Eit kapittel er ferdig, men noko er i gjære

Så er siste dagen komen. Bilen vår er full av vin og familien er klar for å køyre nordover att. Arbeidet for min del er ferdig. Gjæren arbeider enno i nokre fuder og ståltankar. Men det er ikkje lenge att før alle vinane frå 2019 har nådd sitt ekvilibrium. No skal dei, etter omstikking og svovling, få mognast i det stille. Så er det tapping til våren.

Nattverdens utsende til høgre, potensiell feinherb til venstre.

Konstantin tek meg med ned i kjellaren og vi smakar oss gjennom det vi har fått i hus i 2019. Ein del vin er alt svovla, og desse er litt reduktive og utilgjengelige. Men vi begynner med dei fem tankane som inneheld komponentar som skal bli husets basis-riesling. Vi pratar om innhaustingsdagane. Det var fine dagar og det var dagar med regn. Den eine batch-en frå Taubenhaus er frisk og med skarp eplesyre. Den som vi hausta fem dagar seinare har preg av mogne gule eple. Regnet gjorde at oechsle-nivået vart det same, men dei siste druene var meir mogne og det vart mindre syre.

Fruktfluger og sunnfjordingar likar auslese.

Ellergrub kabinett hausta vi i fleire omgangar. Ein del har gjæra i ein fuder og ein del i ein tonneau på 500 liter. Dei er litt ulike, men blir nok dynamitt i lag. Ein er superfrisk, den andre meir rund i kantane og harmonisk. Sonnenlay spätlese er rund og godslig, men med ei syre som kjem snikande i ettersmaken. Det blir spanande å sjå korleis denne utviklar seg etter tapping. Ellergrub spätlese er vanskelig å vurdere, men har nok større potensiale. Det same er det med ein batch Gaispfad på eit fat. Gjæringa er ikkje ferdig, men kva vin det blir til slutt, er ikkje godt å seie. Eg spår ein fantastisk feinherb som blir vanskeleg å selje. Mosel har ein lunefull marknad.

Blir dette feinherb, Konstantin? Nein!

Det er auslese på rekkje å rad… Gaispfad er ikkje ferdig, men lovar bra. Gjæren er dominerande no, men det er frisk syre og allereie skifertonar. Frå parsellen In Löwenbaum i Enkircher Steffensberg hausta vi mykje fin botrytis-frukt. Det er denne vinen eg i dag tykte viste seg best fram. Vinen har ei rein og delikat søt frukt over ei balanserande syre. Denne gler eg meg verkeleg til å smake i ferdig tilstand. Basevinen frå Zeppwingert har skikkeleg frekk syre og luktar sponti på noverande tidspunkt. Kanskje får vinen frå 2019 18 månader på botnfallet, mot 15 som han tidlegare har hatt.

Ei fjør i hatten til Alexandra og Konstantin for Ellergrub Spätlese 2018. Vil den vanskelige 2019 kunne hauste noko liknande?

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *