for den siste på lista som tømmer lommeboka di…

Les meir “Tripe Advisor – Roma”

Bra børst i Bratislava

Reiseguide Bratislava: Det tar ikke så lang tid å komme seg fra Wien til Bratislava. Det går tog hver halvtime. Det går busser som er litt billigere og kanskje mer komfortable. Det går også båter mellom de to byene som man kan ta hvis man planlegger litt bedre enn meg. Østerrikerne er nemlig omstendelige, og vil helst sende deg billetter i posten hvis de kan. … Les meir Bra børst i Bratislava

(Frå arkivet) Michelin på minibudsjett

One Dim Sum
No.15 Playing Field Road, Kowloon
Hong Kong
(Vitja i oktober 2014)

Førestill deg ein restaurant i Michelinguiden  der bordbestillinga består i at du sit deg på ein krakk utanfor restauranten og ei søt jente kjem ut med ein handskriven kølapp til deg, der det er forventa at du har med eigne serviettar, der drikkemenyen er to typar te (og ho som heller i gjerne veltar koppen i fanget på deg), og som lar deg sjølv velta stappmett ut med eit smil etter ein intens time. For under 100 kroner kan ein oppleva dette på One Dim Sum.

Les meir “(Frå arkivet) Michelin på minibudsjett”