11 grunnar til ikkje å reise på ProWein

Prowein 2019 er alt godt i gong. Det starta sundag 17. mars og held på i tre dagar. I år er det 25. utgåva av det som er den største bransje-vinmessa i verda. Ti kjempehallar i Düsseldorf er fylt med det som kan krype og gå av vinprodusentar frå heile verda. Freistande? Klart det! Men om du som eg sit heime i år også, skal eg gje deg nokre grunnar til å ikkje vere lei deg for det.

1.Du har ikkje vore i Düsseldorf tidlegare, og tek litt av fyrste dag i sentrum for å sjå deg rundt. Der kjem du i prat med ein av byens innbyggjarar som vert engasjert når du fortel du er frå Noreg. Han er lokalpolitikar og svært interessert i Noreg sin EØS-avtale og korleis det går an å stå utanfor EU. Plutseleg har de ete lunsj i lag og du oppdagar at det berre er to timar att til ProWein stenger for dagen. Då du kjem fram til messa, oppdagar du kor stort det er og finn ut at du aldri rekk over det du har sett deg som mål å smake på den dagen.

2. Du har laga ein streng prioritering for kven du skal oppsøke på messa. Då du kjem inn døra, treff du att ein finsk vinbloggar som du var på fylla med i 2008, og de blir ståande og prate og mimre heilt til stengjetid. Det var den dagen…

3. På grunn av brexit har du planlagt å skrive ei rekkje artiklar om britisk vin. Du leitar etter avdelinga for England, men merkar ikkje at du har lasta ned messeoversikten for 2018. Etter to timar med trasking, er du sliten og finn ein mjuk stol der du tenkjer at du vil kvile litt. Du sovnar, og vaknar opp rett før messa stengjer for dagen.

4. På ProWein 2019 er det til stades 150 produsentar frå Argentina. Sjølv om du ikkje har noko stor interesse for argentinsk vin, byrjar du å smake hjå nokre boder for å vere høflig. Dei vakre kvinnene hjå Terrazas de Los Andes lurer deg til å smake stadig fleire vinar. Til slutt har du brukt heile dagen på Argentina. Du har også lova å kome attende dagen etter for å smake på noko du ikkje fekk tid til. Seinare på dagen, då du ligg i senga på hotellet skjønar du at det blir umulig, og du bookar om heimreisa ein dag tidlegare enn tenkt.

5. Du har drøymd heile livet om å smake Chateau d´Yquem, men då du kjem fram til standen deira på siste dagen har dei ikkje meir vin att.

6. Nokre av produsentane har du vore på besøk til for nokre år sidan. Då du oppsøker standen deira, kjenner dei deg ikkje att. Du blir sur, og går og tek deg ein øl.

7. Etter to dagar med mykje syrlig vin, tenkjer du at det vil vere godt å prøve noko søtt. Det står mange portvinshus på rekkje og rad. Men du finn ikkje spyttebakken og blir nøydd til å svelje alt du får servert. Etter 17 ulike prøver med fersk vintage portvin, er du litt omtåka. Det blir vanskelig å opne telefonen der du har kartet over området. Resten av dagen går med til å leite etter toalettet.

8. Ettersom du er i Tyskland tenkjer du at du bør fokusere på tysk vin. Det fyrste du kjem borti er avdelinga for Pfalz. Det er hyggelige folk over alt og vinen er god. Men plutselig oppdagar du at heile dagen er gått, og alle vinane du smakte på, hadde du faktisk smakt før.

9. På dag tre tenkjer du at du vil slappe litt av og ikkje vere så opptatt av å følgje planen. Du gløymer å spytte og vert glad og oppstemt. Hjå ein burgund-produsent byrjar du å diskutere premox, og det vert dårlig stemning. Du meiner du har gode argument og vil ikkje gje deg. Vaktene leier deg ut av messa og seier på ein høflig måte at det er berre eitt år att til neste ProWein.

10. Du har gledd deg i månadsvis til ein masterclass med Tim Atkin. Men ein svært pratsom produsent frå Rias Baixas er interessert i synspunkta dine på vinane hans. Du oppdagar plutseleg at du kjem alt for seint til masterclass-smakinga. Du blir irritert på fyren frå Rias Baixas og fortel at vinen er slapp og at han neste årgang bør prøve 200% ny eik.

11. Ved lunsj på dag tre ser du over notata dine. Det er heilt umulig å lese kva du har skrive. Fortvilt spring du for å finne att ein produsent frå Wachau som du meinte var verd heile turen. Då du kjem fram seier ein naboprodusent at han måtte reise litt tidleg frå messa for å rekke heim til eit viktig møte. Oppgitt reise du attende til hotellet og et ein overprisa middag i einsemd.

Men neste år; då skal eg på ProWein. Heilt sikkert. Vi snakkast der då!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *