Bølgjande grøne landskap, ein dal med vinstokkar oppetter sidene, ei slyngande sakte elv i botnen. Her og der ei koseleg husklynge, på beitemarkene går det kyr. Mjølka vert sikkert ein lokal ost med eit vanskeleg namn. Ja slik ser vi for oss eit typisk vindistrikt. Dei geografiske og klimatiske tilhøva som gjer at vinplanten trivst og gjer topp vin, er ikkje alltid samanfallande med store byar.
Men kva om du er på ferie i ein storby, sit der på ein høg barkrakk på ein slik freidig vinbar med prisar på ei krittavle og travle sommelierar med skjegg og tatoveringar, og så glepp det ut av deg: “Har de ein lokal vin på glas?” Ja, då finst det i det minste sju byar med over 100 000 innbyggjarar der du kan få vin frå vinmarker inne i byen, eller ein kort Uber-tur unna.
Bratislava
Vi tek ein aperitiff i ein av dei tre hovudstadane som ligg langs elva Donau. Frå Bergen (294 029 innbyggjarar) til Bratislava (479 389 innb.) tek det rundt sju timar for det går ingen direktefly, og du skal ha all verdas karma, medvind og flaks for å ta deg same distansen med tog på under eitt døgn. Men når du litt småtrøytt etter seks togbytte, sig inn på jernbanestasjonen i Slovakia sin hovudstad, så kan du finne vin frå til dømes Chowaniec & Krajcirovic, som ligg rett utanfor byen. Ja, eg vil tru at ein lokalkjend guide med moderat respekt for lover og øvrigheita, vil kunne køyre deg i bil til vinhuset på under 12 min frå jernbanestasjonen. Eg seier ikkje at dette har skjedd, slett ikkje, men ein kan jo tenkje seg eit slikt scenario kan ha utfalda seg godt utanfor rushtidene.
Chowaniec & Krajcirovic Pink Panter Frizzante 2022
Fruktig og tøysete vin med lett brusing og mykje raude bær i nasen. Hint av gjær og aprikos. Feinherb-aktig restsukker på 19 g/l. Bør nytast kjølig. Kanskje 256 kr er litt i meste laget. Laga på druesorten st.-laurent.

Wiesbaden
Men la oss no seie at du er ein amerikansk yrkesmilitær frå Worland, Wyoming (4773 innb.). Du er utplassert på basen til US Army i Wiesbaden (283 083 innb.) og du er oppteken av kortreist mat og drikke. Du er klar over at det vert skjenkt vin frå Walluf, Rauenthal, Hochheim og Kostheim i messa, men vil ha noko endå meir lokalt. Ja, då klarer du etter nokre veker med masing på den stakkars menige bartenderen, å få tak i Kloster Eberbach sin riesling frå vinmarka Wiesbadener Neroberg.

Kloster Eberbach Wiesbadener Neroberg Riesling EG 2023
Veldig fersk og knytt ved opning, med urter, syrlege eple, rabarbra og stein. Etter fire timar luft , så opneberrar det seg ein finfin riesling med bra konsentrasjon og hint av vulkansk stein. Eplesyre i sopranregisteret er fint saman med den gode fylden som kjem på etter kvart. Finst ikkje i Noreg no, men tilsvarande kvalitet frå produsenten kostar ca 300 kr.
Øverst i byen ligg Neroberg, og du kan spare litt muskelkraft med å ta ein taubane siste biten. Har du med badetøy kan du symje i Opelbadet, opna i 1934. Tek du bomba frå toppen av sklia, vil du kanskje klare å skvette litt klorvatn ut over vinrankene. Men då vert du nok høfleg, men bryskt vist utgangen.
Würzburg
Vi held oss i Tyskland. Det er sommarferie for eit pensjonert ektepar frå Eivindvik (316 innb.). Dei er opptekne av langsam tid, Jon Fosse og elver. Pocketutgåver og lydbøker lesne av Anderz Eide er lett å bere i dagstursekken. Frå Rüdesheim (10 054 innb.) er det elvecruise motstraums oppover Rhinen, og ved Hochheim (18 538 innb.) registrerer dei så vidt av båten tek ein venstresving og bukserer opp sideelva Main. Etter 21 sluser, og Fosse på øyret, byrjar Ales å fantasere om Bjørgvin. Men det er byen Würzburg (128 246 innb.) som båten har ankra opp ved. Midt i byen, mellom jernbanen, bygardar og og borger, ligg Würzburger Stein, Stein-Berg og Stein-Harfe.

Bürgerspital Stein-Harfe Silvaner GG 2023
Klokkeklar, fersk silvaner på høgt nivå. Kvit steinfrukt, hint av grøne tonar som bidreg til å gje vinen eit lett og luftig uttrykk. God vekt i munnen, men enno litt trang. Vinen treng nokre år på å vise alt som bur i han. Bør lagrast i 3-5 år, tenkjer eg. 454 kr.
Heile Würzburger Stein er 76 ha, inkludert GG-en Stein-Berg (38 ha). Stein-Harfe er ein monopol-GG til Bürgerspital på 8,31 ha. Harfe er harpe på norsk, og sett frå byen, eller gjennom google map sitt fugleperspektiv, så kjem harpa fram.
Lisboa
Det vesle landet Portugal på Europa sin sørvestlege utkant var i fleire hundre år ei dominerande makt på havet. Frå Lisboa segla dei ut, stadig lenger forbi ukjende kystar langs det afrikanske, asiatiske og søramerikanske kontinent, erobra, bygde, røva og handla. Vinkulturen vart med frå fastlandet. Men om du no skulle vere på storbyferie i Lisboa (567 131 innbyggjarar, eller i dryge 3 millionar i heile metropolen), så kan du nyte framifrå vin frå ei vinmark i bydelen Belém.
Adega Belém Viosinho 2023
Lys strågul på farge. God intensitet. Det ein del mogen gul frukt i form av aprikos og fersken, saman med friske eple, sublad og litt urtepreg. Fruktig, tørr og fyldig kvitvin, med grei syre. Aromatisk og jovial. Kostar 335 kr.

Vinmarka ligg i samband med parken Monsanto og den botaniske hagen med namn Tapada da Ajuda på 1 km2, og som vert halden av Intituto Superior de Agronomia ved universitetet i Lisboa. Catarina, som er vinmakar, fortel at vinmarka er sørvend og varm. Druene til denne vinen vart hausta tidleg i august, på ein dag då pave Frans var på vitjing i grannelaget. “It became a very big wine”. Det er planta om lag 100 ha viosinho totalt i Portugal, mest i Douro, der det er eldre samplanta vinmarker.
Jan Tore har òg skrive om denne vinen, akkurat her.
Basel
Venene Roger, Claus og Egon skal møtast i Markthalle kl 12 for å ta ein is. Dei reiser med kvar si trikkelinje. Claus tek linje 8 frå Weil am Rhein, Roger reiser med linje 3 frå Place Mermoz, medan Egon går på haldeplass Spengler på nordgåande linje 11. Det tek alle trikken til Barfüsser Platz. Det tek om lag 11 minutt å gå frå Barfüsser Platz til Markthalle. Kva tid må dei tre venene setje seg på trikken for å rekke fram til Markthalle kl 12? Det er laurdag, normalavvikling av trikketrafikken, og svak vind frå nordvest. Aldi har tilbod på 4-pk minicroissant.
Roger, Claus og Egon skulle møte Diana, Catherine, Victor og Clara. Claus og jentene sleika i seg vaniljeis og sorbet. Egon hadde med ei avis, og las med bekymra rynke i panna, ein kommentar om potensiell atomtrussel frå aust. Akkurat då ringde klokkene i Basel Münster. Byen Basel (176 379 innb.) ligg svært sentralt til ved ein sving i Rhinen. Du kan ta trikk til Frankrike og Tyskland. Sjølv om vinmarka Weiler Schlipf ved Weil am Rhein (30 769 innb.) ikkje ligg i Basel, er ho nærast blitt innhenta av utvidinga av byområdet til Stor-Basel (740 000 innb.).
Claus Schneider Spätburgunder Alte Reben 2020
Noko utvikla burgunderraud med lys kant. Lett søtleg raud “burgunderbærfrukt” som vitnar om eit varmt år med god mogning i druene. Her er byrja å kome nokre jordlege aroma i tillegg til diskret eik i bakgrunnen. Heilstøypt pinot noir i eit fint skjæringspunkt mellom ung bærfrukt og sekundæraroma. Tanninane er fine og har fått litt nedsliping. Kunne ein ha ønskt seg litt friskare syre? 530 kr.

Bordeaux
Folk har ulike interesser, og kanskje har du ei liste med stader du ønskjer å besøke før du parkerer tøflane for godt. Om du er ein av dei som har tenkt å besøke alle UNSECO sine World Heritage-sanksjonerte vinområde, så er det 16 av dei. Fyrst ut var Cinque Terre, Portvenere og øyane utanfor (Palmaria, Tino og Tinetto) i 1997. Førebels sist ut er Le Colline del Prosecco di Conegliano e Valdobbiadene (!) i 2019. Flotte og spektakulære stader som Alto Douro, Rhindalen, Tokaj, Pico, Wachau og Langhe-Roero-Monferrato står på lista.
Historiske Saint-Émilion borte i Libourne er funnen verdig, men grusbankane i Médoc, Pessac-Leognan, Sauternes eller Graves er ikkje med. Bordeaux er fyrst og fremst handel. Det har det vore i nærare tusen år. Det tok seg verkeleg opp med ekteskapet mellom Eleanor de Aquitaine og Henry Plantagenet, seinare kong Henry av England, i 1152.
Bordeaux ligg ved elva Garonne, og i svingen ut av byen ligg hamneområdet Port de la Lune, der vin og anna gods og gull har blitt skipa ut i verda i meir enn 800 år. I 2007 fekk området UNESCO-status, som ein viktig kulturskatt. Her har handel og vin vore viktige i å forme folk, by og arkitektur. Medan du går langs elva og beundrar dei svære bygningane, får du auge på ein gateseljar. Du kjøper deg ei t-skjorte med påskrifta: “My parents went to Pauillac and all they could afford was this lousy t-shirt”.
Chateau Picque Caillou Blanc 2020
Strågul vin. Syrleg og slank lukt av stikkelsbær og pasjonsfrukt. Hint av smør. Med nokre timar luft vert vinen meir harmonisk og samanvevd i aromabilete. Ganske fyldig og lett eikeprega kvit Bordeaux med eit godt grep i munnen og rik frukt. Her er stikkelsbær, solbærblad smør og eik. Vil tru at denne vil ha gode 5-10 år framfor seg, der litt meir lagringsaroma og eleganse kan kome ut av tunnelen. 359,90 kr. Lagra på eikefat i sju månader, med 25% nye fat.
Innanfor ringvegen (A630) ligg det i dag seks vineigedomar: Haut-Brion, La Mission Haut-Brion, Les Carmes Haut-Brion, Pape-Clément, Picque Caillou og Luchey-Halde. Chateau Picque Caillou er nabo til Luchey-Halde, og har vore i noverande familie sidan 1949. Dei hadde gjort det godt i andre bransjar, og var difor ikkje pressa til å selje til utbyggjarar, ettersom byen har ete seg sørover. Det er planta 20 ha raude sortar og 1 ha med 60% sauvignon blanc og 40% sémillon.
Chateau Luchey-Halde 2008
Granatraud vin med utvikling i retining mursteinsraud. Trass i alderen, luktar det fruktig av solbærsirup, paprika og nougat. I munnen er vinen avslipen og tørr, framleis med vital frukt, hint av eikekrydder og grei syre. Ikkje veldig komplekt og intens, men ein fin utvikla Pessac-Léognan-vin til prisen. 380 kr.
Eigedomen er eigd av jordbruksskulen ENITA. Etter fyrste verdskrigen vart vinmarkene liggjande brakk, og området vart sidan ein militær treningsplass, noko som ironisk nok redda området frå å bli dekt av blokker og rekkehus. Då jordbruksskulen vart etablert i 1999, vart det planta vinstokkar her for fyrste gong på 80 år, for under restane av ammunisjon og spor etter panserkøyretøy, var det eit utmerka grunnlag av djupe lag med grus og eit tynt lag med leire. Totalt 23 hektar vinmark, med 19 ha til raudvinsdruer og 4 ha med kvite druer.
Wien
Det skal teoretisk vere mogleg å ta seg med tog frå Bordeaux til Wien på litt over 13 timar. Men med tanke på at store deler av reisa går gjennom Frankrike og Tyskland, land som kvar sommar er ramma av høvesvis streik og generelt dårleg vedlikehald av infrastruktur, så vil dette nærast vere å rekne som eit mirakel. Når du stig av toget i Wien, er det kanskje med von om ei god natt på hotell og med billett til ein klassisk konsert i lomma. Ja, og så er det mogleg å huke av ein UNSECO-skatt (2019) her òg, ved å setje seg på lokalbussen litt ut av den lumre Leopoldstadt, og mot bakkane i retning Klosterneuburg. Der ligg det heurige som perler på ei snor.

Desse vertshusa serverer i hovudsak vin frå eigen produksjon, iallefall var det litt av intensjonen då keisar Joseph II opna for denne retten i 1784. Heurige skulle berre selje kald mat, for ikkje å konkurrere med dei som dreiv restaurant. På desse enkle vertshusa var det gemütlichkeit og til tider schrammelmusik. Det er med andre ord berre snakk om eit hundreår eller så, før dårlege veikroer med elendig dj på Vestlandet kan klistre opp “UNESCO WORLD HERITAGE” på vindauge.
Hajzan-Neumann Ried Steinberg 1ÖTW Grüner Veltliner 2021
-Ein diger oljete grüner!
(gule eple, og ein bensinstasjon)
-Ein diger oljete grüner!
(grønt, koriander og krydra rom)
-Ein diger oljete grüner!
(mjuk og stilig, tøff og tung)
-Ein diger oljete grüner!
(her er syre, her er bitterstoff)
Hajzan-Neumann har halde på i om lag 30 år, og har sidan 2006 vore sertifisert biodynamisk. Eigedomen lagar vin frå 17 hektar, og har sidan 2014 vore eigd av Franz Wieninger. Vinen er gjæra og mogna på ståltank. For 340 kr kan du få grüner med meir “cut” og “edge” i til dømes Kamptal eller Wachau, men denne vinen viser no korleis druesorten responderer på eit varmare og urbant klima.
Stift Kloster Neuburg Ried Weisleiten Wiener Gemischter Satz 2023
Strågul farge. Det luktar av søtleg gul frukt, med plomme, stjernefrukt og lichi. Oljete og rik vin med gul frukt og hint av tropisk frukt og blomar. Moderat syre. 300 kr er kanskje litt i overkant, men Gemischter Satz er ein artig vinstil.
Endå ein vin frå ei vinmark som har fått merke global oppvarming. Weisleiten er nordaustvend og gav “i gode gamle dagar” ikkje alltid så veldig mogne druer. Her er vi på 13% alkohol og god fylde. Stift Kloster Neuburg er truleg eldste vinprodusenten i Austerrike som framleis held på, med oppstart i 1114.
Etterord
Det har vore litt av ei reise, men undervegs oppdaga eg at eg kunne ha svippa innom endå eit par interessante byar. Både Dijon (159 951 innb.) og Reims (178 478 innb.) har vinmarker innanfor bymurane. Domaine de la Cras som finst på polet lagar Bourgogne Rouge og Bourgogne Blanc frå vinmarker heilt sør i Dijon. Lanson sin Clos Lanson 2009 (2497 kr), kjem frå ein hektar vinmark ved produksjonsanlegget, sørvest i kroningsbyen. Det får bli ved eit seinare høve, no går ferda tilbake til bygda.