Sidesprang i sidedal

På onsdag køyrde eg ein tur i retning Saar, for å treffe Lars Carlberg. Han er amerikanar busett i Trier, og er ein ekspert på vin frå Mosel-Saar-Ruwer. Sidan han no er tilsett på Hofgut Falkenstein og dei har byrja på innhaustinga, vart eg med ut i vinmarka og fekk plukka litt druer. Hofgut Falkenstein har ein staseleg driftsbygning frå 1901, som tidlegare var der Friedrich Wilhelm Gymnasium pressa druene sine. Erich Weber kjøpte garden i 1981 og starta opp Hofgut Falkenstein. Dei har no om lag 10 hektar vinmarker, og mellomste son i huset, energiske og joviale Johannes er aktivt med i drifta.

Johannes Weber smiler i skjegget

Hofgut Falkenstein ligg i ein sidedal, aust for Konz, som er der Saar renn ut i Mosel. Sidedalen går som ein hestesko. Eigedomen Falkenstein høyrer til kommunen Niedermenning, så kjem Obermenning, Krettnach, Oberemmel, før vi snur vestover ved Scharzhofberg og Wiltingen. Dalen gjer ein liten sving før Kanzem, og vi er tilbake ved elva Saar.

Mot toppen på Krettnacher Euchariusberg

Euchariusberg er toppvinmarka til Falkenstein, og her har dei no om lag 3 hektar, inkludert noko nyplanting som enno ikkje ber frukt. Dei ulike parsellane vert tappa kvar for seg med ulikt AP-nummer. Dette gjeld også dei andre vinmarkene, noko som resulterer i ein svær portefølgje med om lag 25 ulike fuder, fordelt på ca 12 ulike vinar. Hofgut Falkenstein lagar ikkje noko Gutswein, så dei enklare pressingane går til det lokale kooperativet.

Vi byrja om lag klokka 0900, og fekk fem slike grå kontainerar frå yngre vinstokkar. Det blir ein fuder på 1000 liter.
Laget består av staute karar og røynde kvinner, frå Iran i aust til USA i vest, og alderspenn frå om lag 20 til 80 år.
Meta! Nattverdens utsende reportar, mann (40), framfor Nattverdsfjellet (Euchariusberg)
Det er nattverdsjuice! 84 Oechsle og 13 g/l syre. Då gjenstår sedimentering, før inshallah, saccharomyses cerevisiae set inn og omdannar dette til frekk vin inne i mørkret i ei av fuder-fata som står i kjellaren.

Ein tanke på “Sidesprang i sidedal

Leave a Reply