Alt-Chianti

Jasså? Er det revolusjon på gong, igjen? På ein måte, og det er faktisk heilt på sin plass. Mykje middels merlot har melta i magane til vindrikkarar sidan baron Ricasoli si Chianti-oppskrift fyrste gong vart utfordra på slutten av 1960-talet. Den gong var det krise, og Toscana, sangiovese og Chianti hadde skrikande behov of fornying og oppreising. Revolusjonen hadde nokre utilsikta biverknader, i form av litt for sterk tru på internasjonale druesortar og fransk eik.

Nytt opprør

Supertoscana-vinar laga på cabernet sauvignon, merlot, cabernet franc og syrah har funne sin plass, men kan ikkje vere berebjelken i den nye reisinga av kjerneområda i Toscana. Sangiovese sine mange uttrykk frå Toscana er ein unik vinstil som er vanskeleg å gjenskape i andre land. At det no er byrja å bli litt ugrei steming rundt bordet i Chianti, og særskild DOCG Chianti Classico, er ikkje så rart. Fleire har stilt spørsmål ved etiketten ved bordet, og nokre har gått sin veg.

DOCG i endring

Chianti Classico har hatt fleire revisjonar av reglane sidan oppstarten i av DOC i 1967. Det er ikkje lenger tillate med den kvite trebbiano, men i 2000 vart delen med “andre druer” auka frå 15 til 20%. Dette inneber både tradisjonelle druer som canaiolo og colorino, men òg internasjonale som cabernet og merlot. Og det er klart at det er ikkje mange % cabernet som skal til før vinen endrar karakter.

Kloner eller manglande sjølvtillit?

Fleire grunnar eksisterer nok for at det er lov med opp til 20% internasjonale druer. Mange planta desse då Chianti Classico vart DOCG i 1984, og det vart lov med 10% slike druer. Det har vore hevda at det var for dårlege kloner av sangiovese, som gjorde at det ikkje var mogleg å lage ein vin på 100% sangiovese. Og at det ikkje var alle stader der det var mogleg å mogne sangiovese slik at det vart brukande tanninar. Men fleire byrja med reine sangiovese-vinar lenge før global oppvarming gjorde sitt inntog frå 90-talet. Le Pergole Torte (1977), Cepparello (1980), Percarlo (1983) og Flaccianello della Pieve (1985) frå høvesvis Montevertine i Radda, Isole e Olena i Barberino Val d´Elsa, San Giusto de Rentenanno i Gaiole og Fontodi i Greve, viste alle med suksess at reinrasa sangiovese var blodig alvor og fullt mogleg i fire ulike underområder i Chianti Classico.

Dagens stridstema

Om vi skrur tida fram til 2021, er det då framleis behov for å distansere seg frå Consorzio som rår over vinproduksjonen i området? Mange lagar vin som er innanfor reglane til DOCG Chianti Classico, både vin med Chianti Classico på etiketten og vin med IGT Toscana. Men dei har gjerne sterke meiningar og er usamde med ein del punkt. Den nye kategorien Chianti Classico Gran Selezione er meint å vere ein kategori for toppvinen til kvar produsent, men treng ikkje kome frå enkeltvinmark. Dette gjer det til meir av ei merkevare, og ikkje til ein del av ei terroir-basert geografisk forståing.

Kommune-kommunikasjon

Det er heller ikkje kome på plass merking med underområde/kommune på etiketten i Chianti Classico, noko som òg kunne vore til hjelp for forbrukaren til å forstå forskjellane. Dei ni kommunane er San Casciano in Val di Pesa, Tavarnelle in Val d’Elsa, Barberino in Val d’Elsa, Poggibonsi, Castellina in Chianti, Castelnouvo Berardenga, Gaiole in Chianti, Radda in Chianti og Greve in Chianti. Innanfor kvar kommune er det òg til dels store skilnader. Mange kollar og høgdedrag skaper mange ulike soleksponeringar på dei forskjellige vinmarkene. Høgd over havet er òg ein viktig faktor. Det er stor skilnad på ei sørvend vinmark på 250 moh, og ei austvend på 500 moh.

Eik og ekstraksjon

Lagringsregimet er òg eit tema som gjev meir eikeved til bålet. DOCG-reglane set ikkje noko krav til at det skal vere eik, så det finst vin med mogning på betong, ståltank, gamle slavonske botti og ny fransk barrique. Testpanelet som vurderer om vinen kan få “DOCG Chianti Classico” på etiketten, har likevel ein tendens til å underkjenne vinar med lysare farge og mindre ekstraksjon. Det kan synast enklare å få gjennom vinen med ein “mjuk, mørk og internasjonal stil”.

Den nye vinen

Det tok ikkje så lang tid å finne fram til vinmakarar som er noko kritiske til dagens regime i Consorzio Chianti Classico. Og dei lagar vin som på litt ulik måte viser fram gode sider ved sangiovese. Visst finst det ei rekkje gode og klassiske sangiovese-vinar innan Chianti Classico, Riserva og Gran Selezione. Men desse fire vinane eg har smakt her viser tydeleg at det framleis er behov for ein alternativbevegelse. Eg opna for ikkje lenge sidan ein av få Tocana-vinar eg hadde lagra ei stund, ei flaske 2004 Fontodi Chianti Classico Vigna del Sorbo. Vinen var ein gedigen nedtur. Mjuk, “internasjonal” stil, med mykje eik og ingen nerve. Et tu, Brute?

Martino

Ein av dei mange som Consorzio Chianti Classico har terga på seg er Sergio Manetti, som kjøpte garden Montevertine i Radda i 1967. Her har det vore elegant og rein sangiovese i tankane sidan starten. Sonen Martino har som Fantomet halde fram i same spor og svore ein eid på å ikkje ha noko med konsortiet å gjere. Men kampen for drikkevenleg pur sangiovese, den held fram. Le Pergole Torte, som far Sergio starta å lage i 1977, er no ein kultvin. Huset sin enklaste vin er Pian de Ciampolo, og for nokre år sidan var den litt svake årgangen 2014 på polet for ei lita stund. Morten tipsa meg, og nokre flasker vart kjøpt inn.

Montevertine Pian del Ciampolo 2014

Vinen er lys granatraud og heilt transparent. Vill, stilkete, raud, sangiovese utan sminke! Noko blomar etter kvart. Lett og ledig lukt. Enkel på ein kompleks måte. Smaken er i same leia, med friskt raudt preg. Syrlege kirsebær, stilkete “grøn” struktur, utan at det på nokon måte verkar som om det er umogne druer. God syre og lette, finkorna tanninar som har nok stuffing til å halde vinen saman. Rein og fruktig vin, heilt utan funk og eik. Digg. 90% sangiovese, 5% canaiolo, 5% colorino. Kosta ca 275 kr.

Silvio

Familien til Silvio Messana hadde drive med vin i Tunisia og oliven i Libya. På 1960-talet kjøpte dei ein eigedom i Toscana. Silvio reiste til New York for å vere musikar, men kom tilbake til garden i Cerbaia i San Casciano in Val de Pesa i 1999. Mora hadde drive agroturismo og seld druene frå garden til eit kooperativ. Silvio og kona Catalina ville prøve å lage vin sjølv. Dei fekk sansen for eit meir berekraftig jordbruk, og kika på biodynamisk teori. Frå 2004 var garden driven etter Steiner sine reglar. Her er 11,5 hektar med god soleksponering. Frå 2013 har Silvio leigd seks hektar vinmark som ligg 450-500 meter over havet, og som gjev druer med meir syre og lægre alkohol. Montesecondo IGT Rosso kjem frå begge vinmarkene, og vert hausta før druene til Chianti Classico. Her er det spontangjæring i betongtank, med noko heile klasar. Forsiktig langsam ekstraksjon utan overpumping eller nedstaking av skal og steinar. Vinen får mogne eitt år i betong før tapping.

Montesecondo Toscana Rosso 2019

Fargen er mørk burgund, transparent og noko uklar. Vinen er uflitrert og ikkje klara. Ganske rein raud frukt på nasen, men eit snev av funk eller brettanomyses, som vert borte med litt lufting av vinen. Etter kvart framstår lukta med kirsebær og noko urter og bacon. Lett prikkete på tunga, her er det lite svovel, og kanskje små innslag av maceration carbonique i gjæringa? Fersk, syrleg og fruktig vin med moderate tanninar. Raude bær og noko funk. Enkel og gøy vin som kome seg med litt lufting. 229 kr for denne 100% sangiovese-vinen er eit godt kjøp.

Giovanna

Giovanna Morganti har drive garden Le Boncie i San Felice i Castelnouvo Berardenga sidan 1990. Her er det 4,5 hektar vinmark, delvis planta som enkeltbusker, eller alberello som dei kallar det i Italia. Vinmarkene ligg 300-360 meter over havet, og under humusen er det kalkrik, steinete leire med innslag av glimmerskifer. Fyrstevinen Le Trame var tidlegare ein Chianti Classico, men Giovanna var usamd med konsortiet i det meste, og vinen er difor no under IGT-etikett. Andrevinen “5” er laga på 80% sangiovese, 10% colorino og 10% mammolo.

Le Boncie “5” 2018

Lys granatraud og transparent. Kjøtfull, sursøt raud frukt stig opp frå glaset. Det luktar heilstøypt, og det er tydeleg at her i Castelnouvo Berardenga er det ei høgre mogning enn ein del andre kommunar. Rein vin, mest frukt. Små hint av urter og rått kjøt. Ganske fyldig og konsentrert sangiovese med fin syre. Mykje kirsebær dansar rundt. Mogne, fine tannin som nok vil bli meir siviliserte med litt lagring. Tørr, pen finish med ein liten bitter snert. 350 kr er ein del pengar, men dette er svært god sangiovese.

Sean

Nokre steinkast unna Montevertine i Radda, ligg garden Tenuta di Carleone, som austerrikaren Karl Egger kjøpte i 2012. I tillegg til skog og oliventre er her 20 hektar vinmark. I 2016 fekk Karl med seg Sean O’Callahan, og gav han frie tøyler. Sean har vinutdanning og røynsle frå Geisenheim, og 26 år som vinmakar hjå Riecine i nabokommunen Gaiole. Vinen Il Guercio er eit prosjekt med stadig endring. Druene kjem frå ei vinmark i Gaiole på 700 meter over havet, noko som inneber veldig lang vekstsesong før druene oppnår rett mogning. Etter hausting vert druene fottrakka, før vidare gjæring på betong. Ein god del heile klasar er med. Etter fire månader maserasjon vert vinen pressa, og totalt får vinen eitt år i betong før tapping. Sean er kritisk til den utstrekte bruken av konsulentar, som i for stor grad skaper for lik vin på alle gardane. Han meiner kvar bonde kjenner eigne vinmarker betre, og burde kunne lage meir spanande vin utan ein konsulent som straumlinjeformar produksjonen.

Tenuta di Carleone Il Guercio 2018

Ung, mørk burgundfarga og transparent. Fersk, syrleg, djup og forførande lukt! Essensen av både søte og sure kirsebær. Litt stilkete og røff på dag ein, meir sødmefull og integrert på dag to. Lekkert grep i munnen, med faste med polerte tanninar. Kirsebærsyrleg vin med reine smakar av raude bær. Ah! Dette er nesten perfeksjon. Så reint og behagelig å drikke. Kan nok utvikle meir kompleksitet med lagring, men teksturmessig er dette heilt konge allereie. Noko av det beste eg har smakt til under 500, denne kostar 485,-. Laga på rein sangiovese og britisk savoir faire. Sean O’Callahan viser her at ein må meistre grunnteknikkane før ein kan starte å improvisere. Eg gler meg til meir vin frå avantgarden i Toscana.

Interessert i å lese meir om Chianti? Her er ei sak frå Heine. Og her skriv eg om skandalar i Montalcino.

Leave a Reply