Vinhausten i Traben-Trarbach 2019

Då har eg vore godt og vel ei veke i Traben-Trarbach. Ein liten og hyggjeleg by ved Mosel-elva. Her har dei borgruinar, italienarar som lagar is, fint vêr, fine vinmarker og tusenvis av sykkelturistar. Tanken var å vere med på innhaustinga hjå ein vinprodusent for å få fyrstehands kjennskap til korleis druene ser ut, luktar og smakar, før dei vert plukka, knust, gjæra etc. No er tanken vorte handling, hjå Konstantin Weiser og Alexsandra Künstler. Her er det nok å henge fingrane i, men eg skal prøve å formidle litt mellom slaga.

Morgonstemning med blikket austover frå Wolfer Sonnenlay
Trabener Gaispfad (geitestien) med byen Enkirch i det fjerne
Mind the gap! Monorail i Gaispfad. Traben i bakgrunnen.
Småfuglane er glad i druer. Denne saken står i Enkircher Ellergrub, og sender ut lydar av rovfuglar. Vi får håpe at det skremmer dei bort..

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *